Norsk Lovtidend logo

Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning

DatoFOR-2021-12-01-3391
DepartementKunnskapsdepartementet
Ikrafttredelse01.01.2022
EndrerFOR-2017-01-06-13
HjemmelLOV-2005-04-01-15-§3-6, LOV-2005-04-01-15-§3-7, LOV-2005-04-01-15-§4-9
Kunngjort07.12.2021   kl. 14.40
Journalnr2021-1948
KorttittelEndr. i forskrift om opptak til høgare utdanning

Hjemmel: Fastsatt av Kunnskapsdepartementet 1. desember 2021 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 3-6, § 3-7 og § 4-9.

I

I forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning er det gjort følgjande endringar: 

§ 2-2 andre ledd nr. 4 skal lyde:

4.Skriftleg og munnleg test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), begge vurdert til «bestått» eller betre resultat. 

§ 3-1 første ledd skal lyde:

(1) Søkjarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret, og som ikkje har generell studiekompetanse, har krav på å få vurdert om dei er kvalifiserte for eit bestemt studium på grunnlag av realkompetanse. Denne føresegna gjeld ikkje for søkjarar som er kvalifiserte for opptak til dette bestemte studiet etter andre føresegner, jf. § 3-2 til § 3-12. 

§ 3-4 skal lyde:

§ 3-4.Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til enkelte arkitekturfag og tekniske fag

Desse studia er unnatekne frå kravet om generell studiekompetanse:

a.Integrert masterstudium i teknologiske fag, 3-årig ingeniørutdanning og maritime fag har unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014.
b.Arkitektutdanning ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som har bestått 2-årig fagskuleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999. 

§ 3-5 første ledd skal lyde:

(1) Samisk semesteremne og samisk nybegynnarkurs. Unntak frå kravet om generell studiekompetanse og spesielle opptakskrav fastsette under § 4-10 andre ledd gjeld for søkjarar som har samisk tilknyting, etter nærmare reglar fastsette av institusjonen. 

§ 3-10 skal lyde:

§ 3-10.Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til matteknologi

Matteknologiutdanning har unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014, eller 1-årig tilpassingskurs. 

§ 3-12 skal lyde:

§ 3-12.Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til nautikk ved UiT Norges arktiske universitet

Nautikkutdanning har unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014. 

§ 4-2 første, andre og fjerde ledd skal lyde:

(1) Medisin, odontologi, ernæring og farmasi (profesjonsstudium og integrerte masterprogram) har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2), fysikk 1 og kjemi (1 + 2).
(2) Bioingeniørutdanning har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og enten fysikk 1 eller biologi 1 eller kjemi 1.
(4) Farmasi (bachelor) har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og kjemi 1 og enten fysikk 1 eller biologi 1 eller kjemi 2. 

§ 4-3 skal lyde:

§ 4-3.Spesielle opptakskrav til informatikk, realfag, natur- og miljøfag

(1) Informatikkutdanning har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2). Om opptak til Universitetet i Oslo sjå òg andre ledd.
(2) Informatikk: robotikk og intelligente system ved Universitetet i Oslo har krav om matematikk (R1 + R2) og i tillegg fysikk (1 + 2) eller kjemi (1 + 2) eller biologi (1 + 2) eller informasjonsteknologi (1 + 2) eller geofag (1 + 2) eller teknologi og forskingslære (1 + 2).
(3) Realfag, natur- og miljøfag har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og enten matematikk R2 eller fysikk (1 + 2) eller kjemi (1 + 2) eller biologi (1 + 2) eller informasjonsteknologi (1 + 2) eller geofag (1 + 2) eller teknologi og forskingslære (1 + 2). Sjå òg fjerde ledd.
(4) For studium innan Realfag, natur- og miljøfag kan institusjonane sjølv òg fastsetje krav om matematikk (R1 + R2) og i tillegg fysikk (1 + 2) eller kjemi (1 + 2) eller biologi (1 + 2) eller informasjonsteknologi (1+ 2) eller geofag (1 + 2) eller teknologi og forskingslære (1 + 2). 

§ 4-4 fjerde ledd bokstav c skal lyde:

c.For søkjarar som blir tekne opp til treterminordning, gjeld ikkje det spesielle opptakskravet i matematikk og fysikk som er fastsett her. 

§ 4-5 første og femte ledd skal lyde:

(1) Integrerte masterstudium i økonomisk-administrative fag, i økonomi og leiing, og i samfunnsøkonomi har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2).
(5) Bachelor of Data Science for Business ved Handelshøyskolen BI har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2). 

