Praksis i samanliknande politikk - utanbys
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- SAMPOL291
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål: Praktikantopphaldet skal bidra til å sjå den faglege kompetansen samanliknande politikk gjev i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verte meir medvitne på eiga yrkesrolle og yrkeshøve.
Innhald: Studentane deltek i daglege arbeidsoppgåver i verksemda dei er utplasserte i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante i forhold til deira faglige kompetanse og i forhold til bedriftene sine behov.
Studentane får rettleiing både frå verksemda og frå Institutt for samanliknande politikk.
Studentane skal i ein praksisrapport drøfte arbeidsoppgåver og praksisbedrift, egen kompetanse i forhold til praksisen og reflektere over praksissemesteret, samt presentere utgreiings- eller prosjektarbeid som er gjort for bedrifta.
Læringsutbytte
Etter å ha avslutta praksisemnet skal studenten ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Ferdigheter
- Nytte fagkunnskapane studiet i samanliknande politikk gjev i ein reell arbeidssituasjon.
- Kombinere teori med erfaringsbasert læring og reflektere over forholdet mellom teori og praksis.
- Danne eit bilde av korleis bedrifter organiserer arbeidet, og relatera spørsmål knytt til statsvitskap til reelle og aktuelle situasjonar i arbeidslivet.
- Reflektera meir medvitsfullt over eiga kompetanse og drøfte bruk av faglig kompetanse i praksis.
- Kritisk vurdere eiga praksisopphald.
Generell kompetanse
- Skrive faglege forankra tekstar basert på behovet til arbeidsgivar.
- Kommentere og gi tilbakemelding på skriftleg arbeid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Nynorsk
Emnet er for studentar på bachelorprogram i samanlinande politikk og europastudier.
Følgjande krav til studieprogresjon og karakterar gjeld:
- Emnet er avgrensa til studentar som har oppnådd karakteren C eller høgare i MET102 eller MET103 og MET104 og karakteren C eller høgare i snitt på spesialiseringsemna som inngår i studieprogrammet vedkomande er teken opp på.
- Vidare er emnet avgrensa til studentar som har godkjend eksamen i ein av følgjande emnekombinasjonar:
- SAMPOL105 SAMPOL106 og SAMPOL107
- EUR101, EUR103, EUR105 (SAMPOL215 kan erstatte EUR105)
Dei søkjarane som møter krava ovanfor vil verte vurderte på grunnlag av søknaden og CV-en dei sender inn, og kan også verte vurderte gjennom jobbintervju hos praksisverksemda.
Søknadsfrist
15. mai (haust) / 15. november (vår)
Arbeids- og undervisningsformer
Form: bedriftsbesøk og individuelle rettleiingar.
Mengd veker i praksis: 16 veker. Til saman eit heilt semesters arbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Innlevering av praksisrapport 5500-7500 ord.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret.
Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til