â For Ã¥ fremje best mogleg utvikling hos smÃ¥ barn er det viktig at dei fÃ¥r høve til Ã¥ utforske miljøet sitt pÃ¥ ein trygg mÃ¥te, og byggje erfaringar med omsorgspersonar og andre gjennom Ã¥ vere fysisk aktive i utandørs og innandørs leik, snakking, lesing, synging og liknande, seier konstituert helsedirektør Mariann Hornnes.
Helsedirektoratet anbefaler at:
- Barn under 2 år bør unngå skjerm
- Barn 2-5 år bør avgrense skjermbruk inntil 30 min - 1 time dagleg på fritida
- Barn 6-12 år bør avgrense skjermbruk inntil 1 - 1,5 time dagleg på fritida
- Ungdom 13-18 år bør avgrense skjermbruk inntil 1,5 - 3 time dagleg på fritida
Foreldre som rollemodellar
I dei nye skjermråda anbefaler Helsedirektoratet at føresette bør avgrense eigen skjermbruk når dei er saman med barn og unge.
â Som rollemodellar pÃ¥verkar skjermbruken til føresette skjermvanane til barnet. Skjermbruken til føresette kan svekkje kvaliteten pÃ¥ relasjonen til barnet ved at den vaksne blir mindre tilgjengeleg for barnet, pÃ¥peikar Mariann Hornnes.
Når føresette er saman med barn og ungdom bør dei:
- Unngå å bruke skjerm for å trøyste eller avla barnet frå negative kjensler
- Unngå at det blir brukt skjerm under måltid
- Unngå å ha på skjerm i bakgrunnen, spesielt for små barn sørgje for at skjermbruk ikkje går ut over behovet til barnet for fysisk aktivitet
- Sørgje for at barnet unngår skjerm den siste timen før leggjetid og ikkje har tilgang til skjerm ved senga
- Engasjere seg i det som skjer på skjermen og snakke med barnet om korleis digitale opplevingar kan påverke tankar og kjensler
Råda er laga for barn og unge, men også for foreldre og helsepersonell. Helsedirektoratet har sett på danske og svenske råd i arbeidet, gått gjennom forsking og henta inn erfaringsbasert klinisk kunnskap, brukarkunnskap og brukarerfaring.
NÃ¥r vaksne er oppteken av skjermen, blir det vanskelegare for barnet Ã¥ tolke ansiktsuttrykk og kjensler. Det kan gjere at barnet mistar viktig støtte for Ã¥ forstÃ¥ det som skjer rundt seg â og i verste fall kjenner seg avvist.
Råd på høyring
Nasjonale faglege råd for skjermbruk blant barn, unge og føresette er utarbeidde på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.
Det vil vere mogleg å komme med innspel til råda som blir sende på høyring ut september. Etter denne høyringa vil råda bli gjennomgått og oppdaterte.