§ 4-7 andre ledd skal lyde:

(2) Grunnskulelærarutdanning og 5-årig lektorutdanning med realfag, miljø- og naturfag har krav om at søkjarar må dokumentere minimum 35 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og i tillegg kravet som er fastsett for realfag, miljø- og naturfag i § 4-3 tredje eller fjerde ledd. 

§ 4-8 fjerde og femte ledd skal lyde:

(4) Dei engelskspråklege bachelorprogramma Bachelors programme in Arctic Adventure Tourism og Bachelors programme in Northern Studies ved UiT – Noregs arktiske universitet har krav om at søkjarar må dokumentere minimum karakteren 4,0 i fellesfaget engelsk (140 timar). Karakterkravet i engelsk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i engelsk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.
(5) Engelskspråkleg bachelorstudium ved Handelshøyskolen BI har krav om at søkjarar må dokumentere minimum karakteren 4,0 i fellesfaget engelsk (140 timar). Karakterkravet i engelsk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i engelsk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande. 

§ 4-9 bokstav k skal lyde, og ny bokstav o og p skal lyde:

k.Bachelor i dansekunst ved Høyskolen Kristiania
o.Årsstudium i instrumentmaking ved Universitetet i Søraust-Noreg
p.Bachelor i teater og drama ved Høgskulen i Volda. 

§ 4-10 fjerde ledd skal lyde:

(4) Paramedicutdanning (årsstudium) har krav om fagbrev som ambulansepersonell eller relevant høgare utdanning. 

§ 4-10 ellevte ledd bokstav a skal lyde:

a.Følgjande studium ved OsloMet – storbyuniversitetet
-Fotojournalistutdanning
-Produktdesignutdanning
-Bachelor i tolking i offentleg sektor
-Bachelor i teiknspråk og tolking 

§ 5-1 andre ledd skal lyde:

(2) Opptaksorganet kan gi opptak på visse vilkår der den vidaregåande skulen har stadfesta på søkjarens kompetansebevis at manglande eksamen har si årsak i spesielle omstende, jf. forskrift til opplæringslova § 3-32. 

§ 7-1 femte ledd skal lyde:

(5) Når alle kvalifiserte søkjarar som har søkt innan ordinær søknadsfrist har fått tilbod om plass på eit studium, kan lærestadane lyse ut studiet på nytt med ledige studieplassar. Kvalifiserte søkjarar kan få tilbod om opptak til ledige studieplassar utan omsyn til reglane om rangering i kapittel sju. 

§ 7-1 nytt sjette ledd skal lyde:

(6) Ti dagar etter studiestart kan kvar institusjon, dersom det har vist seg umogleg å innkalle søkjarar i samsvar med rangeringslister, tilby ledige studieplassar til kvalifiserte søkjarar utan omsyn til rangeringa elles. 

§ 7-11 første ledd skal lyde:

(1) Det blir gitt 2 tilleggspoeng for enten eit fullført studium eller samla 60 studiepoeng ved universitet eller høgskule eller 60 fagskulepoeng/studiepoeng frå fagskule, eitt år på ein folkehøgskule med godkjend skuledokumentasjon eller fullført militær førstegongsteneste eller sivilteneste. 

§ 7-12 andre ledd skal lyde:

(2) I vurderinga skal det takast omsyn til om søkjaren har eit opptaksgrunnlag og ein fagsamansetnad som er likeverdig med det som gir grunnlag for tilleggspoeng for realfag/framandspråk for søkjarar som kan poengbereknast og andre poeng etter dette kapittelet. 

§ 9-1 første, tredje og ellevte ledd skal lyde:

(1) Generell studiekompetanse har søkjarar som i samsvar med Reform 94 har bestått 3-årig vidaregåande opplæring med grunnkurs, VKI og VKII, eller som har bestått fagopplæring med fagbrev/sveinebrev eller er 23/5-søkjarar, og som har desse faga, bestått med karakteren 2 eller betre, frå vidaregåande opplæring (Reform 94):
-norsk (14)
-engelsk (5)
-matematikk (5)
-naturfag (5)
-samfunnsfag (6), som omfattar nyare historie (4) og samfunnslære (2).

Faga er oppgitt med gjennomsnittleg veketimetal i parentes.

(3) Søkjarar som har bestått 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999, oppfyller krava til generell studiekompetanse. Søkjarar med bestått 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999, eller 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskuleutdanning har unntak frå kravet om generell studiekompetanse ved opptak til utdanningar som nemnt i § 3-4, § 3-10 og § 3-12.
(11) Skriftleg og munnleg test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten») avlagt før hausten 2009, med minimum 450 poeng på skriftleg del og 500 poeng på munnleg del, fyller krava til dokumentasjon på kunnskapar i norsk etter § 2-2 andre ledd.

II

Endringane trer i kraft 1. januar 2022.