Ny student i Ålesund? Start her
Som ny student er det nokre ting det kan vere lurt å ordne tidleg:
Er du student under 30 år og melder flytting frå ein kommune utanfor Sunnmøre til Ålesund kommune, kan du søke om gratis reisekort for eit år. Kortet gjeld for buss og hurtigbåt i heile Møre og Romsdal.
For skuleåret 2026/2027 kan du søke frå 10. august.
Ved å melde flytting til kommunen får du ikkje berre gratis reisekort. Du som student får også fleire rettar, tenester og kan i tillegg påverke politisk. Og så hjelper du oss med å lage endå betre tenester til alle som bur her.
Slik gjeng du fram
Dette må du ha på plass før du søker:
- Du må vere student ved høgare utdanning (universitet/høgskule/fagskule), ha gyldig studentbevis og betalt semesteravgift.
- Du må studere i eit heilt studieår. Utvekslingsstudentar eller andre studentar som skal vere her berre eitt semester, får dessverre ikkje tilbodet.
- Du må ha meldt flytting frå ein kommune utanfor Sunnmøre/Vestnes i Romsdal, og fått flyttemelding. Sunnmøre er kommunane Giske, Haram, Hareid, Herøy, Fjord, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta og Ålesund.
- Studentar som har nytta seg av tilbodet tidlegare, kan ikkje nytte dette igjen.
- Du må ha meldt flytting etter 1. mai 2026.
Slik melder du flytting og søker om gratis reisekort:
- Meld flytting i folkeregisteret på skatteetaten.no
- Om du endrar folkeregistrert adresse ut av kommunen før perioden til reisekortet går ut, må du hugse å melde frå til oss.
- Søk gratis reisekort (søknadsfrist 31. desember 2026 for skuleåret 2026/2027). Kortet er aktivert når du mottek det, og er gyldig til og med 31. juli 2027. Fyller du 30 år i løpet av studieåret, vert kortet deaktivert på fødselsdato.
- Leveringstid: Frå ein får vedtaksbrevet om innvilga reisekort til det kjem i posten, må ein rekne med nokre veker for produksjon og levering av det fysiske kortet. Hugs å merke postkassa di med namn. Det vert ikkje gitt refusjon for kjøp av billettar mens ein ventar på reisekortet.
Praktisk informasjon om tilbodet og reisekortet
Reisekortet frå FRAM er for studentar og gjeld reise med offentleg buss, hurtigbåt og ferje innanfor Møre og Romsdal. Kortet kan ikkje nyttast på Flybussen, men er gyldig på nattbussen. Les om kollektivtilbodet på frammr.no
Mister du reisekortet i løpet av studieåret og treng eit nytt, må du kontakte FRAM kundesenter på tlf. 71 28 01 00.
Helse og kommunale tenester
Som student kan du ha behov for fleire av dei same tenestene som andre innbyggjarar. På nettsidene til Ålesund kommune finn du informasjon om alt frå bustad, barnehage og helsetenester til kulturtilbod, frivilligheit og andre tilbod i lokalsamfunnet.
Studentsamskipnaden (Sit)
Studentsamskipnaden (Sit) tilbyr studentbustader, trening, rådgiving, kantiner og andre velferdstilbod for studentar.
Brannsikker studentbustad
Sjekk kva du må gjere for å få ein brannsikker studentbustad
Tryggleik og beredskap
Les råda om eigenberedskap og kva du bør ha klar dersom straum, internett eller vatn blir borte over ei periode.
Kultur og fritid
Bli kjent med aktivitetar, arrangement, frivillig arbeid og møteplassar i Ålesund.
Studentbyen Ålesund
Ålesund er ein attraktiv universitets- og studentby med studietilbod innan teknologi, maritime fag, helse, kunst og kreative fag. Kommunen arbeider aktivt for at studentar skal trivast og ønskje å bli verande i regionen etter studietida.
I Ålesund finn du desse studiestadene for høgare utdanning:
Vi tar vertskapsrollen på alvor og ønsker å bidra aktivt til å utvikle Ålesund som universitets- og studentby. Sjå vår plan for utvikling av Ålesund som universitets- og studentby (studentmeldingen).
Jobbe under studiene?
Ålesund kommune er ein stor arbeidsgivar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. Her kan du bli mer kjent med Ålesund kommune, og her kan du sjå korleis vi jobbar med å utvikle kommunen vår. Kanskje du vil jobbe hos oss, eller få praksis- eller læreplass?
Transport og parkering
Gå og sykle
Ålesund er ein kompakt by der mykje ligg innan gang- eller sykkelavstand frå campus, sentrum og studentbustadene. Få tips til sykkel- og turruter i Ålesund
Flybuss
Flybussen gir enkel transport mellom Ålesund sentrum og Ålesund lufthamn Vigra. Sjå rutetider for flybussen
Parkering
Treng du parkering? Ålesund Parkering har informasjon om parkeringsplassar, betaling og elbillading.
Kollektivtransport
Fram tilbyr buss- og hurtigbåtruter i Ålesund og på Sunnmøre. Her finn du reiseplanleggjar, rutetider og billettar. Sjå kollektivtilbodet hos Fram.
Hald deg oppdatert på kva som skjer i Ålesund
Følg Ålesund kommune på Facebook, Instagram og LinkedIn for nyheiter, arrangement og aktuelle saker frå kommunen.