Mann tiltala for sovevaldtekt på militærleir: – Utsett for alvorlege tillitsbrot

Han skal også ha tatt skjulte bilde og videoar av dei kvinnelege medsoldatane sine mens dei var i undertøyet.

Midtre Hålogaland tingrett Harstad

Mannen må møte i Midtre Hålogaland tingrett seinare denne månaden.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Statsadvokatane i Nordland har tatt ut tiltalte mot mannen for fleire seksuelt krenkande hendingar mot medsoldatar.

Mannen, som er seint i tenåra, må møte i retten i Midre Hålogland tingrett i midten av juni.

Den tiltalta var i førstegongstenesta på ein militærleir i Nordland da hendingane fann stad.

Den grovaste delen av tiltalen skjedde 13. januar i år.

Mannen skal ha masturbert kjønnsorganet til ein kvinneleg medsoldat mens ho låg og sov på ei av kasernane på militærleiren.

I tillegg er mannen tiltalt for fleire tilfelle der han har tatt skjulte bilde og videoar av kvinnelege medsoldatar:

  • Mellom 3. august 2023 og 4. september same år skal den tiltalte ha tatt bilde av den same medsoldaten som skal ha blitt utsett for sovevaldtekta. Ho var iført truse og T-skjorte, og var ikkje klar over at bilda blei tatt. Hendingane skal ha skjedd på ein militærleir i både Nordland og Rogaland.
  • Frå 1. november til 8. november i fjor skal han ha tatt fleire bilde og videoar av ein annan kvinneleg medsoldat på ein militærleir i Nordland. Kvinna stod med ryggen til iført truse og ein overdel. Heller ikkje ho var klar over at den tiltalte filma og tok bilde av henne.
  • Seinare same månad, mellom 23. og 25. november, skal den tiltalte ved to høve ha tatt fleire bilde av ein kvinneleg medsoldat, som var iført truse og BH. Ho var heller ikkje klar over kva som skjedde.

NRK har vore i kontakt med forsvararen til mannen, advokat Are Johnsen. Han ønsker ikkje å kommentere saka og vil ikkje svare på korleis klienten hans stiller seg til tiltalen.

Les også Pisket soldat på rumpa så han begynte å blø: – Hensikten var at det skulle være gøy

Rettssak i Salten og Lofoten tingrett.

Heller ikkje aktor i saka, statsadvokat Erik Thronæs ønsker å kommentere saka i media før rettssaka startar.

– Ei stor belastning

Advokat Lina Therese Remlo er bistandsadvokat for den fornærma som skal ha blitt utsett for sovevaldtekta. Ho seier at saka har vore ei stor belastning for klienten hennar.

Les også Fortsatt stor andel kvinner som opplever seksuell trakassering i Forsvaret

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen snakker etter å ha mottatt rapport om varsling i Forsvaret fra PWC

– Det er klart det er ein vanskeleg situasjon for henne, heilt sidan dette skjedde. Ho har blitt utsett to alvorlege tillitsbrot frå den tiltalte.

Lina Therese Remlo

Lina Therese Remlo er bistandsadvokat for ein av dei fornærma i saka.

Foto: Petter Strøm / NRK

– Kva tenker klienten din om at fleire kvinner i Forsvaret er fornærma i saka?

– Det er alvorleg når seksuelt krenkande handlingar blir gjorde mot fleire kvinnelege medsoldatar.

Nå ser kvinna fram til å bli ferdig med saka i rettssystemet.

– Det er alltid krevjande for fornærma å møte i ei hovudforhandling i saker som dette. Samtidig ser ho fram til å få saka overstått. Og så er det bra at ho kjem opp i retten så raskt.

Les også Forsvaret om seksuell trakassering: – Vi har fortsatt et stort problem

Elisabeth Michelsen og forsvarssjef Eirik Kristoffersen