Faktaboks

Også kjend som

Voss herad

Administrasjonssenter
Vossavangen
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
16 000 (2026)
Landareal
1 958 km²
Høgaste fjell
Olsskavlen (1576 moh.) på grensa til Granvin
Innbyggjarnamn
vossing, voss (mann), vosse (kvinne), vesser (fleirtal), gravensar
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4621 (frå 01.01.2020, tidlegare 1235)
Kommunevåpenet viser ei hardingfele i sølv mot ein raud bakgrunn.
Voss kommune i Vestland fylke.
Kart: Voss kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Voss. Utsikt over Voss sentrum med Vangsvatnet til venstre. I bakgrunnen Hanguren og Lønahorgi. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /NTB ※.

Voss er ein kommune som ligg sentralt i Vestland fylke og omfattar Vossevassdraget mellom Kjetleneset noko vest for munninga av Vosso i Bolstadfjorden i vest og Ørnaberget ved Mjølfjell øvst i Raundalen i aust, likeså sidedalane og fjelltraktene på begge sider.

Voss kommune grensar mot kommunane Vik i nord, Aurland i nordaust, Ulvik i aust, Ullensvang og Kvam i sør og Vaksdal i vest. Sentralt i kommunen ligg Vangsvatnet med administrasjonssenteret Vossavangen i austenden.

Voss kommune vart oppretta i 1838 som eit resultat av formannskapslovane som blei vedtekne året før. I 1868 blei nordre del av kommunen, Vossestrand, skild ut som eigen kommune, og i 1885 blei likeså vestre delen, Evanger, eigen kommune.

Voss kommune vart i 1964 slått saman igjen med Vossestrand og Evanger, sistnemnde med unnatak av Eksingedalen og Bergsdalen lengst nordvest i den dåverande kommunen. Desse to områda blei samstundes overført til Vaksdal kommune.

Voss fekk dei noverande grensene sine i 2020. Så vart heile tidlegare Granvin kommune innlemma i Voss som ein lekk i ein større nasjonal kommunerevisjon.

Natur

Berggrunnen i Voss tilhøyrer skyvedekka i dei såkalla Kaledonidene (sjå Den kaledonske orogenese), Dei består av glimmerskifer i dei sentrale strøka i kommunen omkring Vangsvatnet, likeså mellom skyvedekka som dekkjer skiferen. Skyvedekka av gneis, granitt og gabbro (anortositt) dannar dei høgastliggjande partia i kommunen; høgast ragar Olsskavlen (1576 meter over havet) som ligg sør for Raundalen, nær grensa mellom dei tidlegare kommunane Voss og Granvin. Blåfjellet på grensa til Vik i nord når 1548 meter over havet. Mest kjend av fjella i Voss er Lønahorgi (1410 meter over havet) like nord for Vossavangen.

Lengst nordvest i kommunen ligg delar av Stølsheimen landskapsvernområde, og i nordaust ligg delar av Nærøyfjorden og Bleia-Storebotnen landskapsvernområde. Begge desse er oppførte på UNESCOs Liste over kultur- og naturarven i verda.

Busetnad

Frå Urdland i Raundalen.
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Folketal

tidspunkt Innbyggjarar
1951 13845
1952 13792
1953 13867
1954 14026
1955 14034
1956 14100
1957 14187
1958 14228
1959 14299
1960 14305
1961 14294
1962 14388
1963 14491
1964 14343
1965 14537
1966 14638
1967 14691
1968 14809
1969 14862
1970 14804
1971 14721
1972 14744
1973 14773
1974 14856
1975 14907
1976 14988
1977 14950
1978 15046
1979 15091
1980 15159
1981 15160
1982 15138
1983 15162
1984 15184
1985 15145
1986 15122
1987 15108
1988 15155
1989 15106
1990 15071
1991 15126
1992 15000
1993 14923
1994 14993
1995 14941
1996 14893
1997 14830
1998 14776
1999 14726
2000 14770
2001 14833
2002 14802
2003 14858
2004 14792
2005 14858
2006 14816
2007 14763
2008 14732
2009 14818
2010 14849
2011 14904
2012 14901
2013 14965
2014 15079
2015 15268
2016 15345
2017 15447
2018 15508
2019 15543
2020 15740
2021 15787
2022 15875
2023 16144
2024 16471
2025 16436
2026 16438
Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Busetnaden finn ein særleg i dei nedre delane av dalane som fører mot Vossavangen, Raundalen frå aust, Strandaelvi sitt dalføre frå nordaust og Bordalen frå sør. Relativt tett busetnad finn ein og rundt austenden av Evangervatnet og einskilde stader i Vosso sitt dalføre ned til Bolstadøyri, likeså i området Eide/Røynstrand innafor botnen av Granvinsfjorden i søraust i kommunen.

