Trondheims historie strekker seg frå 900-talet og fram til i dag. Byen vart ifølgje tradisjonen grunnlagt av Olav Trygvason i 997 og er sidan blitt ein av dei største byane i Noreg.

Byen blir til

Olav Trygvason har vore rekna som grunnleggaren av Trondheim. Nyare forsking gjer det usikkert kva rolle denne vikingkongen hadde i bygrunnlegginga, men Wilhelm Rasmussens monument av han står enno på torget i byen.

Olav 1 Trygvason
Av /Shutterstock.
«Kong Olav for med hæren sin ut til Nidaros og lét setja opp hus på bakken attmed Nid, og fastsette at det skulle vere kaupstad der, han gav folk tomter der til å byggja seg hus på, og han lét byggja ein kongsgard ovanfor Skipakrok, og dit lét han flytta om hausten alt det som trongst til opphald om vinteren, og der hadde mykje folk»

Slik skildra Snorre Sturlason grunnlegginga av Trondheim i Soga om Olav Trygvason. Seint på 1800-talet rekna historikarar seg fram til at det truleg skjedde i år 997. Men vart byen faktisk til slik Snorre fortalte? Og når kan ein tale om at ei lita hussamling ved utløpet av Nidelva vart til ein «by»?

Det finst ikkje skriflege kjelder frå tida da byen vart til, men det er gjort omfattande arkeologiske undersøkingar som kan kaste lys over korleis byen oppstod. Ved ei bukt, ei lone, i elva er det gjort funn etter båtstøer, små boder og tomtegrenser som viser at det har vore drive regelmessig med annan aktivitet enn jordbruk på Nidarneset i mange tiår før tusenårsskiftet. Truleg er det denne bukta som vart kalla Skipakrok. Storgarden Lade hadde vorte sete for ei mektig høvdingslekt, og det kan godt vere ladejarlane som kontrollerte aktiviteten i hamna og parsellerte ut dei første små tomtene på ein grusrygg mellom bukta og elva.

Det ser ikkje ut til at nokon budde fast der enno. To viktige føresetnader for at det skulle vekse fram ein kaupang ved elveosen var likevel til stades: ei god hamn som var tilrettelagt for handtering av handelsvarer som brynestein, jern og pelsverk, og ei høvdingmakt som kunne verne og kontrollere den økonomiske verksemda. For ein høvding med ambisjonar om å kontrollere fjordbassenget og dei fruktbare bygdene omkring var munningen av Nidelva i det heile ein strategisk gunstig plass.

I perioden 960-980 (styringstida til Håkon Jarl) finn ein dei første spora etter heilårsbusetnad i området ved elva. Dette vart starten på ei rivande utvikling både i handel og handverk. Om Olav Trygvason spela noka rolle for byutviklinga, er uvisst. Tidleg i styringstida si bygde Olav Haraldsson ein befesta kongsgard ved elvehamna som eit grep for å sikre kontrollen sin over landsdelen. Ved kongsgarden fekk han også bygd ei kyrkje, Klementskyrkja, på ein stad der det truleg låg eit lite kyrkjebygg frå før.

Da Olav Haraldsson vart drepen på Stiklestad i 1030, var kaupangen såpass godt etablert at liket hans vart ført dit for å gravleggjast der. Helgenkåringa av Olav og verksemda som følgde av ho kom til å gje Nidaros den sterkaste vekstimpulsen i det halve tusenåret som følgde.

Kyrkjehovudstaden

Noreg vart eit eige erkebispedøme i 1152–1153 og Nidaros (Trondheim) vart gjort til erkebispesete. Her er Nidarosdomen illustrert i 1661.
Nidarosdomen, 1661
Av .
Kommunevåpenet til Trondheim har utgangspunkt i Trondheims gamle bysegl fra 1200-tallet. Den ene halvdelen domineres av en bispeskikkelse med bispelue og bispestav som verdighetstegn, stående i en kirke. I den andre halvdelen står en konge med krone og skålvekt i hånden, omgitt av en borglignende bygning. Vekten symboliserer rettferdighet. Under er det plassert tre hoder som symboliserer byrådet. Motivet er hentet fra samtidens politiske tenkning, der balansen mellom kirke og stat var hovedemne.
.
Lisens: Brukerspesifisert

