HIV-smitta Mary fryktar USAID-frysen vil ta liv

USA har stoppa opp store delar av bistanden sin. Det skaper frykt for folk verda over.

– Eg veit ikkje korleis livet blir.

Mary har berre nokre tablettar igjen. No har det omfattande kuttet hos USAID gjort ho usikker, og ho har fått beskjed frå legesenteret om at ting kan endre seg.

I underkant av 1,4 millionar kenyanarar lever med HIV, og heile 97 prosent av desse får helsehjelp, fortel ein rapport frå i fjor. USAID er heilt sentrale i dette arbeidet, og Mary er blant dei mange som får gratis påfyll av medisinen.

Gjennom 19 år har ho gått til ein lokal klinikk, som er finansiert av det amerikanske bistandsdirektoratet USAID.

I ei av gatene i bydelen Mathare i Nairobi sel ho mango og bananar, men det munnar ikkje til at ho sjølv kan kan betale for helsetenestene ho treng.

Kvinne står bak en fruktbod hvor hun holder en mango i hendene.

Mary livnærer seg av å selje banan og mango.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Men ho tenker ikkje berre på seg sjølv. USAID har til no betalt for HIV-medisinen til 20 millionar personar i heile verda. 500.000 av dei er barn, ifølge The New York Times.

Mary si oppleving er likevel ikkje heilt i harmoni med det som blir kommunisert frå Det kvite hus.

For Trump-administrasjonen verna eigentleg det amerikanske HIV-programmet mot kutta, fordi det er livreddande. Men dette skjedde først etter nokre dagar, og i Kenya har dei øvrige kutta frå USAID ført til at delar av dette arbeidet likevel har stansa opp.

Rapportar om trøbbel i mellomledd

Nokre rapportar fortel om at dei omfattande kutta i USAID har ført til problem i minst eit viktig mellomledd som er mellom Det kvite hus og Mary.

Kenyanske Standard Media skriv at dei som har ansvar for å distribuere HIV-medisin, Mission for Essential Drugs and Supplies (MEDS), har meldt frå om at dei må stanse arbeidet som følger av USAID-kutt.

Og amerikanske Devex melder om at dei har fått innsyn i eit dokument som fortel at den plutselege stansen av USAID har ført til betalingsproblem for MEDS.

Det er få som vil la seg intervjue om USAID-frysen, og seier dei fryktar kva konsekvensane blir. Kjelder NRK har snakka med ved helseklinikkar fortel at dei har medisin for nokre månader, men at det er usikkert kva som vil skje deretter.

Og det er dette også Mary har fått høyre, som gjer til at ho fryktar for konsekvensane på lengre sikt.

Fryktar dødelege konsekvensar

– Mange kjem til å døy før noko blir gjort, seier Mary, som er uroa for at HIV-paisentar sitt immunforsvar vil svekkast før den kaotiske situasjonen er løyst.

Ho har fleire barn og barnebarn. Oldebarn har ho også. No fryktar ho at ho ikkje kjem til leve så lenge.

– Eg trur eg kjem til å døy for tidleg.

Det øvrige USAID-kuttet som har ramma hjelpearbeid og organiseringa av det, er ein frys og kan difor bli omgjort.

Og kenyanske helsestyresmakter har gått ut og lova at alle uansett skal få tilgang på HIV-medisin. Men Mary stolar ikkje på si eiga regjering. Ho viser mellom anna til ei helseforsikring som er kutta, og som no gitt slike som ho ekstra utgifter.

– Mange i USA, og i Noreg, vil meiner at det er Kenya og president Ruto sitt ansvar å sørge for medisin til kenyanarar?

– Presidenten bryr seg berre om rikfolk, og ikkje om dei fattige. Han bruker ikkje tid på fattige lokalsamfunn, fordi me manglar pengar og makt, meiner Mary.

Dei siste tiåra har det vore ein enorm innsats for å få ned hivsmitte i Aust-Afrika. Kenya er eit av dei landa i verda som er hardast råka av sjukdommen.

– Det er vanskeleg å leve med. Det er så skamfullt, seier Mary.

  • En gruppe mennesker demonstrerer mot bistandskuttet.

    5.februar demonstrerte folk mot Trumps bistandskutt.

  • Blomster utenfor USAIDs hovedkvarter i Washington.

    Utanfor USAIDs hovudkvarter i Washington D.C. har mange lagt ned blomster.

  • Donald Trump signerer nok ein presidentordre.

    Presidentordrane kjem på løpande band frå Det kvite hus.

Førre veke stoppa USAs president Donald Trump alt av bistand i 90 dagar og sa opp fleire tusen tilsette i USAID. Bistandsdirektoratet hadde i 2024 eit budsjett på over 711 milliardar norske kroner og er ein av dei største bidragsytarane i verda.

Trump hevdar at USAID driv med korrupsjon og bedrageri, men har ikkje lagt fram noko bevis på dette.

