Norske kyrkjer i krise: – Kyrkja begynner å bli nokså sliten

Halvparten av kyrkjene i Noreg er i svært dårleg forfatning. Gjenreisingskyrkja i Hammerfest er éi av dei. Kyrkjeverja håpar no på hjelp frå stat og kommune slik at dei slepp å stenge dørene.

Ole Martin Olsen, kirkeverge

Det er mange skadar som har oppstått etter mange år med etterslep på vedlikehaldsarbeid i Hammerfest kyrkje.

Foto: Matheo Dolva / NRK

– Vi ser at kyrkja begynner å bli nokså sliten. Vi er nøydde til å gjere store oppdateringar dei neste åra. Om ikkje risikerer vi å måtte stenge kyrkja.

Det seier Ole Martin Olsen, kyrkjeverje i Hammerfest kyrkje.

Kyrkja i Hammerfest stod ferdig i 1961, og har sidan den gongen hatt oppussingar på 1980-talet og på 2000-talet. På grunn av manglande pengar til vedlikehald gjennom fleire år, er kyrkja no i svært dårleg forfatning.

Men denne gjenreisingskyrkja er langt frå den einaste som har dette problemet.

Hammerfest kirke

SIDAN 1961: Gjenreisingskyrkja i Hammerfest har stått der sidan 1961.

Foto: Matheo Dolva / NRK

Dårleg stand på halvparten av kyrkjer

I ein ny rapport frå Hovedorganisasjonen KA er det ein nedgang i tilstanden for rundt 750 av dei 1500 kyrkjene som tilhøyrer Den norske kyrkja.

– Det er mange kyrkjer i Noreg som har behov for oppgradering, vi er ikkje aleine om det, seier Olsen.

Kyrkja i Hammerfest har skadar både på utsida og innsida av bygget, mellom anna på lagerrommet, i tårnet og i salen.

Store bitar murpuss har falle av ytterveggen, det er mange store sprekkar i veggane og vasskadane i taket er omfattande.

– Det er vanskeleg å skaffe finansiering. Og Hammerfest kommune, som er ansvarlege i samsvar med lova, har hatt utfordringar med økonomien i mange år.

Hammerfest kirke
Foto: Matheo Dolva / NRK
Folk i Hammerfest mener kirken burde bli pusset opp.

Sjå skadane på gjenreisingskyrkja her:

– Framleis forsvarleg å drifte kyrkja

Rapporten seier ikkje noko sikkert om kva som er grunnane til tilstandsnedgangen blant norske kyrkjer, men listar opp tre element som kan vere medverkande:

Alderen på byggematerialet, våtare klima og strammare kommuneøkonomi.

Ordførar i Hammerfest kommune, Terje Rogde, erkjenner at noko må gjerast. Men han understrekar at dette ikkje nødvendigvis må skje med éin gong.

– Sånn som vi ser det no, så er det framleis forsvarleg å drifte kyrkja. Men vi ønsker å komme i betre dialog med kyrkja, og finne ein plan på det vidare arbeidet.

Terje Rogde, ordfører i Hammerfest (H)

OPPTATT AV KYRKJA: Ordføraren i Hammerfest seier at kommunen skal passe på at kyrkja skal bli pussa opp.

Foto: Allan Klo

Meiner det hastar

Staten har no oppretta Kyrkjebevaringsfondet, som tiltak for å komme etterslepet i møte når det gjeld renoveringane av dei norske kyrkjene. Her kan det søkast om pengestøtte til oppussing av kyrkjebygg.

Kyrkjeverje Olsen meiner at det hastar å få starta søknadsprosessen for å redde Hammerfest kyrkje.

– Eg håpar at Kyrkjebevaringsfondet bidrar til at fleire kommunar kan vere med på å investere i kyrkjer som ikkje ser bra ut.

– Og at også Hammerfest kommune etter kvart løyver pengane slik at vi kan oppgradere kyrkja, seier Olsen.