Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg, Bjørnafjorden kommune, Vestland

DatoFOR-2020-05-13-1254
Ikrafttredelse23.07.2020
Gjelder forBjørnafjorden kommune, Vestland
HjemmelLOV-1981-03-13-6, FOR-2004-06-01-931-§12-6
Kunngjort22.06.2020   kl. 16.40
KorttittelForskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg, Bjørnafjorden

Heimel: Fastsett av Bjørnafjorden kommunestyre 13. mai 2020 med heimel i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 12-6, jf. lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven).



§ 1.Formål

Kommunen er lokal forureiningsmynde. Forskrifta skal forenkle kommunen si saksbehandling i forbindelse med utslepp frå mindre avløpsanlegg, fastsette eigne krav til avløpsløysingar slik at omsynet til resipient, drikkevassanlegg og brukarinteresser blir ivaretatt.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustad, fritidsbustad og annan bygning med innlagt vatn i Bjørnafjorden kommune, kor utsleppet ikkje overstig 50 pe, jf. forureiningsforskrifta § 12-1.

For anlegg som berre slepp ut gråvatn, gjeld forskrifta berre dersom det er innlagt vatn.

§ 3 til § 15 i denne forskrifta erstattar krava i forureiningsforskrifta § 12-7 til § 12-13. Elles gjeld § 12-1 til § 12-6 og § 12-14 til § 12-17 i forureiningsforskrifta.

§ 3.Definisjonar

a.Avløpsvatn: både sanitært og industrielt avløpsvatn og overvatn.
b.Sanitært avløpsvatn: avløpsvatn som i hovudsak skriv seg frå menneske sitt stoffskifte og frå hushaldsaktivitetar, medrekna avløpsvatn frå vassklosett, kjøkken, bad, vaskerom eller liknande.
c.Svartvatn: avløpsvatn frå vassklosett.
d.Gråvatn: avløpsvatn frå hushaldsaktivitetar som ikkje inneheld klosettavløp. Gråvatn inkluderer vatn frå kjøkken, bad, vaskerom eller liknande.
e.Overvatn: overflateavrenning (regn, smeltevatn) frå gardsplassar, gater, takflater osb. som blir avleidd på overflata.
f.Innlagt vatn: vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg eller liknande som er ført innadørs gjennom røyr eller slange. Med innlagt vatn meiner ein òg innvendig røyropplegg som blir forsynt av vatn frå tank eller liknande (innvendig eller utvendig), og som blir leidd ut av bygningen til grunn eller oppsamlingstank.
g.Avløpsanlegg: eitkvart anlegg for handtering av avløpsvatn som består av ein eller fleire av følgande hovudkomponentar: avløpsnett, reinseanlegg og utsleppsanordning.
h.Avløpsnett: eit transportsystem som samlar opp og fører avløpsvatn frå bustad eller andre bygningar med innlagt vatn.
i.Personekvivalent (pe): den mengda organisk stoff som blir brote ned biologisk med eit biokjemisk oksygenforbruk målt over fem døgn, BOF5, på 60 g oksygen per døgn.
j.BOF5: biokjemisk oksygenforbruk, dette er eit mål på innhald av organisk stoff i vatn.
k.Tot-P: total fosfor.
l.TKB: termotolerante koliforme bakteriar.
m.Resipient: vassførekomst som mottar utsleppsvatn frå avløpsanlegg. Resipient for infiltrasjonsanlegg er grunnvatn. Resipient for alle andre typar anlegg er overflatevatn (bekk, elv, sjø, innsjø, tjørn).
n.ADK-sertifisert: den som har ADK-sertifikat har gjennomført opplæring og eksamen i praktisk røyrlegging i grøfter, koplingar til eksisterande leidningar, sikkerheits- og miljøkrav for arbeid i grøfter og kummar, og prosjektering og leiing av mindre jordreinseanlegg.
o.Utslepp: som utslepp blir òg rekna avløp ført til tett tank.
p.Nøytral fagkyndig: tyder her ein person med relevant hydrogeologisk og avløpsteknisk kompetanse som kan gjere vurderingar av stadlege forhold og gi nøytral anbefaling om val av avløpsløysing uavhengig av bindingar til teknologi og utstyr.
q.Minikum: spesiell kumtype med stigerør. Ikkje beregna for nedstigning, men gir mulegheit til å føre ned utstyr for inspeksjon og stkaing/spyling. Har standard kumlokk på overflata. Stigerørets dimensjon kan veriere frå kum til kum.
r.Soneinndeling: delområde med særskilte krav til utsleppskonsentrasjonar/reinseeffekt.
s.Røyrleggarmelding: søknad for tilkopling av offentleg/privat vatn eller avløp til eit bygg.
t.Utsleppsløyve: godkjenning frå forureiningsmynde til å sleppe ut reinsa sanitærvatn, eller oppretting av lukka avløpsanlegg.
u.Anlegget: vald reinseløysing. Reinseløysinga skal vere vald ut frå sonekrava og tal på pe som skal vere påkopla anlegget, både noverande og framtidig.