Dei første tiåra var det rikskongane, som hadde Nidaros som eitt av sine viktigaste sete, som prega utviklinga i den ferske byen. Men snart tok pilegrimane til å oppsøke grava til helgenkongen i aukande tal, og da Noreg vart eigen kyrkjeprovins i 1152/1153 vart Nidaros det sjølvsagte setet for erkebiskopen. Til gjengjeld trekte rikskongane seg i aukande grad bort frå Trondheim. Etter 1150 skaut også utbygginga av ei eldre steinkyrkje til ei fullverdig domkyrkje fart, framfor alt i embetstida til den mektige og ambisiøse Øystein Erlendsson, som døydde i 1188. Der vart skrinet til helgenkongen plassert på høgaltaret, og Nidaros var fram til siste delen av mellomalderen det fremste pilegrimsmålet i Skandinavia.

Erkebispestolen vart ut gjennom mellomalderen den største jordeigaren i landet, og store inntekter vart samla i byen. Eit fleirtal av handverkarane og handelsfolket i byen var såleis direkte eller indirekte avhengige av erkebiskopen og dei andre kyrkjelege institusjonane. Da byen var på sitt største rundt år 1300, skal det ha budd noko mellom 2500 og 3200 der. Berre Bjørgvin var større i Noreg. Mellom innbyggarane var det også ein del utlendingar, framfor alt kunnige katedralbyggarar frå England.

Busetnaden var konsentrert langs elva, i hovudsak i låge laftahus langs tronge, plankelagte gater. Truleg var Nidaros, som andre byar i samtida, ein heller usunn plass å leve, slik at det trongst jamt tilsig av nye innbyggarar frå landsbygda for å oppretthalde folketalet. Byfolket hadde husdyr og gjerne ei form for kjøkkenhagar. Byen var likevel avhengig av tilførsel av mat utanfrå, og ein kan lett tenkje seg at forsyningsproblema var store i tida rundt olsok, da pilegrimstrafikken var på sitt største og avlingane for hausten enno ikkje hadde kome i hus.

Byen hadde mange kyrkjer. I skriftlege kjelder er det nemnt 18 når ein ser mellomalderen under eitt. Berre to av dei, Kristkyrkja (domkyrkja) og Vår Frue, var enno i bruk etter reformasjonen, men det er påvist ruinar i bygrunnen også etter seks andre kyrkjer. Byen hadde også fleire kloster, Elgeseter, Bakke og Nidarholm, som alle vart nedlagde etter reformasjonen.

Etter svartedauden minka folketalet i byen sterkt, og da den siste erkebiskopen, Olav Engelbrektsson, forlét Trøndelag i 1537 hadde byen truleg ikkje meir enn rundt 1500 innbyggarar. Med reformasjonen forsvann det viktigaste livsgrunnlaget for mellomalderbyen, og både domkyrkja og erkebispegarden låg i ruinar etter brann og krigsherjing. Ingen kan undrast om folk i byen kjende seg usikre på kva som ville kome.

Handelsborgarskapets by

I 1681 beordra kongen generalmajor Johan Caspar de Cicignon å gjere Trondheim til ein moderne festningsby med breie, rette gater og solide forsvarsverk, noko som skulle sikre byen mot svenske innfall.
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Stiftsgarden i Trondheim står som eit eksempel på glanstida til byen på 1700-talet. Det er eit av Nordens største trepaleer og vart oppført av Cecilie Christine Schøller på 1770–talet.
Stiftsgården i Trondheim.
Av /NTB.

Omstillinga gjekk langt betre enn ein kunne ha frykta. Om Trondheim ikkje lenger var hovudsete for ein kyrkjeprovins som strekte seg langt ut over grensene til det moderne Noreg, var byen enno det sjølvsagde landsdelssenteret med lensherren som den øvste regionale styresmakta. Og om erkebiskopen var borte, flaut det framleis store inntekter inn til byen, enno hovudsakeleg i form av tørrfisk, skinn og andre naturalia som måtte seljast vidare. Domkapitlet, som raskt tilpassa seg den nye situasjonen, fekk behalde eigedomane sine. I 1547 vart dessutan privilegia til handelsborgarane i byen stadfesta, så ingen fekk løyve til å drive handel i landsdelen utan borgarskap i Trondheim. Ei liste over handverkarar i byen frå midten av hundreåret fortel at det fanst både gullsmed og bokbindar der. Det vitnar om at byen hadde folk med evne og vilje til å betale for statusvarer. Den kongelege privilegiepolitikken var i det heile viktig for veksten i Trondheim heilt fram til etter 1800.