Omkring administrasjonssenteret Vossavangen ligg eit ope, fruktbart landskap rundt det idylliske Vangsvatnet. Skulestadmoen og Mønshaugen/Bjørgum, som er nummer to og tre etter folketal av Voss sine tettstader, ligg høvesvis nord og søraust for Vossavangen.

Med få unntak har folketalet i Voss – basert på dagens kommunegrensar – halde seg relativt stabilt eller synt svak vekst i heile etterkrigstida .

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det fem tettstader i Voss (2025). Tettstadene er til saman 6,7 km².

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Vossavangen 7 165 44 % 4,0 km²
Skulestadmoen 1 465 9 % 1,2 km²
Mønshaugen/Bjørgum 811 5 % 0,6 km²
Eide 539 3 % 0,7 km²
Nordheim/Kyte 355 2 % 0,3 km²
Sum 10 335 63 % 6,7 km²

* Andelen av innbyggjarane i Voss kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Næringslivet på Voss er prega av Vossavangen si rolle som handels-, administrasjons-, skule- kommunikasjons- og turistsenter, og servicenæringane sysselset omlag tre firedelar av yrkesbefolkninga i kommunen. Elles er jordbruk og industri av betydning.

Etter Sunnfjord og Alver har Voss størst jordbruksareal i drift blant kommunane i Vestland. Av jordbruksarealet i kommunen nyttast 36 prosent til åker og hage, resten til eng og beite. Jordbruket er dominert av husdyrhald, særleg av storfe og sau. For begge desse dyreslaga har Voss etter Alver og Sunnfjord høgast dyretal blant kommunane i Vestland fylke.

Også når det gjeld den samla storleiken på skogarealet og avverknaden av tømmer for salg, ligg Voss på tredjeplassen blant kommunane i Vestland fylke. I 2025 vart det avvirka i alt 24 600 kubikkmeter tømmer i Voss, og dette utgjorde ni prosent av Vestland fylkes totale avverknad dette året.

Voss har ein variert Industri med hovudvekt på trelast-/trevare-, næringsmiddel- og maskinindustri.

Voss er kommunen med åttande størst vasskraftproduksjon i Vestland, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei 29 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1653 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Evanger (i drift fra 1969), som står for om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Hodnaberg (1953) og Oksebotn (1988). Eviny Fornybar er hovudeigar av om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Voss Energi Produksjon med om lag ein tiandedel.

Samferdsel

Frå Seimsgrend, med Bergensbanen på ei side og E16 på hi side av Seimsvatnet.
Av .
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Bergensbanen går gjennom kommunen og følgjer frå aust Raundalen ned til Vossavangen og vidare vestover langs Vangsvatnet og Vossos dalføre ned til Bolstadfjorden som den følgjer på sørsida. Hardangerbana (Voss–Granvin) vart nedlagt i 1985. Den øvste strekninga på denne bana, frå Voss stasjon til Palmafossen godsterminal, blir i dag nytta til godstrafikk.

E16 går gjennom kommunen, frå grensa mot Aurland i Nærøydalen i aust og til Kluftafjelltunnelen på sørsida av Bolstadfjorden på grensa mot Vaksdal i vest.

Riksveg 13, indre stamvegVestlandet, går frå grensa mot Ullensvang kommune i Vallaviktunellen i sør via Vossavangen til grensa mot Vik i Sogn på Vikafjellet i nord. Frå Hollve på riksveg 13 ved Granvinvatnet fører fylkesveg 5380 austover til Ulvik.

