Marinbiologen, Hartvig Christie kikkar utover Skagerak. Det er ein nydeleg dag på overflata med sol og blikstille vatn.
Men...
Under overflata er det ikkje like idyllisk. Her er naturen i ferd med å kvelast.
Hartvig Christie
Marinbiolog ved NIVA
Christie har dykka langs norskekysten og i fjordar sidan 1969.
Verda under vatn har forandra seg seier han.
– Eg har jo sett veldig mykje fin tareskog, altså både stortare ytst på kysten og sukkertare innover i skjærgården og fjordane. Og fantastisk mykje liv. Så det har vore ein veldig stor forandring når denne lurven kjem og nokon stader tar den helt knekken på dei plantene som har vore der før.

Marinbiolog, Harvig Christie på veg ut for å sjå på tilstanden til Skagerak.
Foto: Håkon Lie / NRKFor det er lurven som marinbiologen i NIVA er bekymra for. Dei grøne, slimete og ekle algane som breier om seg i rekordfart.
Oppdrettsnæringa står for store utslepp
Christie seier at det er fleire faktorar som gjer at det blir meir lurv.
Han peikar på at det blir varmare i vatnet og at økosystema blir endra slik at det blir mindre av smådyra som skal halde lurven i sjakk.
Men det han peikar på som den viktigaste faktoren er, tilføring av næringssalt.
Bilete frå at lurven har teke over norskekysten:
Dyrøy på Frøya (Trøndelag)
Foto: Hartvig Christie / NIVAÅlfjorden i Sunnhordaland. (Rogland/Vestland)
Foto: Hartvig Christie / NIVAValsøy (Trøndelag/Møre og Romsdal)
Foto: Hartvig Christie / NIVATomrefjorden i Romsdalsfjorden (Møre og Romsdal)
Foto: Hartvig Christie / NIVAStamsund i Lofoten. (Nordland). Tildekka grisetang.
Foto: Hartvig Christie / NIVAHåholmen (Møre og Romsdal).
Foto: Hartvig Christie / NIVAMølnarodden (Nordland).
Foto: Hartvig Christie / NIVAHerandsholmen i Hardanger (Vestland).
Foto: Hartvig Christie / NIVANusfjord (Nordland).
Foto: Hartvig Christie / NIVAMidsund (Møre og Romsdal).
Foto: Hartvig Christie / NIVAMellom Stord og Bømlo (Vestland)
Foto: Hartvig Christie / NIVABrekkestrand i Sognefjorden (Vestland).
Foto: Hartvig Christie / NIVAFrisk storetare i Nesland i Lofoten (Nordland).
Foto: Hartvig Christie / NIVA
Det har lenge vore kjent at det er mykje lurv i Oslofjorden som følge av avrenning frå jordbruket og utslepp frå reinseanlegg.
Men nå ser Chrisite og kollegaene at heile norskekysten er ramma.
– Når du kjem rundt Lindesnes og oppover frå Flekkefjord og heile kysten nordover, er det fiskeoppdrett som er den store kjelda. Det er dominerande når det gjeld utslepp av både nitrogen, fosfor og organisk karbon.
Utslepp tilsvarande 40–60 millionar menneske
Han får støtte av professor Espen Lydersen som har rekna på utsleppa.
– Om vi ser på utsleppa av nitrogen og fosfor frå oppdrettsnæringa. Så betyr det eit tilsvarande utslepp på mellom 40 til 60 millionar menneske.
Espen Lydersen
Professor i limnologi ved USN.
Lydersen er også tidlegare etterforskar i økokrim, er med i Redd Villaksen og lokalpolitikar for MDG, med uttalar seg her som professor i limnologi ved USN.
Han meiner det må kome reinsereglar for oppdrettsnæringa også.
– At oppdrettsnæringa, som har eit mykje større utslepp av desse næringsstoffa til norskekysten, går fri. Dei forheld seg ikkje til forureiningslovverk, dei har ikkje noko krav der.
Ikkje samanliknbart
– Me meiner det er urimeleg å samanlikna avføring frå menneske med utslepp av næringssalt frå fisk. Me vil minna om at også villfisk har utslepp, seier Krister Hoaas, Fagsjef politikk og kommunikasjon i Sjømat Noreg.
Han påpeikar at til liks med for landbruket, er det strenge krav til utslepp frå landbaserte setjefisk- og matfiskanlegg, og dessutan frå slakteria.
– I tillegg er det oppsamling av slam frå dei relativt få lukka og semilukka anlegga som er i drift. Når det gjeld reglar for utslepp frå opne anlegg, er det ifølgje Havforskingsinstituttets årlege risikoanalyser ikkje eit generelt problem for kysten og fjordane våre.
– Seinast i fjor haust la Havforskningsinstituttet fram ein rapport for Hardangerfjorden, som slår fast at fjorden fint tåler dagens produksjon.

Krister Hoaas i Sjømat Norge.
Foto: Sjømat Norge– Lukka anlegg ikkje hele løysinga
Forskar Lydersen meiner også at oppdrettsnæringa må komma inn i lukka anlegg.
– Me heiar jo på norsk oppdrettsnæring. Men me må framover satsa på at me får dette i lukka anlegg. Sånn at me kan ta hand om alt slammet
Hoaas seier lukka anlegg er ein del av framtidas havbruksnæring og ein del av løysinga, men meiner det er urealistisk å tru på berre lukka anlegg.
– Det vil krevja fleire gonger dagens kraftforbruk, kraft som er mangelvare og det ikkje er nettkapasitet til i dag, og som vil auka klimaavtrykket. Det vil også krevja fleire landsbasar og dermed større inngrep i strandsona. Det er også langt meir kapitalkrevjande, og i ei tid der skattlegginga av havbruksnæringa er auka drastisk dei siste åra, er investeringskapitalen også avgrensa, seier han.








