Ei isrose består av iskrystallar med ein sekskanta struktur. Når vatn frys til is, blir det nemleg danna hydrogenbindingar mellom vassmolekyla. Seks og seks vassmolekyl slår seg saman i ein ring og dannar ein sekskant, og lufttemperaturen er med å bestemme korleis isrosene ser ut. Viss avkjølinga skjer raskt, kan iskrystallane bli store. Isroser kan vere store som handflater eller veldig små, og nokon kan sjå ut som fuglefjør.
Faktaboks
- Også kjend som
- isblomst, isblom, isblome
For at det skal dannast isroser, må det ikkje vere nedbør og temperaturen må vere under 0 °C. Lufta må i tillegg vere relativt turr og fukta eller vassdampen i lufta frys direkte på kalde overflater, til dømes vindaugeruter eller liknande overflater. Det er dimed ein rett kombinasjon av temperatur og luftfukt som fører til danning av isroser; er lufta for fuktig blir eit tynt islag danna, og er lufta for turr blir det ikkje danna isroser. Når lufttemperaturen er mellom –1 °C og –3 °C, kan snøkrystall danne flak med isroser.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.