-
05. desember 2025
Tel ned til julaftan med vår ordførarkalender
Frå 1837 til 2025 har vi hatt mange kommunenamn, vekslande kommunegrenser, ein haug med ordførarar (stort sett menn), og vi har nesten aldri hatt nok pengar. Her er nok ein julekalender du ikkje visste at du ønska deg, og som du eigentleg ikkje treng. Eit utval på 24 ordførarar i nokså tilfeldig rekkefølge frå Ous, Strandvik, Hålandsdalen, Fusa, Os og Bjørnafjorden, og kommunal kuriosa frå periodane dei styrte.
-
05. desember 2025
Vil du vere med å bygge framtidas omsorgsbustader i Bjørnafjorden?
Bjørnafjorden står overfor ei stor endring i befolkningssamansettinga. Dei neste åra vil vi få mange fleire eldre og andre i brukargrupper med behov for omsorgstenester.For at vi i kommunen framleis skal kunne gi desse brukargruppene helse- og omsorgstenester på ein god og effektiv måte, treng vi passande bustader, der dei kan få heildøgns omsorgstenester og aktivitetstilbod.Dagens bustad- og tenestestruktur i Bjørnafjorden kan ikkje løyse morgondagens utfordringar. Derfor lyser vi no etter utbyggarar og tomteeigarar som vil vere med å bygge framtidsretta omsorgsbustader.
-
05. desember 2025
Velkommen til juleverkstad i Ung Arena onsdag 10. desember!
Alle mellom 13 og 20 år er velkommen til juleverkstad i Ung Arena, arrangert av ungdom for ungdom.
-
04. desember 2025
Har du merknader til budsjettet for 2026?
Bjørnafjorden kommune si innstilling til budsjettet for 2026 og økonomiplanen 2026-2029, inkludert gebyr- og prisliste for 2026, er lagt ut til offentleg ettersyn.