Rundt 1600 kom det eit kraftig oppsving i fjernhandelen frå landsdelen, framfor alt driven av den sterke etterspurnaden i Nederland etter tømmer, trelast og tjøre. Etter som dei lettast tilgjengelege skogane lenger sør vart uthogde, søkte dei nederlandske skutene seg lenger nordover, og på grunn av handelsprivilegia til Trondheim måtte dei som skulle handle legalt innom byen. Trelasteksport var eitt av dei viktigaste økonomiske beina byen stod på dei følgjande to hundre åra, etter kvart med Irland som den viktigaste marknaden.

Mange utanlandske handelsfolk tok borgarskap i Trondheim for å styre verksemda si derifrå, og innslaget av innvandrarar i dei øvre sosiale laga i byen kom til å bli sterkare enn i nokon annan norsk by. Somme kom frå kontinentet og Storbritannia, men området det kom flest ifrå var Slesvig, framfor alt Flensburg. Mellom dei første og fremste flensborgarfamiliane var Angell, Horneman og Mølmann, noko seinare Meincke, Hoë, Lorck og Knudtzon. Folk frå det sentrale Danmark kom også flyttande, men dei var i første rekke embetsmenn, ikkje handelsfolk. Eit unntak var jyden Caspar Schøller, rikaste mannen i byen midt på 1600-talet.

Ei svært viktig inntektskjelde for byen var knytt til kopargruvene som var opna i perioden før 1650 på Løkken, Kvikne, Selbu og framfor alt Røros. Utskipinga skjedde frå Trondheim, og det meste av forsyningane til gruvesamfunna gjekk gjennom byen. Etter kvart vart trondheimsborgarar også dei viktigaste eigarane av gruvene.

Midt på 1600-talet hadde Trondheim igjen fleire innbyggarar enn i 1300, men bybiletet frå mellomalderen var ikkje vesentleg endra før byen i 1681 brann ned så godt som til grunnen. Det var verken første eller siste gongen, men denne gongen beordra kongen generalmajor Johan Caspar de Cicignon nordover for å planlegge ein moderne festningsby med breie, rette gater og solide forsvarsverk. I planen inngjekk også ein ny festning, Kristiansten, med utsikt over byen. På denne måten skulle Trondheim sikrast mot nye svenske innfall, etter at Trøndelag i eit knapt år i 1658 hadde vore svensk. I 1718 truga ein ny svensk arme under Carl Gustav Armfelt byen, men både Kristiansten og festningsverka rundt bykjernen stod prøva, og svenskane laut dra seg tilbake. 3000 soldatar omkom i snøstorm under tilbaketoget.

Resten av 1700-talet vart på fleire måtar ei glanstid for Trondheim, da rike borgarar bygde praktfulle trepalé og lystgårdar og heldt storfeldte festar som det gjekk fråsegn om langt utover. Byen hadde også ein kunnskapselite som i 1760 stifta Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Det store fleirtalet av innbyggarane var likevel småkårsfolk som var avhengige av dei rike og mektige for levebrødet sitt.

Den økonomiske verksemda til trondheimsborgarane var allsidig. Mellom anna opna det første industrianlegget i byen, Sukkerhuset, i 1753. Det skulle raffinere råsukker frå plantasjar på dei danske koloniane i Karibien. Trondheim var med andre ord eit nordleg hjørne i den transatlantiske trekanthandelen der transport, sal og utbytting av slavar var det sentrale elementet.

I 1801 hadde byen 8800 innbyggarar. Ein stor del av Nidarneset innanfor Skanseporten var utbygd, og det hadde vakse fram forstader både på Bakklandet og i Ila. Elvehavna tok til å bli for lita for større skip, som i staden ankra opp i fjorden. Næringsgrunnlaget var framleis basert på eksport av kopar, trelast og fisk, men trondheimskjøpmenn handla også med omlandet og prøvde å konkurrere med Bergen om nordlandshandelen. Privilegiepolitikken var uthola på fleire måtar, men stod framleis formelt ved lag og tente byborgarane. I tillegg var byen administrasjons- og garnisonsby og fekk inntekter frå det.

