Leda er ei prinsesse i gresk mytologi. Ho var gift med kongen av Sparta.
Guden Zevs vart forelska i henne. Han forvandla seg til ei svane for å vere hos henne.
Etter dette fekk Leda to egg. Det kom to gutar ut av det eine egget, og to jenter ut av det andre. Den eine jenta og guten var son og dotter av Zevs. Dei to andre var barna til kongen.
Gutane var tvillingane Kastor og Polydevkes. Dei er òg kjende som Dioskurene. Zevs var faren til Polydevkes, og kongen av Sparta var faren til Kastor. Dimed var Kastor dødeleg, medan Polydevkes var udødeleg. Når Kastor seinare blir drepen, får Polydevkes lov av Zevs å dele sin udødelegdom med broren. Dei skal vere éin dag i dødsriket og éin dag på Olympen. Dioskurene vart symbolet på broderkjærleik og veldig nært og godt venskap.
Den eine jenta som kom ut av egget var Zevs si dotter, den vakre Helena. Ho blei berømt i heile Hellas fordi ho var så vakker. Prins Paris bortførte henne til byen Troja. Dette starta ein stor krig, trojanarkrigen.