Verktøylinje
Trykk Escape for å lukke innholdsfortegnelse
- Forskrift til opplæringslova
-
Kapittel 1. Innhaldet i opplæringa (§§ 1-1 - 1-17)
- § 1-1. Opplæringa i grunnskolen
- § 1-1a. Rett til fysisk aktivitet
- § 1-2. Grunnskoleopplæring for vaksne
- § 1-3. Vidaregåande opplæring
- § 1-4. Tid til opplæring og eksamen
- § 1-4a. Tid til arbeid med elevråd og elevmedverknad
- § 1-5. Særleg om fag- og timefordelinga i grunnskolen
- § 1-6. Rammer for dagleg skoletid i grunnskolen
- § 1-7. Bruk av skoletida i grunnskolen til anna enn grunnskoleopplæring
- § 1-8. Opplæring i framandspråk, fordjuping og arbeidslivsfag i grunnskolen
- § 1-9. Nærmare om opplæring i framandspråk, fordjuping og arbeidslivsfag i grunnskolen
- § 1-10. Opplæring i framandspråk i vidaregåande opplæring
- § 1-11. Opplæring og eksamen i skriftleg sidemål
- § 1-12. Fritak frå opplæring i kroppsøving
- § 1-13. Fritak frå fag for privatistar og vaksne som følgjer vidaregåande opplæring spesielt organisert for dei
- § 1-14. Opplæring i valfag på ungdomstrinnet
- § 1-15. Tilbod om fag frå vidaregåande opplæring til elevar på ungdomstrinnet
- § 1-16. Godkjenning innan vidaregåande opplæring av tidlegare bestått opplæring i Noreg eller i utlandet
- § 1-16a. (Opphevd)
- § 1-17. Opplæring og eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg
Ditt søk ga dessverre ingen treff.
Opphevet
Opphevet
Del dokument
Forskrift til opplæringslova
Kapittel 11. Særskilde reglar om fagopplæringa
(Opplæringslova § 3-3 sjette ledd, § 4-3, § 4-4 femte ledd, § 4-5 andre ledd, § 12-3 sjette ledd)
Lærebedrifta
§ 11-1.Godkjenning av lærebedrift
Kvar enkelt bedrift som driv opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar, må vere godkjend av fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 4-3 første og andre ledd. Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, gir godkjenning for kvart enkelt fag lærebedrifta skal kunne ha lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat i. Har bedrifta lokale i fleire fylkeskommunar, avgjer lokaliseringa til den aktuelle avdelinga av lærebedrifta kva for ein fylkeskommune som kan godkjenne denne.
§ 11-2.Opplæringskontor og opplæringsring
Eit opplæringskontor er eit organ for bedrifter som samarbeider om opplæring for lærlingar praksisbrevkandidatar og/eller lærekandidatar. Lærekontrakt eller opplæringskontrakt blir da teikna mellom lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten og opplæringskontoret.
Ein opplæringsring består av to eller fleire bedrifter som samarbeider om opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og/eller lærekandidatar. Lærekontrakt eller opplæringskontrakt blir da teikna mellom lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten og den bedrifta som skal ha hovudansvaret for opplæringa.
§ 11-3.Rapportering frå lærebedrifta
Lærebedrifta pliktar å gi den informasjon som fylkeskommunen krev for å kunne vurdere om godkjenning skal givast eller vidareførast, og for å kunne fastsetje og utbetale tilskott.
Lærebedrifta skal medverke til å etablere administrative system og å innhente statistiske og andre opplysningar som trengst for å vurdere tilstanden og utviklinga innanfor opplæringa.
§ 11-4.Fylkeskommunalt tilskott til lærebedrift
Fylkeskommunen der lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten er busett, skal betale tilskott for opplæring til lærebedrift, opplæringsring og opplæringskontor etter retningslinjer og satsar fastsette av departementet. Betalingsplikta gjeld godkjend lærekontrakt for lærlingar, og opplæringskontrakt for praksisbrevkandidatar og lærekandidatar.
Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, kan krevje refusjon av utgifter som er direkte relaterte til lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten frå fylkeskommunen der lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten er busett.
Dersom ein lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat skifter lærebedrift, skal den fylkeskommunen som utbetaler tilskott, gjere vedtak om fordelinga av dei forskjellige tilskotta mellom lærebedriftene.
Har fylkeskommunen gitt lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten delar av den opplæringa som etter læreplanen skal givast i læretida, skal lærebedrifta ikkje ha basistilskott for denne delen av opplæringa.
§ 11-5.Tap av godkjenning
Fylkeskommunen kan dra godkjenninga som lærebedrift attende dersom lærebedrifta ikkje lenger oppfyller krava i opplæringslova eller denne forskrifta. Lærebedrifta må ha ny godkjenning dersom det er gått meir enn to år frå siste avslutta lærekontrakt eller opplæringskontrakt.
Lærekontrakt og opplæringskontrakt
§ 11-6.Innhaldet i og forma på kontraktane
Ved teikning av lærekontrakt og opplæringskontrakt skal det nyttast skjema fastsett av departementet.
Klage over vedtak om godkjenning av utanlandsk fagopplæring
§ 11-7.Klagenemnd
Vedtak i sak om godkjenning av utanlandsk fagopplæring kan klagast til ei klagenemnd vald av departementet.