I hundreåret som følgte gjekk dette mønsteret i oppløysing.

Industrisamfunnets by

Trondheim vart aldri nokon stor industriby, og dei mest grunnleggande økonomiske endringane på 1800-talet var knytte til at handelen forandra karakter. Det gamle handelsborgarskapet hadde i hovudsak bygd seg opp på eksporthandel med råvarer frå landsdelen, men denne verksemda vart etter kvart mindre viktig og tok endeleg slutt under ein djup økonomisk krise frå midt i 1870-åra. Dei gamle familiane hadde også bygd velstanden sin bak ein skjerm av privilegiepolitikk, og dei fekk vanskar med å omstille seg til ein meir liberalisert økonomi og nye omsetningsformer.

Ut gjennom hundreåret gjekk såleis kjerneverksemda i handelsbyen Trondheim over til å distribuere importvarer og lokalt produserte varer til eit stort oppland. Omlegginga hang nært saman med overgangen frå stor grad av sjølvberging til aukande marknadsøkonomi også i bygdenæringane. Skiftet opna for ein ny type framgangsrike handelsslekter der grunnleggarane ofte var innflyttarar frå landsbygda med namn som Lykke, Grendahl og Kjeldsberg.

Moderniseringa skaut fart frå midten av hundreåret med dampskipsruter innover fjorden, nordover langs kysten og utetter til Hamburg og Storbritannia. I 1864 fekk byen også sin første jernbane sørover mot Støren, i 1877 opna Rørosbanen til Austlandet og i 1882 Meråkerbanen over til Sverige. Jernbanestasjonen vart da lagt til Brattøra, ein ny bydel som var resultat av ei storstilt kanalisering og utfylling i fjæra nord for byen. Her fekk Trondheim ein moderne transportterminal som knytte saman dampskipslinjer og jernbanar. Initiativet til Brattøra kom frå stadsingeniør Carl Adolf Dahl, som mellom ei rekkje andre tiltak også hadde teke initiativet til ei organisert ingeniørutdanning ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt, som opna dørene i 1870.

Både det første dampskipet og det første lokomotivet var bygde lokalt, ved det som fekk namnet Fabriken ved Nidelven. I tiåra som følgte, fekk byen fleire skipsverft, og Trondhjems Mekaniske Verksted var eitt av dei største verfta i landet før første verdskrigen. Det vart også sett i gang ei mengd mindre produksjonsverksemder som skulle tene regionale og lokale marknader. Med dette fekk byen også ein industriarbeidarklasse i tillegg til eit raskt aukande sjikt av private og offentlege funksjonærar.

I takt med den økonomiske veksten auka folketalet sterkt. Veksten kom delvis av fødselsoverskot, delvis av innflytting, i hovudsak frå Fosen og andre delar av Trøndelag. I 1855 hadde byen 16 000 innbyggarar, i 1900 hadde talet auka til 38 000, og i 1920 hadde det nådd 55 000. I eit halvt hundreår frå da kom all folketalsveksten i byområdet i landkommunen Strinda.

Fram til det vart innført murtvang i 1900 var dei fleste bustadhusa i byen oppførte i tre. Deretter kom ein kort periode med storstilt utbygging av murgårdar i jugendstil, og det såg ut for at Trondheim skulle forandre karakter frå treby til murby. Men etter den første verdskrigen gjekk byen inn i ei krise da lite nytt vart bygd, og så vel delar av Trondheim sentrum som store bustadområde aust for Nidelva heldt på trehuskarakteren.

Gjennom all veksten og alle skiftingane i byen i tiåra fram mot 1920 var han heile tida framfor alt eit landsdelssenter for dei sentrale og nordlege delane av landet, og sett bort ifrå at Noregs Bank hadde hovudsetet sitt i Trondheim frå 1816 til 1897 og at Nidarosdomen vart utpeika til kroningskyrkje i 1814–grunnlova hadde byen ingen nasjonale funksjonar fram til Norges Tekniske Høyskole, NTH, vart vedteken lagt til Trondheim i 1900. Eit viktig argument bak plasseringa var at det alt fanst ei god teknologiutdanning i byen.