Sonekart ligg i vedlegg 1 og 2.

§ 4.Krav til søknad om utslepp

Det skal søkast om utsleppsløyve når det skal etablerast nye utslepp, når det skjer ei vesentleg auke av eksisterande utslepp eller ei vesentleg endring av avløpsanlegget. Bruk søknadsskjemaet på Bjørnafjorden kommune si heimeside.

Søknad om utslepp skal innehalde følgande:

-Dokumentasjon på at planlagt avløpsløysing støttar krava til reinsing i den aktuelle sona. Det må her ligge ved dokumentasjon for reinseeffekten den valde reinsemetoden oppnår.
-Gjenpart av nabovarsel eller skriftleg stadfesting av at naboar og gjenbuarar ikkje har merknadar til meldinga.
-Storleiken på utsleppet, målt i pe, jf. § 3 bokstav i.
-Erklæring av ansvarsrett for prosjektering, utføring og kontroll av utføring.
-Kart som viser plassering av anlegg og utsleppsstad i M 1:5000 og detaljkart i 1:2000.
-Skjema «søknad om utslepp» skal nyttast.
-Namn og adresse til søkar.

Vanleg behandlingstid på søknaden er seks veker frå kommunen har mottatt all dokumentasjon.

§ 5.Krav til utslepp for Bjørnafjorden kommune

§ 5-1.

Sone X: Drikkevasskjelde/Reserve drikkevasskjelde

Innanfor denne sona kan det ikkje godkjennast nye utslepp frå mindre avløpsanlegg.

Sona er beskytta fordi det er ei drikkevasskjelde. Dette er ei særleg sårbar sone for forureining, og det er stor brukarinteresse for vatnet.

Det kan ved særskilde hendingar godkjennast etablering av mindre avløpsanlegg i sone X, men utsleppet skal skje utanfor sona. Avløp må bli ført i heilsveiste røyr frå bustad til eit godkjent utslepp utanfor sone X. Utsleppet må prosjekterast på ein slik måte at det ikkje oppstår fare for forureining av drikkevasskjelda.

Særskilde hendingar kan vere:

-Stadbunden næring
-Gjenoppbygging etter brann eller liknande
-Rehabilitering av eldre bustad eller avløpsanlegg
-Bruksendring frå fritids- til heilårsbustad.

§ 5-2.

Sone X: Drikkevasskjelde/Reservevasskjelde

Sone 1: Oselva

Sone 2: Indre Drangsvågen

Sone 3: Nedslagsfeltet til Hauglandsosen og Innerøya

Sone 4: Nedslagsfeltet til Strønebekken/del av Nordstrøno

Sone 5: Vargavågen

Sone 6: Skeisosen

Sone 7: Hegglandsdalen

Sone 8: Gåssand/Hatleli

Sone 9: Indre Lysefjorden

Sone 10: Holmefjord/Kalven

Sone 11: Eikelandsosen

Sone 12: Sævareidvassdraget

Sone 13: Sævareid

Sone 14: Femanger

Sone 15: Lygrepollen

Sone 16: Håvika.