Klagenemnda skal bestå av minst 3 personar. Nemnda sin leiar skal tilfredsstille krava til lagdommarar etter domstollova. Oppnemninga gjeld for 4 år av gongen.
Godskriving av tidlegare gjennomgått opplæring og praksis
§ 11-8.Generelt om godskriving
§ 11-9 til § 11-15 gir reglar om kva som kan godskrivast som gjennomgått opplæring eller praksistid
Som gjennomgått opplæring skal ein òg rekne med oppnådd kompetanse etter realkompetansevurdering jf. § 4-6 eller etter eksamen bestått som privatist.
Det kan ikkje gjevast godskriving etter § 11-10 til § 11-12 når det vert gjeve godskriving etter § 11-13 eller § 11-14.
Fylkeskommunen vurderer den framlagde dokumentasjonen og gjer vedtak i samsvar med § 11-9 flg.
§ 11-9.(Oppheva)
§ 11-10.Gjennomgått vidaregåande opplæring i skole i Kunnskapsløftet
Reglane nedanfor gjeld for godskriving i læretida for lærlingar og lærekandidatar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
Vg1 i utdanningsprogrammet for det aktuelle lærefaget (ordinært løp eller godkjent kryssløp), blir godskrive med eitt år. Alle andre Vg1 blir godskrive med 1/4 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år.
Vg2 som er fastsett for det aktuelle lærefaget (ordinært løp eller godkjent kryssløp), blir godskrive med eitt år. Andre Vg2 i det utdanningsprogrammet som er fastsett for det aktuelle lærefaget blir godskrivne med 1/2 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år. Alle andre Vg2 blir godskrivne med 1/4 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år.
Vg3 i skole som byggjer på det same Vg2 som det aktuelle lærefaget, blir godskrive med 1/2 år, og inntil 1 år dersom læretida i faget utgjer meir enn 4 år. Andre Vg3 blir ikkje godskrivne.
§ 11-11.Gjennomgått vidaregåande opplæring i skole før innføringa av Kunnskapsløftet
Reglane nedanfor gjeld for godskriving i læretida for lærlingar og lærekandidatar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
Grunnkurs som i forhold til det aktuelle lærefaget kan likestillast med aktuelt Vg1 i Kunnskapsløftet blir godskrive med eitt år. Andre grunnkurs blir godskrivne med 1/4 år, men dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget kan godskrivinga aukast ytterligare med inntil 1/4 år.
VKI som i forhold til det aktuelle lærefaget kan likestillast med aktuelt Vg2 i Kunnskapsløftet blir godskrive med eitt år. Andre VKI blir godskrivne med 1/4 år, men dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget kan godskrivinga aukast ytterligare med inntil 1/4 år.
VKII innan same fagområde som det aktuelle lærefaget blir godskrive med inntil 1/2 år avhengig av kor relevant den gjennomgåtte opplæringa er i forhold til lærefaget, og inntil 1 år dersom læretida i faget utgjer meir enn 4 år. Andre VKII blir ikkje godskrive.
§ 11-12.Tidlegare læretid eller praksistid
Allsidig, dokumentert praksis i tilknyting til det aktuelle lærefaget, blir godskriven fullt ut som læretid for lærlingar og lærekandidatar og som praksistid for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
Før praksiskandidaten kan gjennomføre fag- eller sveineprøva etter opplæringslova § 3-5, må praksisen etter ei samla vurdering dekkje dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for opplæring i bedrift/Vg3 i lærefaget.
Dersom ein lærling eller elev ikkje gjennomfører eller ikkje består fag- eller sveineprøva etter reglane for slike prøvekandidatar, kan vedkommande melde seg til fag- eller sveineprøva etter reglane som gjeld for praksiskandidatar når kravet om eit tillegg i tid på 25 prosent i opplæringslova § 3-5 er oppfylde eller etter reglane for kandidatar for fagbrev på jobb.
§ 11-13.Tidlegare bestått fag- eller sveineprøve i Kunnskapsløftet
Bestått fag- eller sveineprøve i fag som byggjer på det same Vg2 som det aktuelle lærefaget, blir godskrive med 3 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
Bestått fag- eller sveineprøve i fag som byggjer på eit anna Vg2 innanfor det same utdanningsprogrammet som det aktuelle lærefaget, blir godskriven med 2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
Bestått fag- eller sveineprøve i fag innanfor andre utdanningsprogram enn det aktuelle faget blir godskriven med inntil 1/2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget.
§ 11-14.Bestått fag- eller sveineprøve før Kunnskapsløftet
Bestått fag- eller sveineprøve i fag som kan likestillast med det aktuelle lærefaget, blir godskriven med 3 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
Bestått fag- eller sveineprøve i fag som slektar på det aktuelle lærefaget, blir godskriven med 2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
Bestått fag- eller sveineprøve i andre fag blir godskriven med inntil 1/2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget.
§ 11-15.Dispensasjon frå godskrivingsreglane
I særlege tilfeller og ved særlege fagkombinasjonar der godskrivingsreglane ut frå ei fagleg vurdering vil gi eit urimeleg resultat, kan fylkeskommunen fråvike frå forskrifta § 11-10 til § 11-14.