Presidentordren har fått stor motbør. Mange har tatt til gatene for å demonstrere. Ein føderal dommar har sett ned foten, men det betyr ikkje at Donald Trump føyer seg.

I denne saka kan du lese om nokre av konsekvensane i: Ukraina, Irak, Somalia, Sri Lanka og Sudan.

Ukraina

Førre fredag kom e-posten frå USAID: Dei kjem til å fryse midlane umiddelbart.

– Vi måtte stoppe heilt opp med å dele ut vatn og dele ut soveposar, seier Håvard Hovdhagen:

– Viss dette ikkje blir reversert, vil det få dramatiske konsekvensar.

Han er landsdirektør i Ukraina for den sveitsiske organisasjonen HEKS/EPER som tilsvarar Kirkens Nødhjelp her i Noreg.

Beskjeden frå hovudkontoret i Sveits var brutal.

Eldre kvinne står utenfor hjemmet sitt utenfor Kharkiv i Ukraina.

Svitlana Vorona (80) fekk hjelp til å bygge opp heimen sin.

Foto: Håvard Hovdhaugen / HEKS/EPER

Det nærmar seg treårsdagen for Russlands fullskala-invasjon av Ukraina. Mange har frykta den kalde vinteren i år igjen.

– Det er titals minus her i Ukraina no. Vi skulle vore til stades for sette inn nye tak og vindauge. Du kan berre førestille seg korleis dei har det.

No er krana skrudd att og dei er nøydde å avslutte desse prosjekta. 52 millionar kroner er sette på vent.

– Det mest frustrerande er at vi ikkje får tak i USAID. Vi er heilt rådville.

– Vi som organisasjon overlever nok, men det er fleire titals tusen som ikkje får livsviktig hjelp, seier Hovdhaugen.

Mann fyller bilen sin med flere tanker fylt med rent drikkevann. Nærbilde av kvinne som fyller tanken sin fra vannstasjonEn mann og kvinne fyller vannbeholderne sine ved en vannstasjon i Ukraina.

Oleksandr og Galyna Zavgorodniia henter vatn ein gong i veka.

FOTO: Håvard Hovdhaugen

Oleksandr og Galyna Zavgorodniia har valt å bli i heimbyen i Donetsk trass i at dette er eit av det mest råka områda i Ukraina.

Etter at den lokale vasskjelda blei bomba gjekk det lang tid før dei fekk reint drikkevatn. Då var det denne USAID-finansierte vasskrana som redda dei.

Andre lokalsamfunn som sårt treng reint drikkevatn får ikkje lenger hjelp frå organisasjonen etter Trumps presidentordre.

At folk stiller spørsmål til korleis dei bruker pengane, er dei vande med. Dei ser alltid på korleis dei kan effektivisere drifta, seier Hovudhaugen.

– Det i seg sjølv er ikkje noko oppsiktsvekkande. Men å skjere alle under ein kam og stoppe opp over natta er ikkje noko ein har tenkt gjennom konsekvensane av.

Irak

Norsk Folkehjelp har no sagt opp over 1700 tilsette.

Alt av minerydding som er støtta av USAID er sett på vent, mellom anna i Anbar-regionen i Irak.

– Dette var heilt finansiert av USAID, seier Aksel Sten Nilsen som er avdelingsleiar i Norsk Folkehjelp.

I fjor fekk dei 460 millionar kroner frå USAID.

– Fram til no har USA sett kor nødvendig det er å bygge opp att Irak etter all den krigføringa som har vore der.

Det var USA som leia invasjonen av Irak i 2003. I tida etterpå har landet vore sterkt prega av krig og uro.

Menn søker etter miner med minedetektor
Mineryddere ute i felten.

I Irak er alt av minerydding som er støtta av USAID satt på vent.

Bilder fra Norsk Folkehjelp

Store delar av landet er derfor minelagt. Å fjerne desse er nødvendig for å bygge opp att infrastruktur og for at lokale skal kunne leve av jorda.

– Så raskt vi er ferdige med å rydde landområdet, kjem lokalbefolkninga inn for bygge, og områda blir tatt i bruk igjen, seier Nilsen.

Det er ein stor jobb igjen. Fleire år med minerydding er nødvendig. Men no er dei nøydde å seie opp 200 lokalt tilsette og sette arbeidet på vent.

Somalia

– Ingen forventa dette. Det er eit stort sjokk, men det er ein vekkar. Vi kan ikkje stole på alle donorar lenger.

Dakane Abdikadir er landsdirektør for SOS Barnebyer i Somalia. Han har vore i møte konstant den siste veka.

På telefonen til NRK seier han at dei er veldig bekymra over situasjonen akkurat no.

Dakane Abdikadir, direktør i SOS Childrens Village Somalia
Foto: Maarika Wellnitz

To av helsesentera i Mogadishu og Baidoa er direkte finansierte av USAID, og står no heilt utan middel. 200 tilsette står i fare for å miste jobben.