I desse sonene gjeld krava:

Utløpsvatnet skal ikkje overstige følgande konsentrasjonar, rekna som årleg middelverdi:

Parameter:Maksimum utsleppskonsentrasjon
Tot-P<1,0 mg/l (svarar til ein reinseeffekt på >90 %)
BOF5<25 mg/l (svarar til ein reinseffekt på >90 %)

For reinseanlegg som er basert på minireinseanlegg skal avløpet reinsast via prefabrikkert biologisk/kjemisk minireinseanlegg før utslepp gjennom tett leidning til vassdrag eller godkjent etterpolering.

Minireinseanlegg skal ha dokumentasjon på at anlegget tilfredsstiller NS-EN 12566-3. Dokumentasjon for prøvetakingsprosedyre og behandlingseffekt skal vere etter denne standarden.

For reinseanlegg basert på infiltrasjon i stadlege lausmassar (infiltrasjonsanlegg), skal det utførast grunnundersøkingar for å dokumentere følgande forhold.

-Infiltrasjonskapasitet
-Hydraulisk kapasitet
-Lausmassane sine eigenskapar som reinsemedium
-Risiko for forureining av lokale drikkevasskjelder (f.eks. brønn)
-Avstand til drikkevasskjelder, overflatevatn. Leidningstrasear og grunnvatn/fjell/tette lag.

Dokumentasjon av infiltrasjonsanlegg skal utarbeidast av nøytral fagkyndig med hydrologisk/jordfagleg kompetanse. Nøytral fagkyndig tyder her person eller firma som kan vise til relevant utdanning, anerkjente kurs og praksis for å kunne dimensjonere og utforme slike anlegg.

Ved etablering av infiltrasjonsanlegg er det krav om at det blir sett ned ein prøvetakingskum i infiltrasjonsarealet for å kunne sikre at anlegget møter reinsekrava. Denne kummen blir brukt til å føre tilsyn med anlegget.

Alternativ reinseløysing må prosjekterast og dokumenterast i forhold til reinsekrava.

§ 6.Utanfor sone

For andre område som ikkje er nemnd særskilt i lokal forskrift, gjeld følgande:

Sanitært avløpsvatn med utslepp til lite sårbar resipient skal reinsast med godkjent reinseløysning som består krava til reinsegrad:

Parameter:Maksimum utsleppskonsentrasjon
Suspendert stoff (SS)180 mg SS/l (svarer til ein reinseeffekt på 20 %)

Maksimal utsleppskonsentrasjon skal utreknast som årleg middelverdi.

Slamtømming for vald reinseløysing skal tømmast etter behov og ikkje sjeldnare enn kvart andre år for bustader og kvart fjerde år frå fritidsbustader. Bjørnafjorden kommune har tvungen kommunal tømming av slamavskiljarar.

Slamavskiljar skal vere typegodkjent og vere i samsvar med VA/Miljøblad nr. 48 og NS-EN 12566-1.

Det er eit krav at ansvarshavande for etablering og kontroll av etableringa skal vere godkjent før arbeid med avløpsanlegg etter denne paragrafen blir starta opp.

Føretak som planlegg, prosjekterer eller etablerer avløpsanlegg omfatta av denne forskrifta skal vere godkjent i aktuelle godkjenningsområde og -klassar i samsvar med plan- og bygningslova. Dette gjeld både for søknad, prosjektering, utføring og kontroll.

§ 7.Dimensjonering av slamavskiljar til fleire bygg

Ved felles slamavskiljar til fleire bustader, fritidsbustader eller andre bygg skal dimensjonen til slamavskiljaren aukast.

Tabellen viser totalt minste våtvolum slamavskiljaren må ha.

