Norsk Lovtidend logo

Lov om endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)

DatoLOV-2016-10-21-82
DepartementKommunal- og moderniseringsdepartementet
PublisertI 2016 hefte 14 s 2175
IkrafttredelseKongen fastset
EndrerLOV-2012-08-24-64
Kunngjort21.10.2016   kl. 14.25
Journalnr2016-1014
KorttittelEndringslov til bustøttelova

Prop.137 L (2015–2016), Innst.20 L (2016–2017), Lovvedtak 1 (2016–2017). Stortingets første og andre gongs behandling hv. 13. og 18. oktober 2016. Fremja av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Endringar i følgjande lov:

Lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte (bustøttelova).

I

I lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte skal § 5 lyde:

§ 5.Krav til bustaden

Vilkår for å få rett til bustøtte er at bustaden

a)er godkjend som bustad
b)er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang
c)har eige bad og toalett og gjev høve til matlaging, og
d)gjev høve til kvile.

Personar som av helse- eller sosialfaglege årsaker bur i eit bufellesskap utan å høyre til same husstand, kan få bustøtte på individuelt grunnlag dersom kommunen godkjenner at bustaden er eigna. Kommunen kan i vurderinga av om bustaden er eigna gjere unntak frå kvalitetskravet i første ledd bokstav b. Kommunen kan også gjere unntak frå krava i bokstav c dersom funksjonane som er nemnde der, er del av bufellesskapet elles.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.