Faktaboks

Tom Stoppard
egentlig Thomas Straussler Sir
Uttale

ståpəd

Fødd
3. juli 1937, Zlín, Tsjekkoslovakia (nå i Tsjekkia)
Død
29. november 2025, Dorset, England
Tom Stoppard
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Stoppard regisserte sjølv filmen Rosenkrantz & Guildenstern Are Dead (1990) med Gary Oldman og Tim Roth i hovudrollene.
Plakat for filmen «Rosenkrantz and Guildenstern are Dead»
Av .

Tom Stoppard var ein britisk dramatikar og manusforfattar. Han er mest kjend for tragikomedien Rosencrantz og Guildenstern er døde (1966), som tar utgangspunkt i og aktualiserer William Shakespeares Hamlet.

Bakgrunn

Tom Stoppard vart fødd Tomáš Sträussler i Zlín i Tsjekkoslovakia (noverande Tsjekkia). Familien, som var jødisk, flykta til Singapore før andre verdskrigen, då Tyskland invaderte Tsjekkoslovakia i 1938. Då Japan okkuperte Singapore i 1942, flykta Tomáš saman med mora og broren til britisk India. Faren, som var lege og blei igjen i Singapore for å hjelpe såra soldatar, omkom i krigen same året. I Darjeeling i India gjekk brørne på Mount Hermon School, der dei blei Tom og Peter.

I 1945 gifte mor deira seg med Kenneth Stoppard, som var major i den britiske hæren. Familien flytte til Nottingham i Nord-England i 1946. Tom Stoppard gjekk på Pockingham School i Yorkshire, men avslutta skulegangen då han som 17-åring blei journalist i Western Daily Press i Bristol.

Etter fire år fekk han ei stilling som kulturjournalist i Bristol Evening World. Han melde blant anna teateroppføringar og blei kjend med skodespelarar. Denne erfaringa var avgjerande for dramatikken han seinare skreiv.

På 1970-talet engasjerte Stoppard seg i menneskerettsspørsmål, blant anna i Amnesty International og Index on Censorship. I 1977 møtte han dissidenten og forfattaren Václav Havel i Tsjekkoslovakia. Han blei påverka av Havels drama og omsette fleire av dei til engelsk.

Stoppards mor døydde i 1996. Familien snakka ikkje om den jødisk-tsjekkiske bakgrunnen, men etter samfunnsendringane i Aust-Europa rundt 1990 fann Stoppard ut at alle fire besteforeldra og tre tanter blei myrda i Holocaust.

Stoppard blei i 2013 tildelt PEN Pinter Prize, og i 2017 vart han vald til æresmedlem av The British Academy.

Dramatikk

I 1960 ferdigstilte Stoppard det første dramaet sitt, A Walk on the Water, som i 1968 blei oppført med tittelen Enter a Free Man.

Han slo gjennom med tragikomedien Rosenkrantz og Gyldenstern er døde (1966). Stykket blei oppført på Nationaltheatret i 1968 og filmatisert i 1990. Stoppards originale grep er å gjere Rosenkrantz og Gyldenstern, som er bipersonar i William Shakespeares drama Hamlet, til hovudpersonar i stykket. Dialogen mellom dei to er dels absurd, men også humoristisk, vittig og tankjevekkjande. Stoppard koplar samtalen deira saman med replikkar frå Shakespeares drama, inkludert Hamlet sjølv, og skaper slik ei original form for intertekstuell kommunikasjon.

Rosenkrantz og Gyldenstern er døde blei etterfølgd av nye suksessar som The Real Inspector Hound (1968), Jumpers (1972), Travesties (1974) og The Real Thing (1983). Arkadia (1993), som blei oppført på Nationaltheatret i 1995, er ein vittig litterær detektivkomedie, men Stoppard tar også opp komplekse spørsmål som forholdet mellom fortid og notid. The Invention of Love (1997) handlar om diktaren Alfred Edward Housman. The Coast of Utopia kom i 2002 og Rock 'n' Roll i 2006.

Handlinga i Stoppards siste drama, Leopoldstadt (2020), utspelar seg i det jødiske miljøet i Wien tidleg på 1900-talet. Dette stykket, som etter suksess i London blei oppført på Broadway i 2022, vann fire Tony-prisar.

Høyrespel og filmmanus

Tom Stoppard skreiv også høyrespel, TV-seriar og filmmanus. Han tok til å arbeide for radio og TV allereie på 1960-talet, og seinare omsette han mange skodespel til engelsk.

Stoppard skreiv manus til BBC sin 1975 adaptasjon av Jerome K. Jeromes humoristiske reiseskildring Three Men in a Boat (1889). I 1979 skreiv han manus for Otto Premingers filmversjon av Graham Greenes roman The Human Factor (1978), og ti år seinare medverka han til manus for Steven Spielbergs Indiana Jones and the Last Crusade. Saman med Marc Norman skreiv han manus til filmen Shakespeare in Love (1998), ein romantisk komedie regissert av John Madden. Filmen fekk fleire Oscarprisar.

2012 var eit høgdepunkt i Stoppards arbeid som manusforfattar. Då sende BBC Parade's End, ein femdelt adaptasjon av Ford Madox Fords romansyklus med same tittel. Same året var Stoppard også manusforfattar for filmversjonen av Lev Tolstojs Anna Karenina (1878), regissert av Joe Wright og med Keira Knightley i hovudrolla.

Påverknad og aktualitet

Stoppard stod i mange år i fremste rekke i moderne engelsk dramatikk. Han dramatiserte tema som menneskeleg kommunikasjon, erfaring, ytringsfridom og sensur. Med sine ordspel og allusjonar kan Stoppards drama vere krevande, og han er blitt kritisert for å vere elitistisk. Like fullt appellerer kombinasjonen av humor, vidd, vitalitet og etisk alvor til mange forskjellige tilskodargrupper. I tillegg til å vere populær i Storbritannia, var han ein av dei internasjonalt mest spelte britiske dramatikarane i sin generasjon.

Stoppard var påverka av blant andre John Osborne, Samuel Beckett og Václav Havel, og han påverka sjølv dramatikarar og manusforfattarar i mange land. Grunnane til denne sterke og varierte påverknaden er blant anna Stoppards virtuøse ordleik og idérikdom, kopla saman med engasjementet hans i kampen for ytringsfridom og menneskerettar. Dette engasjementet styrkjer aktualiteten hans i dag.

Oppføringar på Nationalheatret

  • Rosenkrantz og Gyldenstern er døde (1968)
  • Hvem er den gale Inspector Hound? (1979)
  • Etter Magritte (1979)
  • Konsert for lukket avdeling (1979)
  • Det helt store (1985)
  • Arkadia (1995)
  • Forelska i Shakespeare (2019)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kelly, Katherine E., red. 2001. The Cambridge Companion to Tom Stoppard. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Kelly, Katherine E. 1991 Tom Stoppard and the Craft of Comedy: Medium and Genre at Play. University of Michigan Press.
  • Lee, Hermione. 2020. Tom Stoppard: A Life. London: Faber & Faber.
  • Marcus, Laura og Peter Nicholls, red. 2012. Twentieth-Century English Literature. Cambridge: Cambrigde University Press.
  • Purse, Nigel. 2016. Tom Stoppard's Plays: Patterns of Plentitude and Parsimony. Leiden: Brill.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg