
Jarle Veland opplever båten som ein fristad. Her kan han kople av frå dei tunge tankane.
Foto: Oddgeir Berland Ãystese / NRKDobling i avviste pasientar: Sonen gav opp
Jarle meiner vi må lære av sjølvmordet til sonen. Dobbelt så mange vaksne har møtt ei stengd dør når dei ber om hjelp for sine psykiske problem dei siste fem åra. No vil helseministeren endre systemet.
â Ein venner seg til det. Over mange Ã¥r.
Jarle Veland klarer nÃ¥ Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ filmen av sonen Ãystein som opptrer. Ein mann med livet framfor seg. Kritikarrost musikar i Wien. Trebarnsfar.






Ein elska son.
Men og ein mann som bar på eit mørke.
I 2021, rett før jul, tok Ãystein Veland sitt eige liv. 46 Ã¥r gamal.
Sorga og skuldkjensla slepper aldri taket for far Jarle.
Veland jobba med sjølvmordsproblematikk i mange år, før han sjølv blei personleg ramma.
Han var med å starte organisasjonen for etterlatne etter sjølvmord, og hadde utdanna seg innan krisehandtering.
Presten har leidd mange gjennom kriser, mellom anna som leiar for dette arbeidet ved store ulykker og katastrofar.
Han har tenkt at han burde ha tatt grep for å få sonen til å klamre seg til livet.

Her er Ãystein og Jarle saman i bÃ¥ten til faren.
Foto: Privat / NRKNÃ¥ kjempar Jarle for at det som skjedde med Ãystein skal vere ein vekkar i kampen mot sjølvmord.
For lite kunnskap
Før Ãystein Veland gav opp bad han om hjelp.
Han tok kontakt med helsevesenet. Forklarte at han ikkje såg ein annan utveg enn å ta livet sitt. Men han hadde jo tre små barn.
På det distriktspsykiatriske senteret opplevde han at dei først tok han på alvor.
Han fekk time med lege og psykolog.
Men at hjelpa så tok slutt.
Han fekk nei til akutt-time.
NRK har sett dokumentasjon på at sonen fekk avslag på akutt behandling, fordi dei meinte det ikkje var behov for dette der og då.
Tre dagar seinare tok 46-Ã¥ringen livet av seg.
Jarle Veland meiner kunnskapen rundt sjølvmord er for låg sjølv om det er ei vanleg dødsårsak i Noreg.

Veland har samla alle dokumenta frå sonen Jarle sitt møte med Helsevesenet.
Foto: Oddgeir Berland Ãystese / NRKâ Dette er det forska sÃ¥ mykje pÃ¥. Men vi ser inga betring i tala. Da er synspunktet mitt at vi ikkje kan halde fram med ting som ikkje fungerer.
Veland meiner helsevesenet betre kunne ha forstått kor alvorleg situasjonen var for sonen.
Stadig fleire blir avviste
Det er mange som opplever det same som Ãystein.
Dei siste fem åra blir meir enn dobbelt så mange vaksne avviste når dei ber om hjelp med sine psykiske problem.
Her er utviklinga frÃ¥ 2020 â 2026:
Denne utviklinga bekymrar helseministeren som lovar at han skal endre situasjonen.

Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) vil ha prosjektet i Vestfold ut til heile landet.
Foto: Audun Torsdalen / NRKâ Du har vore helseminister i nokre Ã¥r og Arbeidarpartiet har sete ved makta i mange Ã¥r. Kvifor er det framleis menneske som opplever at dei er kasteballar i eit system?
â Dette har vore ein gordisk knute i helsetenesta vÃ¥r i fleire tiÃ¥r. Skiftande regjeringar har prøvd Ã¥ gjere noko med det. Noko har blitt betre. Men vi opplever nÃ¥ at det er ganske grunnleggande systemutfordringar som vi mÃ¥ gjere heilt annleis enn i dag.
Viss ein vaksen person treng psykisk helsehjelp i dag, kan vegen for mange vere lang.
- Normalt tilviser fastlegen pasienten til hjelp enten til sjukehus som er spesialisthelsetenesta eller til kommunen.
- Viss pasienten får nei éin stad, må dei visast på nytt til ein annan stad.
Dette tar lang tid og mange opplever at pasientane blir kasteballar i systemet.
Vestre vil ha ein veg inn til hjelpen
I Vestfold har dei i over eitt år prøvd ut eit system som dei meiner gjer at vaksne med psykiske problem får rett hjelp langt raskare enn før.
Hittil har 585 vaksne personar vore innom eit felles psykisk helsemottak, der det sit behandlarar både frå kommunen og spesialisthelsetenesta.
Det er eit prøveprosjekt som skal gi psykisk helsehjelp i løpet av 14 dagar.
Prosjektperioden viser at ein av fire personar blir tilvist til feil stad. Dei må normalt tilbake til fastlegen som tilviser på nytt ein annan stad.

Mette Camilla Moen seier dei i stor grad unngår at pasientane vert kasteballar i systemet.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKDet seier Mette Camilla Moen som er avdelingssjef ved DPS Vestfold allmennpsykiatri og prosjekteigar av «Ein veg inn»
â Det er mange pasientar som mÃ¥ fortelje historia si fleire gonger til bÃ¥de fastlege og ulike behandlarar. Det er kjempeslitsomt for pasientane. Ved at man etter berre ein samtale blir dei losa til rett tilbod utan unødige omstartar.
Prosjektet går ut på at pasientane blir tilviste dit frå fastlegen.
Foreløpig er det ikkje høve til å ta direkte kontakt, men denne løysinga vil bli tilgjengeleg i løpet av nokre månader.
På mottaket sit behandlarar både frå kommunen og frå distriktspsykiatrisk teneste (sjukehuset).
Saman vurderer dei kva for hjelp pasienten skal få, seier Tore Lyse som er seksjonsleiar for helse og livsmeistring i Sandefjord kommune.

Tore Lyse er seksjonsleiar for helse og livsmeistring i Sandefjord kommune.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKâ I éin veg har vi høve til Ã¥ jobbe effektivt med oppdraget vÃ¥rt, nemleg Ã¥ snakke med pasientane vÃ¥re. Det gir meining for behandlarane vÃ¥re, det gir meining i forhold til ressursbruk.
â Samarbeidet mellom spesialisthelsetenesta og kommunen er tradisjonelt eit vanskeleg samarbeid. Kvifor fungerer det her?
â Dette er ein vinn -vinn -situasjon, bÃ¥de for kommunane, spesialisthelsetenesta og for pasientane vÃ¥re. Det Ã¥ fÃ¥ rydda opp i vegen inn til psykisk helsehjelp har gjort vegen ekstremt enkel for bÃ¥de tilviser og for innbyggarane.
For pasientar i Sandefjord er ventetida for første time hjÃ¥ DPS no tolv dagar. I resten av helseregion Sør-Ãst er snittleg ventetid 40 dagar.
Skal endre Helse-Noreg
Helseministeren har sett i gang eit stort arbeid som han meiner skal gi alle pasientar i Noreg betre og raskare helsehjelp.
Den store helsereforma er varsla, og eit utval ser nå på korleis dagens helsetenester kan samarbeide betre enn i dag.
Konklusjonen kjem før jul.
DÃ¥ skal dei kome med eit framlegg til korleis Helse-Noreg skal organiserast i framtida.
Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) seier det blir viktig å sjå på samarbeidet mellom kommune og spesialisthelsetenesta.
â Du og eg som innbyggar skal ikkje mÃ¥tte oppleve Ã¥ fortelje den same historia om og om igjen, men at helsepersonellet faktisk kjenner oss. Enten det er kommunen eller sjukehuset som har ansvaret.
â Kvifor trur du at partar som ikkje har vist at dei klarer Ã¥ samarbeide, no skal klare Ã¥ gjere det fordi ein omorganiserer?
â Prosjekt X i Vestfold er eit strÃ¥lande eksempel pÃ¥ at det faktisk fungerer. Dette er ein framtidsvisjon som vi ser at det verkar. Det er ikkje slik at ein blir kasteball mellom kommune og spesialisthelseteneste.
Han vil ha prosjektet ut til kommunar over heile landet.

Fleire kommunar og sjukehus skal no samarbeide etter modell frå Vestfold.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKMen både Lyse og Moen i Vestfold meiner det er fleire utfordringar som må løysast før dette kan rullast ut over heile landet.
â Det er ein jobb Ã¥ gjere med dei organisatoriske, juridiske rammene for Ã¥ kunne jobbe sÃ¥nn som vi ønsker i «Ãin veg inn», seier Lyse.
Han seier det må byggast ein ny felles kultur, der spesialisthelseteneste og kommune er saman om å gi eitt tilbod.
â Kva bør justerast om det skal førast vidare til resten av landet?
â Det er mange ulike geografiske utfordringar. Talet pÃ¥ kommunar, talet pÃ¥ DPS. Grunntanken om ein veg inn og felles psykisk helsemottak, den trur eg er veldig, veldig god. Men det er ikkje sÃ¥nn at sÃ¥nn vi gjer det i Vestfold, kan blÃ¥kopierast til heile landet. Det har eg ikkje noko tru pÃ¥, seier han.
Meiner sjølvmord må granskast
Jarle Veland meiner helsevesenet må lære av kva som går gale når det ikkje klarer å hjelpe menneske med sjølvmordstankar.
â Om nokon døyr i trafikken, sÃ¥ er det ein heil gjeng med fagfolk som gÃ¥r inn. Kva skjedde? Kva kan vi lære? Mitt ærend nÃ¥ er at vi mÃ¥ bruke den same metoden her òg. Vi mÃ¥ granske kva som gjekk gale, ber Veland.

Jarle Veland bruker mykje tid i Neptun Båthamn ved Store Lungegårdsvann i Bergen.
Foto: Oddgeir Berland Ãystese / NRKVeland er ikkje overraska over at sÃ¥ mange ikkje fÃ¥r hjelp.
â Vi kan ikkje ha det sÃ¥nn. Det mÃ¥ vere ressursar i helsevesenet og innanfor DPS til Ã¥ møte folk nÃ¥r dei ber om ein akuttime. Da mÃ¥ dei fÃ¥ hjelp.
Sjølv om Jarle Veland har nådd pensjonsalderen står han på for å få ned sjølvmordstala i Noreg.
Han gjer det for sonen han mista.
â Eg skal kjempe for dette. For eg veit kva helvete det er Ã¥ ... Sonen eg sÃ¥ ta sine første steg. Han eg skifta bleier pÃ¥ som liten. Han er verd ei gransking. Ei som kan hjelpe bÃ¥de meg og alle andre som kjem etter.












