Organisasjon i Sudan: Flyktningar drepne i droneangrep

Minst 24 menneske er drepne i eit droneangrep mot eit køyretøy med fordrivne menneske i Sudan, ifølge organisasjonen Sudan Doctors Network.

Ifølge organisasjonen var det RSF som stod bak angrepet.

Dei drepne var på flukt frå kampar i området Dubeiker.

RSF har ikkje kommentert hendinga til no. Militsgruppa har vore i krig med regjeringsstyrkane i Sudan i om lag tre år, og blir skulda for å stå bak fleire krigsbrotsverk.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no