Norsk Lovtidend logo

Lov om endringar i yrkestransportlova (samkøyring mv.)

DatoLOV-2017-12-15-111
DepartementSamferdselsdepartementet
Ikrafttredelse15.12.2017
EndrerLOV-2002-06-21-45
Kunngjort15.12.2017   kl. 15.25
Journalnr2017-1272
KorttittelEndringslov til yrkestransportlova (samkøyring mv.)

Prop.155 L (2016–2017), Innst.33 L (2017–2018), Lovvedtak 2 (2017–2018). Stortingets første og andre gongs behandling hv. 28. november og 5. desember 2017. Fremja av Samferdselsdepartementet.

Endringar i følgjande lov:

Lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

I

Lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy vert endra slik: 

§ 9 andre ledd skal lyde:

(2) Løyve for drosjekøyring gjeven til fysisk person fell bort når innehavaren fyller 75 år. 

§ 20 skal lyde:

§ 20.Samkøyring og ambulansetransport

(1) Det trengst ikkje løyve når den som rår over ein personbil, tek med seg folk som har eit samanfallande transportbehov som han sjølv. Vederlaget for transporten kan ikkje overstige passasjerane sin forholdsmessige del av transportkostnadene. Transportkostnadene etter andre punktum vert rekna ut frå den skattefrie satsen for kilometergodtgjersle i reiseregulativ for staten, med tillegg av eventuelle kostnader til bompengar og ferje.
(2) Likeins krevst det ikkje løyve for transport av sjuke eller skadde personar med godkjend ambulanse.

II

Lova tek til å gjelde straks.