– Dette er dramatisk for heile Somalia. Mange er heilt avhengige av USAID.

På desse helsesentera kan mødrer ta med seg borna sine, og få føde gratis. Dei får også alt av medisinsk behandling før og etter fødselen.

På eit av sentera tek dei inn utmagra barn under fem år og gir dei mat i seks månadar for å stabilisere tilstanden.

Fleire hundretusen barn får behandling her kvart år, og mange sjukepleiarar får utdanning.

I Baidoa driv dei eit sjukehus som tilbyr gratis helsehjelp. Dette er 50 prosent finansiert av USAID og 50 prosent finansiert av EU. No må dei finne halvparten av midlane ein annan plass.

En kvinne holder en baby som får helsehjelp av en helsearbeider på et sykehus i Sudan.
Mennesker i fargerik bekledning som står utenfor SOS-sykehus i Somalia.

To av helsesentera i Mogadishi og Baidoa er direkte finansiert av USAID.

Også Abdikadir seier dei er vande med kritiske spørsmål rundt bruken av bistandsmidlar, og at dette er forståeleg. Men samarbeidet med USAID seier han har vore produktivt nettopp fordi dei er veldig rigide.

– Dei har detaljerte og strenge krav som ikkje gir rom for feil. Dei hadde eit godt system.

Fleire av dei tilsette er villige til å arbeide gratis no, fortel han.

Trur du de blir nøydde til å stenge heilt ned?

– Sjå får deg ei mor som nettopp har fødd eit barn og som kjem rett frå operasjonsstua. Vi kan ikkje berre skru av lyset og låse døra. Ho har ingen plass å gå.

– Det er ikkje eit val å stenge heilt ned. Vi har ikkje den luksusen.

Sri Lanka

– Det er ganske dystre meldingar vi får frå folk, seier Ingrid Rosendorf Joys i Caritas Noreg.

Ho er i Sri Lanka og har nettopp hatt eit møte med alle dei 150 toppleiarane i Caritas globalt. Caritas Noreg får ikkje finansiering av USAID, men det er mange av Caritas-organisasjonane i andre land, opplyser Joys.

– Ein av dei sa: Vi veit ikkje kva som vi vil skje på sikt, men vi veit at verda slik vi kjente ho er forandra.

Flere kvinner sitter sammen utenfor en bygning i Sri Lanka Jenter i hvit uniform sitter i en fullsatt sal med en mann som taler til demKvinner og menn i fargerike klær holder paraplyer

Fleire Tamilar mistar hjelpa dei er avhengige av.

Foto: Caritas

På 1800-talet kom indisktalande tamilar dit for å arbeide på teplantasjane. Dei er i dag blant det fattigaste i landet, og er utsette for diskriminering.

Caritas Sri Lanka har til no fått støtte frå USAID til å drive eit prosjekt for denne gruppa. Her blir får dei opplæring i kva rettar dei har. Dei får også gratis skuleuniform og skuleutstyr. Ein del av prosjektet går også ut på å jobbe med lokalbefolkninga for å kunne møte denne gruppa betre.

– Dette er dei svakaste av dei svakaste. No er det kroken på døra, seier Joys.

Dei prøver å finne ei løysing, men det er ikkje mange land eller aktørar som kan fylle inn tomrommet.

Det er beksvart. Tusenvis av tilsette mister jobbane sine over heile verda. Millionar mistar hjelpa dei er heilt avhengige av.

– Er det problematisk å stille spørsmål til korleis bistandspengane blir brukt?

– Det er ingen tvil om at det finst dårlege prosjekt som er kontraproduktive. Då må ein gå gjennom prosjekta og rydde opp:

– Men frå den eine dagen til den andre skru av krana slik at millionar ikkje får hjelp, kan ikkje forsvarast:

– Det er uforståeleg at ein demokratisk valt leiar kan gjere dette ved å skru på ein brytar. Det er som at det ikkje handlar om liv og død. Det er så uansvarleg.

Sudan

Også for Flyktninghjelpen er situasjonen dramatisk.

– Eg har aldri opplevd dette før i mine 40 år som hjelpearbeidar, seier Jan Egeland som er generalsekretær.

Dei har denne veka stansa arbeidet sitt i nesten 20 land. 2 millionar menneske i naud er råka, seier han.

Krigen i Sudan herjar framleis og landet står i ei av verdas verste humanitære kriser. Mange millionar står i akutt matmangel.

I Sudan mistar 500 bakeri finansieringa si etter bistandskuttet i USAID. Desse bakeria har sikra nesten ein million personar tilgang til dagleg brød.

Dette prosjektet stoppar no heilt opp. Ahmed Amed er ein av bakarane og har til no laga 17.000 brød om dagen til dei som treng det mest.

Verdas rikaste land har i mange tiår sendt masse pengar til små og store hjelpeorganisasjonar over heile verda. Forvirring og kaos pregar no dei fleste av dei.

Om Trump kjem til å gi etter for det internasjonale presset er uvisst.