Melding om oppheving av mellombels forskrift 20. november 2020 nr. 2447 om klagenemnd for handsaming av klager over Koronakommisjonen sine avgjerder etter offentleglova

Kommisjonen leverte sin andre rapport 26. april 2022 og avslutta med det arbeidet sitt. Så langt departementet er kjent med, finst det ingen avgjerder frå klagenemnda etter 31. mars 2021, jf. oversikta på nettsidene til Koronakommisjonen. Dokumentmaterialet til Koronakommisjonen vart avlevert til Arkivverket kort tid etter at kommisjonen hadde avslutta arbeidet sitt. Forskrifta vart difor oppheva våren 2022.

Heimel: Melding frå Justis- og beredskapsdepartementet 2. desember 2025, jf. mellombels forskrift 20. november 2020 nr. 2447 om klagenemnd for handsaming av klager over Koronakommisjonen sine avgjerder etter offentleglova § 3 andre ledd.
Mellombels forskrift 20. november 2020 nr. 2447 om klagenemnd for handsaming av klager over Koronakommisjonen sine avgjerder etter offentleglova skal § 3 andre ledd bli oppheva når Koronakommisjonen har avslutta arbeidet sitt, klagenemnda har handsama alle klager som nemnt i § 1 som er fremja innan klagefristen, og Koronakommisjonen sitt dokumentmateriale er avlevert til Arkivverket.