Kongekrabbe er eit krepsdyr som lever i havet. Kongekrabbar har eit hardt skal og ti bein. Dei har kraftige klør som dei kan klype med. Kongekrabbe blir brukt som mat.
Kongekrabbe er ein type skaldyr.
To kongekrabbar.
Kongekrabbe er eit krepsdyr som lever i havet. Kongekrabbar har eit hardt skal og ti bein. Dei har kraftige klør som dei kan klype med. Kongekrabbe blir brukt som mat.
Kongekrabbe er ein type skaldyr.
Kongekrabbe har eit piggete skal på ryggen. Skalet kan bli 23 centimeter langt. På unge krabbar er piggane spisse. Når krabbane blir gamle, er ikkje piggane like spisse lenger.
Kongekrabbar har ti bein. Beina er også dekte av piggar. Dei to fremste beina har store klør som krabbane kan klype med. Dei to bakarste beina er veldig små og nesten ikkje synlege.
Kongekrabbar kan vege ti kilo, men i Noreg blir dei sjeldan meir enn seks kilo.
Krabbebåtane dreg ut i to-tida om natta. Tolv timar seinare kjem dei attende med fangsten. Delar av fangsten blir slakta og delte opp. Dette blir kokt, frose og selt til Japan eller europeiske land.
Kongekrabben lever på havbotnen. Unge kongekrabbar lever helst på botnar med grus og stein. Når dei blir vaksne, liker dei betre sand og mudder. Om vinteren lever kongekrabbar mellom 300 og 500 meter under overflata. Om våren kjem dei til grunnare område.
Kongekrabbar et alt mogeleg. Dei kan ete både dyr og planter. Dei et mellom anna mark, skjell, kråkebollar, sjøstjerner, tang og tare.
Kongekrabbar må bytte skal for å kunne vekse. Når dei skifter skal, skifter dei også auge, magesekk og gjeller. Det blir laga eit nytt skal under det gamle. Så kryp kongekrabben ut av det gamle skalet. Det nye skalet er mjukt dei første dagane. Då må kongekrabben vere forsiktig og passe seg for fiendar. Små kongekrabbar skifter skal ofte. Vaksne hokrabbar skifter skal ein gong i året, og parar seg etter skalskiftet. Dei vaksne hannane veks sakte, og skifter skal sjeldnare.
Kongekrabbar kan bli 20 år gamle.
Om våren kjem kongekrabbane til grunnare vatn for å gyte. Hoa kan legge 400 000 egg. Hannen befruktar egga. Halen til hoa er bøygd inn under kroppen. Her ber ho egga medan dei utviklar seg.
Etter elleve månader klekkjer egga. Då kjem det ut larvar som flyt med havstraumane. Dei utviklar seg til små kongekrabbar, som lever på grunt vatn mellom tang og tare. Når skalet på ryggen har blitt fem til sju centimeter, byrjar krabbane på reisa mot det djupe havet. Då er dei om lag to år gamle.
Ein kan kjøpe kongekrabbe til å ete. Om han er rå, må ein koke eller steike han. Det er stort sett kjøtet i beina til kongekrabben som blir nytta som mat. Det er ikkje så mykje mat i skalet.
Før levde det ikkje kongekrabbar i Noreg. Dei levde nord i Stillehavet. Russiske forskarar tok med seg kongekrabbar til område nær Noreg på 1960-talet. Derifrå kom dei til Noreg. Dei første kongekrabbane i Noreg blei oppdaga i 1977.
I dag er det mykje kongekrabbe langs kysten av Finnmark. Myndigheitene ønsker ikkje at han skal spreie seg lenger sørover. Difor kan alle som vil, fiske etter kongekrabbe vest for Nordkapp. Det er ikkje lov å sleppe ut levande krabbe i havet vest for Nordkapp.