Havressurslova er ei norsk lov som regulerer fiske og anna uttak av viltlevande marine ressursar i Noregs sjø og land (utanom Jan Mayen og Svalbard), på norsk kontinentalsokkel og i Noregs økonomiske sone. Viltlevande marine ressursar er definerte som fisk, sjøpattedyr med heilt eller delvis tilhald i sjøen, andre marine organismar og plantar med tilhald i sjøen eller på eller under havbotnen som ikkje er i privat eige (§ 3).

Faktaboks

Fullt namn
lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar
Kortnamn
havressurslova
Tredd i kraft
01.01.2009
Lovdata-ID
NL/lov/2008-06-06-37

Fiske etter anadrom laksefisk, innlandsfisk og ferskvassorganismar blir regulerte av lakse- og innlandsfiskloven, og skil seg frå havressurslova ved at fiskerettene kjem frå privat eigedomsrett knytt til grunnen.

Føremålet med havressurslova er å sikre ein berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet, og dessutan medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna (§ 1).

Havressurslova erstatta og utvida den tidlegare saltvassfiskelova. Bakgrunnen for havressurslova var mellom anna vedtakinga av FNs Havrettskonvensjon og konvensjonen om biologisk mangfald, i tillegg til Oslo-Paris-konvensjonen om det marine miljøet i Nordaust-Atlanterhavet (OSPAR).

Innhaldet i lova

Havressurslova regulerer tilgang til ressursar som er utan eigar fram til dei blir fiska eller tatt ut på annan måte. Desse ressursane «ligg til fellesskapet i Noreg» ifølge lovas § 2.

Havressurslova dannar saman med deltakarlova grunnlaget for tildeling av fiskekvotar. Der havressurslova med tilhøyrande forskrifter regulerer kva, kor mykje, kor, korleis og når ein kan fiske eller på andre måtar ta ut av viltlevande marine organismar, regulerer deltakarlova kven som kan gjere dette.

Basert på havressurslova fastset Fiskeridirektoratet forskrifter som regulerer kva, kor mykje, kor, korleis og når ein kan fiske, under dette minstemål for fisk. I 2025 er det 156 slike aktive forskrifter, som blir endra løpande baserte på informasjon om fiskebestandane. Haustingsforskrifta fastset fleire reglar for fiske som gjeld generelt, mellom anna kva reiskapar ein kan bruke, kva ein skal gjere dersom ein mister ein reiskap på sjøen, kor ofte ein må røkte reiskapar, og kor mykje bifangst ein kan ha. For å finne ut kva som gjeld i området ein ønsker å fiske, må ein undersøke om det er andre forskrifter som også gjeld. Barentswatch og Fiskeridirektoratet driftar karttenester som gir oversyn.

Omsyn som skal vektleggast i forvaltninga av dei marine ressursane er mellom anna føre-var-prinsippet og prinsippet om økosystembasert tilnærming.

Ifølge lova skal det vere tilstrekkeleg kontroll med uttak av marine ressursar og ei føremålstenleg fordeling av ressursane, som også kan medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Vidare skal reguleringar etter havressurslova forankrast i ressursforvaltningsomsyn, og vere i tråd med dei fastsette totalkvotane. Eit anna omsyn som skal vektleggjast er at lova skal bidra til å sikre det materielle grunnlaget for urfolks kulturutøving, her den sjøsamiske kulturen.

Havressurslova er ansvaret til Nærings- og fiskeridepartementet, som har delegert mykje av oppfølginga til Fiskeridirektoratet. Fiskeridirektoratet gjennomfører fiskerikontroll for å sørge for etterleving av havressurslova. Økokrim har eit særleg ansvar for straffeforfølging av fiskerikriminalitet.

Historikk

Arbeidet med ny havressurslov starta fordi det hadde vore ei utvikling både innanfor næringa og i samfunnet sidan saltvassfiskelova vart vedtatt i 1983. Viktige internasjonale utviklingar med relevans for lovarbeidet var mellom anna vedtaking av FNs Havrettskonvensjon og konvensjonen om biologisk mangfald, i tillegg til Oslo-Paris-konvensjonen om det marine miljøet i Nordaust-Atlanterhavet (OSPAR).

Havressurslovutvalet vart utnemnt i 2003 for å gå gjennom gjeldande reglar, vurdere utviding av virkeområdet for lova, vurdere revisjon og forenkling av gjeldande reglar, og å føreslå nye føresegner i tråd med anna ny lovgiving og folkerettslege forpliktingar. Utvalets NOU kom i 2005, og ny havressurslov vart vedtatt i 2008.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • NOU 2005:10. Lov om forvaltning av viltlevende marine ressurser. Havressurslovutvalget. Tilgjengelig hos Bokhylla
  • Guri Hjallen Eriksen. Karnov lovkommentar til havressurslova, 2023.
  • Bjørn-Ivar Bendiksen. Karnov lovkommmentar til høstingsforskriften, 2024.
  • Jørgen Anton Stubberud. Karnov lovkommentar til deltakerloven, 2024.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg