En lysende bue fra bakken opp mot en mørk himmel, som viser rakettens oppskyting.
Vellukka oppskyting av bæreraketten Spectrum 2 frå Andøya Spaceport.
Foto
Av /NTB.
Raketten Spectrum på Andøya Spaceport før den fyrste testoppskytinga i mars 2025. Raketten flaug i knappe 30 sekund før ferda vart avbrote og raketten fall ned i sjøen ved oppskytingsbasen.
Foto
Av /NTB.

Spectrum er ein liten bærerakett frå det tyske selskapet ISAR Aerospace. Spectrum er den einaste europeiske raketten som har gjennomført ei vellukka oppskyting frå vest-europeisk fastland (2026), noko som kan vere av stor betyding for europeisk uavhengigheit og tilgang til verdsrommet. Raketten kan løfte rundt 1 tonn opp til låg jordbane, og 700 kg til solsynkron bane.

Spesifikasjonar

Raketten er 28 meter høg og har ein diameter på omtrent 2 meter. Dette er ein totrinnrakett med ni motorar i første trinn, og ein motor i andre trinn. Alle motorane er av same typen, og brukar ei blanding av propan og flytande oksygen som drivstoff. Rakettkroppen er i stor grad produsert av karbonfiber.

Med ein kapasitet på 700 kg til solsynkron bane har raketten ein kapasitet på i underkant av ein tiendedel samanlikna med til dømes ein SpaceX Falcon 9.

Oppskytingar

Spectrum er den første typen rakett som vert skoten opp frå rakettbasen til Andøya Space. Den første testoppskytinga vart gjennomført i mars 2025. Då flaug raketten i knappe 30 sekund før ferda vart avbrote og raketten fall ned i sjøen ved oppskytingsbasen. Ferda vart avbrote fordi raketten ikkje fekk ei normal flygebane.

Første orbitale oppskyting

I september 2026 vart det gjennomført ei vellukka oppskyting av raketten.

Raketten hadde med fem små satellittar og eit eksperiment ombord. Satellittane kom frå ulike europeiske universitet og selskap, mellom anna satellitten FramSat-1 frå NTNU. Satellittane vart plassert ut i ei solsynkron bane, omtrent 500 kilometer over jorda.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg