USAs president Donald Trump talte onsdag ettermiddag under Verdas økonomiske forum i Davos i Sveits.
Bakteppet for talen er ei tid der forholdet mellom USA og allierte er spent fordi Trump seier USA må overta Grønland frå Danmark av sikkerheitsomsyn.
– Denne enorme, usikre øya er faktisk ein del av Nord-Amerika. Det er vårt territorium. Det er difor i USAs sikkerheitsinteresse. Og det har vore vår politikk i hundrevis av år å hindre truslar frå å rykke inn, hevdar han.
Lovar å ikkje bruke makt
Men sjølv om han har sagt at han må ha Grønland, seier Trump at han ikkje vil bruke makt.
– Vi får truleg ikkje noko med mindre eg brukar styrke og kraft. Men eg kjem ikkje til å gjere det. No pustar alle letta ut. Det er truleg den viktigaste utsegna eg vil komme med.
– Militæret er ikkje eit alternativ. Eg trur ikkje det blir nødvendig, det trur eg verkeleg ikkje, seier Trump.

Trump: – Vi gav Grønland til Danmark
Trump hevdar at dei gav Danmark Grønland etter andre verdskrigen. Men dette er upresist.
I 1941 gjorde Danmark og USA ein avtale om at USA fekk bruke Grønland under krigen. I avtalen understrekar USA at dei godtek Danmarks herredømme over Grønland.
Etter krigen sa Danmark frå seg retten til å krevje godtgjering for USAs bruk av Grønland under krigen.
I 1951 gjorde landa ein ny avtale om at amerikanarane skulle ha rett til å ha militære basar på Grønland.

To personar strøyma talen til Trump frå publikumsplass.
Foto: Markus Schreiber / AP / NTBTrump meiner dei allierte skuldar han å gi Grønland til USA.
– Vi vil ha ein bit med is. Dei kan seie nei, men då vil vi ikkje gløyme.
Danmarks utanriksminister Lars Løkke Rasmussen seier det er positivt at bruk av militær makt er teke av bordet.
– Det er isolert positivt, men det får ikkje problemet til å gå vekk, seier han, ifølge Danmarks radio.
Dette er Verdens økonomiske forum i Davos
Kva er Verdens økonomiske forum? Verdens økonomiske forum (WEF) blir halde kvart år i alpebyen Davos i Sveits. Forumet samlar politiske leiarar, næringslivstoppar, forskarar og organisasjonar for å diskutere globale utfordringar som krig, økonomi, klima, teknologi og tryggleik.
Det blir leia av tidlegare Høgre-politika Børge Brende.
Kva skjer på forumet i Davos? I tillegg til opne debattar og talar, blir det halde mange lukka møte der statsleiarar og toppsjefar diskuterer samarbeid og politikk.
Kvifor er forumet viktig? Kvart år deltar 3000 av dei som påverkar verdsøkonomien og internasjonal politikk, for å diskutere samarbeid om løysingar på store globale utfordringar som menneskerettar og miljø.
Kvifor er Davos særleg interessant i år? Forumet skjer medan det pågår eit storpolitisk drama om Grønland, etter at USAs president har sagt at USA bør ta kontroll over øya av omsyn til tryggleik.
Det gjer at tryggleikspolitikk og forholdet mellom USA og Europa, og ikkje minst Nato-alliansen står sentralt på agendaen.
Usikker på Nato
Trump snakka mykje om Nato-samarbeidet, men sa han ikkje kjenner seg sikker på om dei andre landa ville stille opp for USA.
– Problemet med Nato er at vi vil vere der for dei 100 prosent. Men eg er ikkje sikker på at dei vil vere der for oss dersom eg ringer og seier vi blir angripe, seier Trump.
Dette trass i at artikkel 5 i Nato-traktaten berre er brukt ein gong; etter terrorangrepet mot USA 11. september 2001.
Aksjemarknaden har reagert svært negativt etter Trump sine utspel dei siste dagane.
– Men den dippen er småpengar samanlikna med kva det har auka. Og vi har ei utruleg framtid i den aksjemarknaden, hevda han.
Kritisk til Europa
– Eg elskar Europa og vil gjerne sjå at Europa gjer det bra. Men det går ikkje i rett retning, sa han.
Han hevdar «Europa snudde ryggen til alt som gjer nasjonar rike, mektige og sterke».
– Drivne av den største massemigrasjonen i menneskets historie. Mange delar av verda blir øydelagt framfor auga våre, og leiarane forstår ikkje kva som skjer, hevdar han.

Jonas Gahr Støre kommenterer Trumps tale i Davos.
Fleire verdsleiarar har i fleire år vore uroa for massemigrasjonen i Europa.
Visepresident J.D. Vance har tidlegare uttalt at massemigrasjonen er ein trussel mot dagleglivet i Europa. I tillegg meiner han dette er ein større trussel enn Russland.
Danmarks statsminister Mette Frederiksen har sagt ho er einig i at massemigrasjon er ein trussel, men ho støtta ikkje synet om at det er ein større trussel enn Russland, ifølge Politico.
Interessert i meir utanriks? Lytt til denne podkasten:














