Den viktigaste enkeltverksemda i kommunen er Stavanger lufthavn, Sola. I tilknyting til flyplassen ligg Hovudredningssentralen i Sør-Noreg og helikopterbase for verksemda i Nordsjøen. Her ligg også Sola flystasjon (Luftforsvaret). Det er ein større forsyningsbase for petroleumsverksemda i Risavika/Tananger. Shells oljeraffineri i Risavika (etablert i 1968) blei nedlagt i 2000.
Sola har stor industri knytt til petroleumsverksemda, og av arbeidsplassane i kommunen er nesten halvparten i industri, om ein inkluderer byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Den viktigaste industribransjen er verkstadindustri, med nesten ni tiendepartar av dei sysselsette i industrien, i hovudsak maskinindustri og bygging av skip og boreplattformer. Sola har elles eit av dei største meieria i landet, og næringsmiddelindustrien har i nesten ein tiendepart av dei sysselsette i industrien i kommunen. Kommunen har elles ein del IT-bedrifter.
Sola er ein stor jordbrukskommune med dei trekka som pregar jordbruket på Jæren – eit intensivt husdyrbruk med mjølk, kjøtt og egg som dei viktigaste salsprodukta. Det blir òg dyrka mykje poteter og grønsaker i kommunen, særleg gulrot, og det er forholdsvis store areal under glas, der det mellom anna blir dyrka tomatar og agurkar. Elles har kommunen ein del bærdyrking.
Fisket betyr relativt lite i Sola, sjølv om kommunen er den viktigaste på Jæren målt etter fangst som er ført i land av fiskarar som er heimehøyrande i kommunen.
Godt over halvparten av dei busette yrkesaktive i Sola arbeider utanfor kommunen, dei fleste i Stavanger, nokre færre i Sandnes og i resten av kommunane på Jæren. Av dei som har arbeidsstad i Sola er på den andre sida om lag tre fjerdepartar innpendlarar frå andre kommunar, om lag ein tredjepart frå Stavanger, ein femtepart frå Sandnes og resten fra andre av jærkommunane.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.