Frå Vossavangen fører fylkesvegar mellom anna austover opp Raundalen, likeså sørover opp Bordalen. Frå E16 i Bulken ved vestenden av Vangsvatnet går fylkesveg 5400 fyrst sørover opp til Hamlagrø og vidare vestover ned Bergsdalen attende til E16 i Dale i Vaksdal kommune.

Det er ein småflyplass utan rutetrafikk på Bømoen ved Vossavangen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

På Vossavangen ligg Voss sjukehus og ei rekkje mindre helseinstitusjonar. Kommunen har fem vidaregåande skular med ei rekkje studieretningar; forutan allmenne- og økonomiske linjer òg husflidsskule, jordbruksskule og helse- og sosialfagleg linje. Det finst òg ein folkehøgskule. I tillegg ligg Ole Bull Akademiet på Voss, som underviser i og om norsk folkemusikk og folkedans.

Voss høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Voss kommune svarer til dei seks sokna Evanger, Oppheim, Raundalen, Vinje, Granvin og Voss i Hardanger og Voss prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Voss til Hardanger og Voss fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Voss

Parti av Borstrondi med tettstaden Skulestadmoen og utsyn mot Dukstad og Kvitheim-gardane på hi sida av Strandaelvi.

For statistiske formål er Voss (per 2016) delt inn ni delområde med til saman 58 grunnkrinsar:

  • Evanger: Rongen, Bolstad/Vassenden, Evanger/Skorve, Teigdalen, Vossadalen, Åburdahorgi, Kringsdalen
  • Bulken: Vestbygdi, Dyrvedalen vest, Dyrvedalen aust, Skjeldal, Viki, Hamlagrø
  • Bordalen: Giljane, Gjerald, Bordalen, Vivås/Mala, Fenne, Mønshaugen, Gråsida, Almenningane, Austfjelli
  • Kvitli: Gjernes, Haugamoen, Kvitli
  • Tjukkebygdi: Tjukkebygda
  • Vossevangen: Gullfjordungen, Finne, Ullestad/Mølster, Rognsbakken, Hagebyen, Vangen, Nordfjelli
  • Borstrondi: Ringheim, Skulestadmarka, Skulestadmoen, Borstrondi, Reppen, Nedkvitne, Kvitheim
  • Raundalen: Kyte, Kløve, Urdland, Lid, Reime, Mjølfjell, Horndalen, Raundalsfjelli
  • Vossestrand: Stalheim, Hauge, Framnes, Vinje, Myrkdalen, Sundve, Egdetveit, Vikafjellet, Kvanndalen, Brandsetdalen

Historikk og kultur

Hyttetun på Bavallen framfor det ruvande fjellet Lønahorgi.
Lisens: CC BY SA 3.0
Stalheimsfossen 22.06.2024
Lisens: CC BY SA 3.0
Ekstremsportveko i Voss er det største ekstremsportarrangementet i verda og har blitt arrangert kvart år sidan 1997.
Ekstremsportveko
Av /NTB.

Det er gjort mange og til dels verdifulle gravfunn i kommunen. I høgmellomalderen utgjorde Voss og det omkringliggjande landet eit eige fylke – Vǫrsaveldi («vossaveldet»), som strekte seg frå Sygnafylki til Osterøya. Sentralt på Vossavangen ligg den store steinkyrkja Voss kyrkje frå rundt 1270 i gotisk stil, og med inventar og utsmykking frå hovudsakleg 1600-talet. Aust for kyrkja finst Olavskrossen til minne om kristninga til vossingane i 1023.

Voss offentlege landsgymnas vart oppretta i 1916 som det første landsgymnaset i landet. Det regionale symfoniorkesteret Fossegrimen vart skipa i 1917.

Voss folkemuseum og Granvin bygdemuseum har eit titals bygningar ulike stader i kommunen. Finnesloftet på garden Finne er ein av dei eldste verdslege bygningane i landet, truleg bygd i 1295. Lydvaloftet er om lag 100 år yngre. Magnus Dagestadmuseet har møblar, treskurd, måleri og teikningar. Mølstertunet er eit godt bevart vestlandsk tun, der dei eldste husa er frå rundt 1600. Til Voss Folkemuseum høyrer òg Nesheimtunet, ti kilometer nord for Vossavangen.

