Dei inviterte er representantar frå studentdemokratia ved høgskulane og universiteta, frå velferdstinga, Organisasjon for norske fagskolestudentar, ANSA (Association of Norwegian Students Abroad) og Norsk studentorganisasjon. Dette er åttande året toppmøtet blir gjennomført.

Statsråd Sigrun Aasland opnar møtet og vil halde ei innleiing om framtidas student. I tillegg vert det innlegg og debatt om mellom anna kunstig intelligens og om korleis høgare utdanning er i endring.

Tid: Måndag 1. desember 2025, kl. 10.00 – 14.00
Stad: Regjeringa si representasjonsbudstad, inngang Parkveien 45, Oslo

Presse: Pressa må ta med pressekort og gyldig ID (førarkort, pass eller nasjonalt ID-kort). Fotografar som har TV-kamera må avtale skanning på førehand.

Påmelding: Presse som ynskjer å vere til stades må melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Hong Pham, hong.pham@kd.dep.no

Arrangementet blir ikkje strøyma.