Trondheim unngjekk nemnande krigsskadar under andre verdskrigen. Byen fekk likevel varige minne om krigen gjennom to store ubåtbunkerar og andre installasjonar på marinehamna som okkupasjonsmakta bygde ut. Det gjorde Trondheim til ein av dei sterkaste marinebasane langs heile den europeiske atlanterhavsvollen, og bustadområde som vart bygde ut for marineoffiserar og gastar er enno i bruk.

Kunnskapsbyen

Hovudbygningen til universitetet NTNUGløshaugen vart innvigd i 1910. Studentersamfundet sin raude og runde bygning (i forgrunnen) er godt synleg i Trondheims bybilete.

Fram til midten av 1950-åra var Trondheim enno ein relativt konsentrert, tettfolka by med klare skilje mot landsbygda utanfor og store indre skilnader i bustandard. Deretter gjekk dette mønsteret i tiltakande grad i oppløysing. Folk fekk betre råd og ønskte betre plass, og bilismen gjorde det mogleg å flytte ut i drabantbyar og villaområder utanfor den gamle bykjernen. Med det gjekk folketalet i den gamle byen dramatisk ned. Der det hadde budd knapt 57 000 menneske i 1950, budde det i 1980 25 000. I 1964 hadde Trondheim vorte slege saman med nabokommunane Strinda, Leinstrand, Tiller og Byneset, og i 1980 budde 110 000 av innbyggarane i storkommunen i dei tidlegare landkommunane.

Da var Trondheim inne i ein periode med forholdsvis låg vekst, og enno i 2000 hadde kommunen berre 152 000 innbyggarar. Deretter auka det raskt, ikkje minst som følgje av aukande innvandring. I 2019, året før Klæbu med drygt 6000 innbyggarar vart innlemma i Trondheim, hadde bykommunen 196 000 innbyggarar, 1.1.2025 var talet for den samanslegne kommunen 216 518. Av dei hadde nærare 40 000 innvandrarbakgrunn. Også dei næraste nabokommunane vart demografisk, økonomisk og kulturelt stadig tettare integrerte i bysamfunnet, sjølv om dei verken inngjekk i kommunen eller den sentrale tettstaden.

Dei første tiåra etter krigen auka industrisysselsettinga i Trondheim raskt, men frå ein topp i 1972 gjekk tala ned, som elles i den industrialiserte verda på denne tida. Til gjengjeld voks utdanningsinstitusjonane sterkt, og i 1968 vedtok Stortinget å slå saman NTH med Noregs lærarhøgskole og Vitenskapsselskapet til eit fullverdig universitet. Frå 1996 vart universitetet omorganisert under namnet NTNU, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. Rundt NTH/NTNU fekk byen ein serie frittståande forskingsinstitutt med SINTEF i spissen, etter kvart også ein serie internasjonalt orienterte teknologibedrifter. Produksjon og bruk av kunnskap, og av teikn og symbol i vidare tyding, vart i det heile stadig meir sentralt som livsgrunnlag for byen, i tillegg til helse- og sosialtenester, der bysjukehuset gradvis vart utvikla til eit fullverdig universitetssjukehus, frå 2002 under namnet St. Olavs hospital.

Heller ikkje på desse felta var utviklinga i Trondheim noko særsyn. I det heile ser det ut til å vere eit fellestrekk ved mellomstore byar i dei velståande delane av Europa at dei heilt frå den tidlege industrialismen har hatt ei konvergerande utvikling, og at det etter kvart er lettare å peike på kva som er likt enn kva som er ulikt mellom dei. Trondheim er framleis solid forankra i landsdelen, men jamvel dette ankerfestet har med åra vorte svekka, og ei internasjonal orientering har vorte styrkt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bull, Ida (1998). De trondhjemske handelshusene på 1700-tallet; slekt, hushold og forretning, Historisk institutt, NTNU
  • Christophersen, Axel og Nordeide, Sæbjørg W. (1994). Kaupangen ved Nidelva, Riksantikvarens skrifter nr. 7
  • Christophersen, Axel (2020). Under Trondheim. Fortellinger fra bygrunnen, Museumsforlaget
  • Sandnes, Jørn (1997) (hovudred.). Trondheims historie, band 1–6, Universitetsforlaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg