Trenger du brukerveiledning?
Få svar på ofte stilte spørsmål her (FAQ)
Lovdata kan dessverre ikke svare på spørsmål angående juridiske problemer. Lovdata kan heller ikke bidra med å tolke regelverket eller finne frem til rettsregler som passer i et bestemt tilfelle. Kontakt den offentlige etaten spørsmålet gjelder, eventuelt advokat eller rettshjelper hvis du har behov for slik bistand.
Fant du ikke det du lette etter?
Send en e-post til support@lovdata.no
Lov um prisereglar og prisedomstolar
Jf. tidlegare prov. anordn. 18 og 22 apr 1940.
Kapitel I. Prisereglar.
§ 1.
Når eit skip er god prise skal prisedomstolen døma at det er forbrote til staten.
Eit skip som er handelsskip og som høyrer heime i fiendestat er god prise kva fart det so gjeng i.
Eit skip som er handelsskip og som høyrer heime i nøytral stat er ikkje god prise utan det
§ 2.
Krigskontrabande er:
§ 3.
Når last umbord på skip er god prise skal prisedomstolen døma at ho er forbroti til staten.
Last umbord på skip er god prise soframt ho er fiendeeige, likevel so at fiendelast på nøytralt skip ikkje kan prisedømast utan det er i samsvar med millomfolkeleg skikk og bruk.
Last som er nøytral eige er god prise soframt skipet har brote eller freista bryta slik blokade som er nemnt i § 1 a eller er krigskontrabande.
🔗Del paragraf§ 4.
Departementet som har med det å gjera, avgjer um offiserar og mannskap på skipet som tok prisa, skal få part i den vinning som fell på staten.
🔗Del paragrafKapitel II. Rettargangsreglar o.a.
§ 5.
Når ei prise er teki, skal dei militære styremaktene som har med det, utan drygjing få sak reist for prisedomstol.
🔗Del paragraf§ 6.
Prisedomstol er i fyrste instans tingretten.
§ 7.
Prisesak skal reisast på den staden prisa er ført inn til, eller der skipet eller godset som saki gjeld, er på den tid sak vert reist.
🔗Del paragraf§ 8.
For sakfyrehavinga gjeld reglane i tvisteloven, med dei avvik som er fastsett i denne lov.
§ 9.
Statsforvaltaren avgjer kven som skal føra saki for staten, anten ein advokat eller ein embetsmann i påtalemakti.
Møter ikkje motparten, nemner retten upp ein sakførar for han.
§ 10.
Tilsegjing og melding til ein part som ikkje har kjend tilhaldstad her i riket, skal gjevast på den måten som retten meiner er forsvarleg etter tilhøvi i det einskilde tilfellet. Det same gjeld når det er uråd å nå parten på vanleg måte.
🔗Del paragraf§ 11.
Ei prisesak skal domstolen fremja fyrst det er råd. Rettsferi gjeld ikkje. Mekling i forliksråd skal det ikkje vera.
§ 12.
Skip og last skal liggja tryggt forvart til det er sagt endeleg dom i saki dersom departementet som har med det, ikkje fastset noko anna i serhøve.
Det som er fastsett i fyrste leden stengjer ikkje for at skip og last vert oreigna etter dei reglane som gjeld for norsk eigedom.
Last som ikkje toler liggja, kan retten taka ved skal seljast gjennom namsmyndigheten etter reglane om tvangssal så langt dei høver eller på annen forsvarleg måte. Bestemmelsene i tvangsfullbyrdelseslova § 8-16 fyrste leden gjelder ikkje i dette høvet. Like eins kan domstolen taka ved etter at den militære styremakt som har med det å gjera, har sagt si meining, at skip eller last skal seljast, so framt domarane meiner det er fåre for at fienden kan få tak i eller få høve til å øydeleggja skipet eller lasti.
Reglane i fyrre leden gjeld sameleis når eigaren ikkje hentar skip eller last som er frigjevne i endeleg dom. I slike høve kan skip og last like eins seljast soframt eigaren ikkje har henta dei innan rimeleg tid etter frigjevinga.
§ 13.
Når skip eller last vert oreigna eller selde etter reglane i § 12 andre til fjorde leden, skal retten setja salssumen inn i Noregs Bank eller um det ikkje let seg gjera, setja pengane fast på annan måte etter beste skyn. Er salet gjort under saki, skal den som har rett til pengane få dei når det er sagt endeleg dom.
Kapitel III. Yvergangs- og innføringsreglar.
§ 14.
– – –
🔗Del paragraf§ 15.
Denne lovi tek til å gjelda straks.
🔗Del paragraf