Norske aktørar har utvikla og fått skote opp fleire satellittar. Her følgjer ei oversikt over satellittar utvikla og skotne opp av norske aktørar sidan 2000, med vekt på små satellittar. Fleire av desse har vore svært viktige for å demonstrere teknologi.
norske satellittar
Satellittar primært for hav- og AIS-overvåking
Dei fleste småsatellittane Noreg har skote opp sidan 2010 har som føremål å overvake havområda på ulike måtar, eller støtte aktivitetar i Arktis.
AISSat-serien
AISSat 1, 2 og 3 vart skotne opp i perioden 2010–2017 av Forsvarets forskningsinstitutt (FFI), Direktoratet for romverksemd, Kystverket og Kongsberg Seatex. Satellittane har ein AIS-mottakar for registrering av skipstrafikk. AISSat-3 kom aldri i bane på grunn av ein feil med raketten under oppskyting, og gjekk tapt. Satellittane er små kuber med sider på 20 centimeter, men dei høyrer ikkje til den populære typen nanosatellittar kalla CubeSats. Etter aktiv teneste – langt utover planlagt levetid – blei både AISSat-1 og 2 tekne ut av drift. Ein etterfølgjar, AISSat-4, vart skoten opp 30. mars 2026. Denne satellitten er til skilnad frå -1 og -2, ein 6 Unit CubeSat. Denne satellitten vart bygd på svært kort tid for å erstatte AIS-kapasitet som gjekk tapt når fleire av NorSat-satellittane var gått ut av drift.
- Les meir om AISSat
NorSat-serien
NorSat-1 og -2 vart skotne opp i 2014. Seinare har satellittane NorSat-3, -4 og -TD komme til. Desse satellittane er større enn AISSat-familien, og har ei form på omtrent 20 × 30 × 40 centimeter. I tillegg til å ha ein AIS-mottakar er dei utstyrte med andre nyttelaster, anten for vitskap, overvaking av havet eller utprøving av nye kommunikasjonssystem.
- Les meir om NorSat-serien
Forsvarets Forskningsinstitutt
Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI) har fleire prosjekt som har som føremål å dra fram ny teknologi som mellom anna kan hjelpe norske militære operasjonar.
ARCSAT
Ein 6U CubeSat med formål å teste ut nye tjenester for satellittkommunikasjon i nordområda. Satellitten vart skoten opp med ein SpaceX Falcon-9-rakett den 1. april 2022, i ei ca. 550 kilometer høg bane.
MILSPACE2 – Huygens og Birkeland
Dette er to satellittar med formfaktor 6U CubeSat. Desse skal operere i tandem for å fange opp radarsignal frå skip. Prosjektet er eit samarbeid mellom FFI og dei nederlandske forskingsorganisasjonane NLR og TNO. Satellittane er kalla opp etter den nederlandske forskaren Christiaan Huygens og den norske fysikaren Kristian Birkeland. Oppskytinga var 3. januar 2023 med ein SpaceX Falcon-9-rakett frå Florida, til ei banehøgde på omlag 535 km.
Kongsberg
Kongsberggruppen har satellittkonstellasjonen N3X, som (per april 2026) består av tre mikrosatellittar bygde på plattforma MP42H av dotterselskapet Kongsberg Nanoavionics. Desse har AIS-mottakar og navigasjonsradardetektor ombord. Tilsvarande nyttelaster har mellom anna vore testa med NorSat-satellittane. Første satellitt, ARVAKER 1, vart skoten opp den 15. mars 2025, og dei to siste, ARVAKER 2 og 3, 23. juni 2025.
Alle vart skotne opp med Falcon 9-rakettar frå Vandenberg Space Force Base i California. Satellittane går i ei solsynkron bane med ei banehøgde på omtrent 590 km. Dette er mikrosatellittar som er større enn CubeSats med ein masse på nokre ti-tals kilo. Satellittane skal brukast til å overvake skipstrafikk og mørke skip, primært for norske myndigheiter.
Space Norway AS
Space Norway fekk 30. mars 2026 sin første sjølvutvikla eksperimentelle satellitt i bane, Mimir 1. Den vart løfta i bane med ein SpaceX Falcon 9-rakett frå Vandenberg Space Force Base i California. Space Norway har frå før fleire kommunikasjonssatellittar i getostasjonær bane (GEO) og satellittsystemet ASBM som består av to kommunikasjonssatellittar i høginklinert bane (HEO).
Mimir 1 er ein mikrosatellitt bygd av OHB Sweden med ein masse på rundt 93 kg og eit vengespenn (solcellepanel) på 2,3 meter utfalda. Satellitten har to nyttelaster:
- ein programvaredefinert radio (SDR) som ved å bruke fleire ulike antenner, kan operere over eit breitt frekvensspekter, frå 75–6000 MHz. Denne kan brukast som demonstrator for tenester innanfor kommunikasjon, navigasjon og fjernmåling/passiv jordobservasjon.
- ein VDES-radio kobla til ei utfaldbar kryssa Yagi-antenne som sekundærnyttelast.
Satellitten går i ei omtrent 590 km høg solsynkron bane. Han er utstyrt med fleire ionemotorar for å kunne justere banehøgda oppover for å forlenge levetida i bane, gjere unnamanøver viss satellitten kjem nær andre satellittar og vidare kunne redusere banehøgda for retur til atmosfæra når det vert nødvendig. Dei to siste funksjonane er viktige for å unngå å lage meir romsøppel.
Student- og universitetssatellittar
FramSat-1 (2026– )
FramSat-1 har namn etter polarskuta Fram som vart brukt til å utforske Arktis og Antarktisk av Fridtjof Nansen, Otto Sverdrup og Roald Amundsen. FramSat-1 er ein CubeSat med kvadratisk form på 10 cm × 10 cm × 10 cm, og er den første norske satellitt skoten opp frå norsk jord. Satellitten vart skoten opp med ein Spectrum-rakett frå det tyske selskapet ISAR Aerospace frå oppskytingsbasen til Andøya Space i september 2026. Studentar ved studentorganisasjonen Orbit NTNU har stått for utviklinga og bygginga av satellitten.
Satellitten går i ei solsynkron bane, omtrent 500 kilometer over jordoverflata. Nyttelasta som satellitten har med, er mellom anna ein liten solsensor, som kan brukast til å betre estimere retningen frå satellitten til sola.
Prosjektet har vore eit samarbeid mellom fleire aktørar, der hovudformålet har vore å få ein norsk satellitt i bane ved første moglegheit frå Andøya.
SelfieSat (2022–2024)
SelfieSat er ein 2U CubeSat (form på 10 cm × 10 cm × 20 cm) utvikla av studentar ved NTNU i studentorganisasjonen Orbit NTNU. Satellitten vart skoten opp med ein SpaceX Falcon-9-rakett i mai 2022. På grunn av ein feil med overføringsfartøyet satellitten låg inne i, vart han ikkje sendt ut i eiga bane før i midten av august 2022, då det vart oppdaga at han sender regelmessige radiosignal.
Satellitten var utstyrt med fleire kamera, mellom anna eit selfie-kamera som var tenkt å ta bilete av ein skjerm på satellitten, der det skulle visast bilete av personar. Satellitten fungerte delvis etter planen, men skjermen losna delvis, slik at framsida av skjermen ikkje var synleg for kameraet. I september 2024 kom satellitten inn i atmosfæra igjen og brann opp.
HYPSO-1 og HYPSO-2 (2022– )
HYPSO-satellittane er 6U CubeSats frå NTNU. Begge med ei forskingsnyttelast som er eit hyperspektralt kamera. HYPSO-1 vart vart skoten opp i januar 2022 saman med 104 andre satellittar om bord i ein SpaceX Falcon 9-rakett frå Cape Canaveral Space Force Station i Florida. Satellitten vart sett inn i ei 540 km solsynkron bane. Sjølve satellitten er bygd av eit selskap i Litauen, medan nyttelasta er utvikla ved NTNU.
HYPSO-2 vart skoten opp i august 2024 i ei rundt 590 km solsynkron bane. Satellitten har eit tilsvarande hyperspektralt kamera som HYPSO-1, men har også eit forbetra vanleg RGB-kamera og ein ned-link-radio med større kapasitet.
HiNCube
HiNCube er ein liten satellitt (1U CubeSat) utvikla av studentar ved tidlegare Høgskolen i Narvik (no UiT Norges arktiske universitet, campus Narvik). Satellitten vart skoten opp i 21. november 2013 med ein Dnepr bærerakett frå Yasny oppskytingsbase i Russland til ei 594 km × 682 km solsynkron bane, men det vart ikkje oppnådd kontakt med denne. Hovudnyttelast var eit lite kamera. I april 2026 har satellitten ei banehøgd på ca 540 km.
nCube 1 og 2
nCube er to 1U CubeSats utvikla av NTNU, Universitetet i Oslo (UiO), tidlegare Høgskolen i Narvik (HiN) og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU). Satellittane skulle spore reinsdyr ved hjelp av AIS.
nCube 1 gjekk tapt då oppskytinga med ein Dnepr-rakett frå Bajkonur feila i juli 2006. nCube 2 vart skoten opp i oktober 2005 med ein Kosmos 3M-rakett frå rakettbasen Plesetsk i Russland til ei 682 km solsynkron bane. Raketten var montert inni ein større europeisk studentsatellitt.
Sidan ein aldri fanga opp signal frå nCube 2, er ein teori at satellitten sat fast inni «modersatellitten», i alle fall så lenge at batteria vart tømde og difor ikkje fungerte. På fleire måtar kan ein likevel seie at prosjektet danna noko av grunnlaget for den vidare utviklinga av rom-basert AIS i Noreg, som starta med AISSat-serien. nCube 2 har i april 2026 ei banehøgde på knapt 650 kilometer.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.