Type1. bygg2. bygg3. bygg4. bygg
Bustad med tømming kvart 2. år4 m​37 m​39 m​312 m​3
Fritidsbustad med tømming kvart 4. år4 m​37 m​39 m​312 m​3
Annan bygning med tømming kvart 4. år2 m​34 m​36 m​38 m​3

Dimensjoneringa skal skje i samsvar med VA/Miljøblad nr. 48.

§ 8.Krav til drift og vedlikehald

Eigar av anlegget er ansvarleg for at anlegget blir drive og vedlikehalde slik at alle krav blir følgt. Ved bruk av reinseløysingar som inkluderer komponentar som krev sporadisk ettersyn og vedlikehald, skal anleggseigar inngå service/vedlikehaldsavtalar med godkjente føretak.

Godkjente føretak kan vere leverandørar/produsentar av reinseløysingar, eller anna kvalifisert føretak. Inntil nasjonal godkjenningsordning for service/vedlikehaldsføretak føreligg, er leverandørar/produsentar å rekne som kvalifisert føretak. Alle godkjende føretak skal ha ein skriftleg avtale med kommunen. Som grunnlag for å oppnå avtale med kommunen skal føretaket dokumentere internt opplegg for opplæring av service/vedlikehaldspersonell.

Dersom eit godkjent føretak er konkurs, eller det blir brakt til opphøyr av ei anna årsak, pliktar anleggseigar å inngå avtalar med eit anna godkjent føretak.

Service/vedlikehald skal minimum utførast med følgande tidsintervall:

- Minireinseanlegg:2 gonger pr. år
- Tett tank:1 gong pr. år
- Infiltrasjonsanlegg:1 gong pr. 3 år
- Slamavskiljar:1 gong pr. 10 år
- Utsleppsleidning:1 gong pr. 10 år

Ved service av slamavskiljar skal dette samkøyrast med slamtømming. Røyrleggar må undersøke tilstanden på slamavskiljaren når han er tom. Rapport skal sendast til Tekniske tenester i kommunen.

Ved service av utsleppsleidning skal heile leidninga tv-køyrast. Rapport og video skal sendast til Tekniske tenester i kommunen.

Service/vedlikehaldsføretak av minireinseanlegg skal sende årsrapport for alle anlegg til kommunen innan 1. februar følgande år. Anleggseigar skal ha kopi av servicerapport ved utført service. På førespurnad frå kommunen pliktar også service-/vedlikehaldsføretaket å legge fram kopi av servicerapporten.

For avløpsanlegg med infiltrasjon i grunnen skal det gjennomførast ei tilstandsvurdering av infiltreringsgrunnen ein gong kvart tredje år.

Slamavskiljarar skal tømmast i samsvar med kommunal tømmeordning. Bjørnafjorden kommune har tvungen kommunal tømming av slam.

Minireinseanlegg skal tømmast i samsvar med kommunal tømmeordning, eller i samsvar med retningslinjer frå leverandøren.

Felles private avløpsanlegg: For alle felles private avløpsanlegg, felles utsleppsleidningar og ved utviding av eksisterande fellesanlegg, vil kommunen krevje at det blir inngått ein skriftleg avtale mellom eigarane og brukarane av anlegget.

§ 9.Avløpsnett

Innanfor alle soner i Bjørnafjorden kommune gjeld følgande:

Avløpsnettet skal, utan at det medfører særlege store kostnader, dimensjonerast, byggast og vedlikehaldast med utgangspunkt i det beste av teknologi og fagkunnskap, særleg i høve til:

a.mengd avløpsvatn og eigenskapane til avløpsvatnet
b.førebygging av lekkasjar
c.avgrensing av forureining av resipienten som følge av overløp.

Utsleppsstad for avløpsvatn frå reinseanlegg skal lokaliserast i samsvar med følgande alternativ:

a.Utslepp i tett leidning til 10 meter djupn i sjø/fjord/elv
b.Utslepp til godkjent etterpolering i grunn.