På tunet til Stalheim Turisthotell, nærare bestemt på «Fuglahaugen» rett ved hotellet, er det oppført mange eldre bygningar frå Vosse- og Sognebygder, forutan at det er ei verdifull privat samling av eldre gjenstandar. I 1892 bygde Stalheim Turisthotell eit kraftverk i Stalheimselven, som var det andre kraftverket i Noreg. I 1933 bygde Stalheim Turisthotell eit kraftverk i «Sivleselvi» i nærleiken av toppen av Sivlefossen og seinare vassverk frå elva i Brekke-/Stalheimsdalen.

turismen tok seg opp på slutten av 1800-talet og Stalheim turisthotell vart bygd (1885), var det mykje turisttrafikk, som vart «skyssa» med hest og karjol mellom Gudvangen og botnen av Stalheimskleiva. Det var hovudsakleg for tungt å køyre turistane opp Stalheimskleiva med hest, men dei som betalte ekstra, kunne verte køyrde opp. Dette vart kalla «bergaskyss». Elles måtte turistane gå opp og ned, og difor vart det bygd ein paviljong omtrent midt i Stalheimskleiva. Denne vart seinare flytta opp på ein plass på toppen av Stalheimskleiva, før den seinare vart seld og flytta til Gudvangen, der han i dag står ved ferjekaia. I botnen av Stalheimskleiva var det haldeplass for hestane, der dei stod og venta på turistane, likeså ei kaffistove for så vel «skyssfolka» som transportørane.

Voss er i dag bygd ut som vintersportssenter med særleg godt utbygde alpinanlegg med tilhøyrande stolheisar, svevebanar og skitrekk. Bavallen er ein kjend hoppbakke. Det er mange hotell, pensjonat og gjestgiverier. Dei store festivalane Ekstremsportveko, Vossajazz og Osafestivalen vert arrangerte i Voss kvart år.

Den bergenske hovudvegen/Kongevegen går forbi Voss frå Bolstad på grensa til Vaksdal kommune i vest, via Vossavangen og vidare austover gjennom Vossestrand og ned Stalheimskleiva, til grensa mot Aurland i Nerøydalen. Delar av strekningane er framleis intakte.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet før 2020 hadde ein opprett hjort i sølv mot raud bakgrunn.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kommunevåpenet er ei fele i sølv mot ein raud bakgrunn. I samband med at Voss og Granvin vart slått saman til Voss kommune i 2020, vart hardingfela frå tidlegare Granvin kommune sitt kommunevåpen plassert på den raude bakgrunnen frå Voss kommune sitt tidlegare kommunevåpen.

Kommunevåpenet (godkjent i 1977) var tidlegare eit opprett sølv hjort mot ein raud bakgrunn. Motivet har tilhøyrt Finne-ætta.

Namn

Namnet kjem av den norrøne forma Vǫrs, men opphavet til namnet er uvisst. Det kan vere eit opphavleg namn på Vangsvatnet, til ei rot uer-, 'vatn'. Ei anna, meir tvilsam forklaring er at Vǫrs er ei totalform og tyder 'to høgder', om to åser i området.

Kart

Kart over Voss kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gjerdåker, Johannes: Ålmenn soge for Voss: frå 1800 til vår tid, 1990-91, 2 b.
  • Kindem, Lars: Vossaboki, 1933-38, 4 b.
  • Kindem, Lars og Ivar Kvarekvål: Vossaætter, 1928-84, 5 b.
  • Kommunejubileet 1837-1937: festskrift for Voss herad, 1937
  • Schjærven, Lars & Johannes Gjerdåker: Evangerboka: gards- og ættesoge, 1982-84, 2 b.
  • Sæbø, Per: Voss: ei orientering om Vossabygdene i gamal og ny tid, 1951
  • Voss bygdebok, 1971-80, 3 b.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg