Lov om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap.

DatoLOV-1994-06-24-45
DepartementSamferdselsdepartementet
Ikrafttredelse01.11.1994
Sist endretTatt ut NL 2014, LOV-1999-09-24-75 fra LOV-1999-10-18
KorttittelLov om Televerket AS

§ 1.Føremål

Føremålet med denne lova er å regulere forholdet til aksjelovgivinga,​1 eigarforholdet til aksjane og visse overgangsspørsmål i samband med omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap.

1Sjå § 2.

§ 2.Forholdet til aksjelovgivinga

Lovgivinga om aksjeselskap​1 gjeld for aksjeselskapet dersom ikkje anna følgjer av lova her.

1Jf. asl. og asal.

§ 3.(Oppheva)

0Oppheva med lov 24 sep 1999 nr. 75.

§ 4.Overføring av offentlege rettar m.v.

Offentlege rettar, konsesjonar, løyve m.v. som gjeld for forvaltningsbedrifta Televerket blir frå omdanningstidspunktet overført til aksjeselskapet.

Omregistrering i grunnbok​1 og andre offentlege register i samband med omdanninga skjer ved namneendring.

1Jf. lov 7 juni 1935 nr. 2.

§ 5.Overføring av skyldnader

Overføring til aksjeselskapet av skyldnader knytt til forvaltningsbedrifta Televerket har frigjerande verknad for staten.

Kravshavarar og andre rettshavarar kan ikkje motsetje seg overføringa eller gjere gjeldande at den utgjer ein bortfallsgrunn for rettsforholdet.

§ 6.(Oppheva)

0Oppheva med lov 24 sep 1999 nr. 75.

§ 7.Iverksetting

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.​1

1Frå 1 nov 1994, etter res. 24 juni 1994 nr. 511.
1Frå 1 nov 1994, etter res. 24 juni 1994 nr. 511.

§ 8.Endring i andre lover

Frå den tid lova tek til å gjelde, skal desse føresegnene i andre lover endrast slik: – – –