â Kalkulatoren gir gode estimat pÃ¥ sparte helsetenestekostnadar, og viser at auka fysisk aktivitet kan vere eit viktig verkemiddel for Ã¥ møte dei utfordringane helsetenesta stÃ¥r ovanfor i Ã¥ra som kjem, seier helsedirektør Cathrine M. Lofthus i Helsedirektoratet.
Helsedirektoratet har oppdatert kalkulatoren for berekning av friske leveår (DALYs), basert på fleire nye rapportar. Den inkluderer no heilt nye tal som estimerer sparte helsetenestekostnader og redusert sjukdomsbyrde ved auka fysisk aktivitet i befolkninga.
NÃ¥r ei gruppe menneske aukar aktivitetsnivÃ¥et for Ã¥ betre livskvaliteten og blir friskare, kan dei vinne fleire friske leveÃ¥r i eit livsløpsperspektiv. Dette kan samstundes gi lÃ¥gare kostnadar for helsetenesta â bÃ¥de for stat, kommune og kvar enkelt av oss.
Mykje å spare
Nedanfor er tre døme på estimerte gevinstar, i friske leveår og sparte helsetenestekostnadar, dersom eit visst tal personar i ulike aldersgrupper aukar aktivitetsnivået. 54 % av helsetenestekostnadane blir betalt av staten, 32 % av kommunen og 14 % av den enkelte.
Tal personar | Alder (år) | Endring i aktivitetsnivå | Vunne friske leveår i eit livsløp (DALY) | Potensielt sparte helsetjenestekostnadar (millioner kr/år) |
200 | 30 | Inaktiv* - Fysisk aktiv ** | 2 138 | 7 |
1 000 | 50 | Inaktiv - Delvis aktiv*** | 7 300 | 40 |
30 000 | 60 | Delvis aktiv - Fysisk aktiv | 205 800 | 1 529 |
* Vanlegvis ein stillesitjande kvardag, lite aktivitet
** Kan vere 20 minutt dagleg rask gange
*** Kan vere 10â15 minutt dagleg roleg tur
â Vi hÃ¥par kalkulatoren blir eit nyttig verktøy for kommunar og andre som ynskjer Ã¥ anslÃ¥ samfunnsgevinstar av tiltak som fremmar fysisk aktivitet, seier Lofthus.
â Kva meiner vi med friske leveÃ¥r?
â Fleire friske leveÃ¥r betyr at ein er mindre sjuk i arbeidsfør alder, og friskare og meir sjølvhjelpen som eldre. Kalkulatoren bygger pÃ¥ ein rapport som vurderer effekt av fysisk aktivitet pÃ¥ ni ulike sjukdomar og dødelegheit. Estimata er konservative, svarar Lofthus.
I tillegg kjem umiddelbare helsegevinstar som:
⢠Redusert blodtrykk
⢠Betre blodsukkerregulering og søvn
⢠Positive effektar på angst og stress
⢠Betre muskel- og skjeletthelse
⢠Auka kognitiv funksjon