Lyripestegg Simskardet.
Foto: Magnus Beyer Brattli / Statskog

Dei beste rypetala er det Nordland og Troms fylke som har, opplyser fagsjef Jo Inge Breisjøberget i Statskog. I Trøndelag er det tala midt på treet, men lenger sør tek dei seg opp att.

Når det gjeld skogsfugl er det i år høg tettleik. Det trass i middels god overleving av kyllingar.

Statskog har sidan 2006 gjennomført stadig meir omfattande teljingar, og har etablert eit system der jakttrykket tek omsyn til og varierer i takt med bestandane. I dårlege år, slepp få eller ingen jegerar til, i gode år slepp fleire til.

Det er likevel variasjonar. I nordre delar av Trøndelag er det litt svakare resultat. I dei nordaustlege delane av Troms er det registrert så få kyllingar at dei førebelse teljingane tilseier at det ikkje blir opna for jakt i det området.

I 2018 overtok Landbruks- og matdepartementet ansvaret for den delen av forvaltninga som gjeld haustbare viltressursar. Det vil seia artar ein kan jakte på. Bakgrunnen for det var mellom anna moglegheit for å styrkje næringsutviklinga basert på berekraftig bruk av utmarksressursane.