Bli studentassistent ved Handelshøgskolen UiS hausten 2026!

Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ynskjer å kombinere studiet med jobb hausten 2026. Søknadsfristen er 26. mai.

Publisert Sist oppdatert

Ledige stillinger:

Vi søker også studentassistentar til ØkadLounge!

ØkadLounge er ein fagleg og sosial møtestad for studentar på bachelorstudiet (både første og andre året) i økonomi og administrasjon og årsstudiet i økonomi og leiing. I ØkadLounge kan studentar sitje og jobbe med studiet, få hjelp frå andre studentar og treffe vennar og kjende. Studentane får vaflar og noko varmt å drikke. Det vil alltid vere studentassistentar til stades for å hjelpe til med faglege spørsmål.

Din jobb som studentassistent er å få studentane til å føle seg velkomne, skape god stemning og hjelpe til med dei spørsmåla studentane måtte ha, etter beste evne.

Studentar med erfaring frå studentassistentstillingar blir føretrekte framfor andre når vi skal rekruttere. Dette er fordi dei har relevant erfaring og har vist engasjement i studietida.

Anne Cathrin Østebø, administrerande direktør i Validé

Kvifor bli studentassistent?

Her er fem gode grunnar!

1. Relevant arbeidserfaring på CV-en gjev deg eit forsprang

Arbeidsgjevarar ser ikkje berre på utdanning når dei rekrutterer. Korleis skil du deg ut frå andre nyutdanna med same utdanning? Ein jobb som studentassistent gjev deg relevant arbeidserfaring allereie før du er ferdig utdanna. Gjennom å kombinere jobb og studiar viser du òg at du er strukturert og at du har god arbeidskapasitet.

2. Det er ein lønna og ettertrakta jobb med sterk signaleffekt

Det er ei deltidsstilling som kan kombinerast med å vere heiltidsstudent. Å ha vore studentassistent signaliserer at du har viktig kompetanse: Du er dyktig, engasjert og motivert. At du har vore studentassistent viser at du gjerne tar ei utfordring, og ikkje er redd for å kaste deg ut i noko nytt.

3. Det er fagleg utviklande

Det finst knapt noko betre måte å lære på enn å lære bort. Ved å forklare fagstoff til medstudentar utviklar du sjølv ei djupare forståing av faget. Det stimulerer òg kreativiteten og kommunikasjonsevnene dine, sidan du må forhalde deg til studentar med ulik bakgrunn og kompetanse.

4. Det er personleg utviklande

Dei aller fleste er ukomfortable med å presentere foran eit publikum. Men dette handlar om trening! Jo oftare du vågar å gå utanfor komfortsona di, desto større blir den. Du vil òg oppleve gleda av å sjå korleis medstudentar, på grunn av di hjelp, skjønar ein vanskeleg teori som du sjølv nyleg strevde med – og skjønte til slutt.

5. Du blir god til å samarbeide og byggjer nettverk

Som studentassistent får du moglegheita til å bygge viktige sosiale og faglege nettverk, sidan du samarbeider tett med førelesarane ved Handelshøgskolen. Gode samarbeidsevner blir høgt verdsett i arbeidslivet.