
I dag viser kalenderen 1. desember, og i god tradisjon blei julelysa på juletreet til Fusa skule tent av elevrådsleiaren ved skulen, og til nydeleg song av elevane.
Måndag denne veka gjekk turen til skogs for å finne juletre til skulen, og i år, som i fjor var det 1. til 3. trinn som har ansvaret for å hente juletre.
Etter ei triveleg og innhaldsrik aktivitetsamling i Fjorden Arena for alle IU-leiarane på Fusa-sida av Bjørnafjorden kommune, bar det heim til skulane for å planleggje ein dag fylt med leik og moro. IU-leiarane gjorde ein imponerande innsats både i planlegginga og gjennomføringa av årets kickoff!
I nokre veker har SFO- gjengen hatt dekorering av skuret ved skulen som prosjekt. Dei har jobba med måling, treverk og sjablongar.