Kråkebollar er ein type dyr som lever i havet. Dei har rund kropp og hardt, piggete skal. Kråkebollar tilhøyrer ei dyregruppe som kallast pigghudar. Sjøstjerner er også pigghudar.
Drøbakkråkebolle er svært vanleg langs kysten utanfor Noreg. Han beitar mellom anna på algar. Når det er mange av dei, kan dei gjere stor skade på tareskogen.
Beskriving
Kråkebollar har fem trekanta tenner som møtest som eit lokk, midt under kroppen.
Kråkebollar har ein rund, bolleforma kropp som er dekka av piggar. På undersida har dei ein munn. I munnen er det fem tenner. Rumpeholet er på toppen.
Dei to mest vanlege artane som lever i Noreg er drøbakkråkebolle og raud kråkebolle. Drøbakkråkebolle har brungrøn farge og blir opptil 8–10 centimeter brei. Raud kråkebolle er raud og kan bli 16 centimeter brei.
Langpiggsjøpiggsvin er ein annan art ein kan finne i Noreg. Denne arten er i slekt med raud kråkebolle, og er på same størrelse.
Levevis
Langpiggsjøpiggsvin har lange piggar og finst i Noreg.
Kråkebollar kan leve både på grunt vatn og djupt nede på havbotnen. Drøbakkråkebolle kan for eksempel leve heilt frå grunt vatn og ned til 1000 meter under overflata. Kråkebollar lever ofte på hard botn. Mange trivst på fjell og steinar.
Kråkebollar bruker piggane for å forsvare seg mot fiendar. Piggane kan også brukast når kråkebollen skal bevege seg. Kråkebollar har sugeføter som stikk ut gjennom små hol i skalet. Sugeføtene kan brukast til å føre mat til munnen, og til å bevege seg med.
Kråkebollar lever av tare, sjøgras og algar. Dei bruker tennene på undersida til å beite med. Somme kråkebollar et dessutan andre kråkebollar.
Kråkebollar har fleire fiendar. Dei kan bli etne av både fisk, otrar, sniglar, krabber, sjøstjerner og fuglar. For å skjule seg for fiendar, kan kråkebollar dekke seg til med skjel og algar.
Nokre kråkebollar har gift i piggane. Gifta kan vere farleg for menneske. Slike kråkebollar finst ikkje i Noreg. Men det kan gjere vondt å stikke seg på ein norsk kråkebolle.
Formeiring
Fangst
Rogn frå kråkebolle er ein delikatesse som blir ete av menneske i mange land. Det er også mogleg å lage lampeskjermar av den tørka kroppen til ein kråkebolle.
Kråkebollar blir fanga og plukka av dykkarar.