-
Utseld! Velkomen til julakonsert 16. desember
Velkomen til ein ny julakonsert med vår lokale stjerne Gina Aspenes, tysdag 16. desember. Vi tar sikte på…
-
Konsert med Tim Edey 11. november kl. 19.
Velkomen til ny konsert på Lyngheim tirsdag 11. november kl. 19. Vi går frå ein gitarvirtuos til…
-
konsert torsdag 2. oktober kl. 19.00
Vi er veldig glade for å kunne starta haustens intimkonsertar på Lyngheim med eit lokalt band. Og…
-
Kulturminnedagane 2025
Velkomen til Kulturminnedagar på Lyngheim lørdag 6. og søndag 7. september. kl. 11 – 15 begge dagar….
-
Utstilling – DeToo-Art
3. og. 4 mai, kl 12.00 -16.00. Tove Bergem og Ole Thomas Enge – Tove har 25…
-
konsert 29. april kl 19.00
Velkomen til ny konsert på Lyngheim. Det er alltid stas når vi kan innby til konsert med…

Møterom i historiske omgjevnader
Kvifor ikkje legga neste møte til historiske omgjevnader i det historiske tunet på Lyngheim? Vi har møterom med internett og prosjektor. Møterom med langbord for 10-15 personar. Opptil 40 plassar i kinooppsett.
Tilhøyrande kjøkken der det er mogeleg å laga møtemat, kaffi o.l.
Gunstige prisar: Inntil 4 timar kr. 1.250. Heile dagen kr. 2.500.
tunet på Lyngheim
Ein møtestad for alle!



* Kulturell og sosial møtestad for folk i alle aldrar
* Arena for barn og unge, grupper i eldreomsorga og funksjonshemma
* Heimebakst og kaffi kring grua i eldhuset i den gamle lemstova
* Utstillingar og aktivitetar kring gamle handverk
* Uteamfi for konsertar og sosialt samvær ved Langhamrane
* Uteplassar og kvilebenkar ved fjorden
* Offentleg tilgjengeleg toalett
* Friluftsområde med rom for leik, idrett og uteaktivitetar

Rosemålarverkstaden
Hjørdis er ein av få aktive rosemålarar i Bjørnafjorden
Hjørdis Juvik har heilt sidan 60-talet vore kurshaldar i rosemåling. Dette i tillegg til hennar eiga målarverk-semd.
I tillegg til kurs for vaksne, har ho også undervist klassar på fleire av skulane i Os. Ho har opplegg som gjer at alle elevane får til noko, og slik inspirerer og motiverer ho dei til å gå vidare.