Utsleppsstad for avløpsvatn frå avløpsanlegg skal elles lokaliserast og utformast slik at verknadane av utsleppet på resipienten og inngrep i naturen blir minst mogeleg, samt at ein unngår konflikt med andre interesser. I enkeltsaker kan det settast krav utover minimumskrav, etter vurdering av lokale forhold.

§ 10.Lukt

Innanfor alle soner i Bjørnafjorden kommune gjeld følgande:

Avløpsnettet skal byggast, drivast og haldast ved like på ein slik måte at omgjevnadene ikkje blir utsett for sjenerande lukt.

§ 11.Krav til kompetanse

Den som utfører grunnundersøking og/eller prosjektering av avløpsanlegg skal ha tilstrekkeleg hydrogeologisk kompetanse. Kravet til kompetanse vil variere ut frå lokale tilhøve der avløpsanlegget skal etablerast. Grunnforholda i området, ev. krav til vurdering av området og vurdering av resipient, vil vere avgjerande i vurderinga av krav til kompetanse.

Føretak som prosjekterer og/eller utfører avløpsanlegg skal vere godkjent i aktuelle godkjenningsområde i samsvar med plan- og bygningslova.

Med føretak meiner ein her firma med dokumentert kompetanse innanfor vatn og avløp. Verksemda må vere registrert i Brønnøysundregisteret.

§ 12.Tilsyn av anlegga

Kommunen er forureiningsmynde, og fører tilsyn etter føresegner og vedtak fatta i medhald av forureiningsforskrifta kapittel 12. Kommunen pliktar å årleg rapportere nødvendige opplysningar om mindre avløpsanlegg og utslepp frå desse på KOSTRA-skjema 26A.

For minireinseanlegg er det eit krav at serviceavtale med leverandør blir oppretta, og at all service på desse anlegga blir utført av representant for leverandøren. Liste over utført service for dei forskjellige anlegga skal sendast til kommunen.

Eigar av anlegget er ansvarleg for at anlegget blir drive og vedlikehalde slik at krava i denne forskrifta blir følgt.

Ved etablering av infiltrasjonsanlegg må det settast ned ein prøvetakingskum. Kummen vil bli brukt når det blir ført tilsyn på anlegget.

Ved etablering av tett leidning frå avløpsanlegg til resipient skal det settast ned ein minikum med sandfang etter avløpsanlegget. Kummen vil bli brukt når det blir ført tilsyn på anlegget.

For alle anlegg godkjent i medhald av denne forskrifta skal det føreligge ei godkjent ferdigmelding. Tekniske tenester gir ferdigmelding når innsendt dokumentasjon av etableringa av anlegget er godkjent.

§ 13.Generell informasjon

Etter godkjent utsleppsløyve skal det søkast om godkjent røyrleggarmelding, denne må sendast inn av godkjent røyrleggjarfirma. Når røyrleggarmeldinga er godkjent av kommunen, kan etableringa av anlegget begynne.

Kommunen kan i medhald av § 18 i forureiningslova oppheve eller endre vilkår i løyvet og om nødvendig trekke løyvet tilbake. Dette gjeld dersom skaden eller ulempe ved forureininga blir vesentleg større enn det som var venta då løyvet blei gitt.

Når offentleg avløpsleidning går over eigedomen, i veg som støyter til han eller i nærliggande avstand til bustaden, gjeld krav om tilknyting til kommunalt avløpsnett, jf. plan- og bygningslova § 27-2 Avløp.

§ 14.Klageinstans

Einskildvedtak treft i medhald av denne forskrifta, av forvaltningsorgan oppretta med heimel i kommunelova, kan påklagast til kommunestyret eller særskild klagenemnd, jf. forvaltningslova § 28 andre ledd. For enkeltvedtak fatta av kommunestyret, er Fylkesmannen klageinstans.

§ 15.Oppheving av lokale forskrifter

Lokale forskrifter for utslepp av sanitært avløpsvatn brukt før 15. mai 2020 blir oppheva.

Vedlegg - Utsleppsoner

pdf-ikon Utsleppsoner-1

pdf-ikon Utsleppsoner-1