
Halhjem barneskule
Halhjemsmarka 50
5200 Os
56 57 54 00
Postadresse:
Postboks 24
5649 EIKELANDSOSEN
Send E-post
Kontaktskjema
Tonje Helland Lindborg
Er på skulen tysdagar og torsdagar
tlf.: 56575164
e-post: thli@bjornafjorden.kommune.no
Halhjem barneskule ligg heilt i sør i Bjørnafjorden kommune. Skulen ligg fint til i furuskog like ved Bjørnavatnet og ved utbyggingsområde for bustader i Halhjemsmarka.Bygget vart tatt i bruk hausten 1997- då som sambruk for barnehage, 1.-4. klasse og SFO. Barnehagedelen vart lagt ned frå 01.08.12. Frå same dato har skulen tatt over barnehagen sitt areal.Når elevane skal starta i 5.klasse, flyttar dei til Lunde barneskule som ligg ca 3 km lenger nord i krinsen.
Undervisningsstillingar, fast og vikariat, i Bjørnafjorden kommune
Kjære elevar og føresette! Halhjem, 19.desember 2025
Vi nærmar oss slutten på 2025 og vi er klare til 2026. Elevar og vaksne gjort ein flott jobb, lært mykje og hatt eit har jobba godt og hatt eit innhaldsrikt år. Vi har blant anna brukt det fantastisk flotte uteområdet vårt enno meir i undervisninga med fysisk aktiv læring i alle fag. Det er bidrar til god læring via aktivitet og elevane likar det veldig godt. Vi har også i år hatt THB (Trivsel på Halhjem barneskule) der elevane er blanda på tvers av trinn og deltek i ulike aktivitetar, og det er fortsatt både ein lærande og sosial suksess. Nytt dette skuleåret er at det er trinna som har ansvar for storkor annankvar måndag, samt adventsstundene i desember. Dette er ein stor stas! Elevane får skine der dei blant får bruke mikrofon når dei t.d. ønsker heile skulen velkommen, er forsongarar til aleine eller saman med andre, viser dans, spelar på instrument, skulen syng felles innøvde songar osv. Dette er kjempekjekt, samlar oss som skule og varmar godt i rektorhjartet.
1. trinn er i skogen i dag
Måndag 18. august begynner skuleåret for alle elevane i grunnskulen i Bjørnafjorden. Skulesjefen ønsker deg velkommen til klasserommet!
Første skuledag er måndag 18.08.:
2.-4.trinn: kl 08.30
1.trinn: kl 10.00, saman med foreldre.
For elevar med plass på SFO er den open første skuledag frå kl 07.30 for 2.-
4.trinn, og for førsteklassingane frå kl13.05.
Sommarhelsing frå rektor – kjære gode elevar og føresette
Sommartips til foreldre i Bjørnafjorden kommune
Verdas bokdag blir markert den 23. april og det blir det kvart år på Halhjem barneskule. Marit, vår flinke bibliotekar, las bok for heile skulen og det var stas. Boka som var valt ut heiter "Korpset som tok til høyre i steden for venstre" av Fridtjof S. Josefsen og Bård S. Tordkildsen. Det er ei artig bok som fengar elevane og vaksne. Marit er ein dyktig formidlar og elevane var fengsla frå første stund. Dei hjalp blandt anna til å forklare både ord og bilete, for eksempel kva er ein korpsleder og notar? I tillegg hadde elevane med seg bamsar og tepper. I enkelte klasserom var det lesetime der elevane las i lesetelt. God stemning, leseglede og fin markering av Verdas bokdag.
Måndag 17. og 24. mars hadde vi besøk av Sykkelkids. Sykkelskulen er eit opplæringsprogram i regi av Norges Cykleforbund. Dei reiser rundt og besøke skular med sykkeldyktige instruktørar og gjennomfører sykkelopplæring i skulens og barnas nærmiljø. Prosjektet er organisert mobilt der dei reiser rundt til skulane med syklar, hjelmar og anna løype materiell som skal tilfredsstille ei moderne sykkelopplæring.
4.trinn lærte masse om å vere trygg trafikkant på sykkel, testa ferdigheitene sine i sykkelløype og på langtur. Veldig lærerikt og kjekt!
Onsdag var det fjelltur til Liafjellet på programmet til 4.trinn. Ein fantastisk tur i eit nydeleg vêr. Blå himmel, vindstille og sola både skein og varma. På Havrheitørna spegla det flotte vêret seg i den blanke isen. Elevane storkosa seg, naut den flott utsikta på toppen og alle hadde ein minnerik skuledag.