Boktips frå NRKs litteratur­kritikarar

Her får du eksperthjelp til å finne fram i jungelen av nye bøker.

Bøker i ei bokhylle: Arbeidarhjerte av Carl Frode Tiller, Døren Lukkes av Maren Skolem, Pabbi av Mímir Kristjánsson. En velskapt pike av Pia Edvardsen, Intermezzo av Sally Rooney. Kometjentar av Victoria Durnak ligger oppå de andre bøkene på tvers.

NYTT LESESTOFF: Her får du tips om nye, gode bøker frå NRKs litteraturkritikarar.

Foto: NRK

Vi oppdaterer lista jamleg med bøkene som har fått karakteren fem eller seks frå litteraturkritikarane i NRK.

Blå prikk for å vise visuell pause

Debutant å sjå opp for

Tynne rivner av lys og forfatter Anne-Lise Frøland
Foto: Samlaget/Marius Fiskum
  • Bok: «Tynne rivner av lys» av Anne-Lise Frøland
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Når skal ein stole på eigne krefter og tru at ein kan greie alt sjølv, og når må ein be om hjelp? I Anne-Lise Frølands fine romandebut går det gale.

Skildringa av psykisk vanhelse er skakande. Frøland skriv nært og sanseleg om å vere pårørande til ein person med store psykiske utfordringar.

«Tynne rivner av lys» er og ei bok om gardslivet, om familieband og om håp som går i knas. Tommel opp for ein sterk debut.

Redda av kunsten

Bilde av forfatter Nikolai Torgersen og boka Gater jeg har levd
Foto: Aschehoug/Agnete Brun
  • Bok: «Gater jeg har levd» av Nikolai Torgersen
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Den ugrammatiske tittelen ber bod om at vi ikkje skal inn i ei A4-forteljing. Kunstnaren Nikolai Torgersen har skrive ein uvanleg sterk oppvekstskildring frå sitt eige liv.

Han vaks opp i stor fattigdom: Foreldra rusa seg og var i liten grad i stand til å gi dei fire barna adekvat omsorg. Likevel skriv Torgersen vakkert om foreldra sine. Han skriv og ærleg om korleis han sjølv kom seg ut av rushelvetet og nærast har brukt all tida si dei siste åra på å skape kunst.

«Gater jeg har levd» er ein sjølvbiografi som knappast kan kallast ein roman. Det er okke som ei historie som gjer inntrykk.

Livet som forteljing

Forfatter Elizabeth Strout og omslaget til boka Fortell meg alt
Foto: Xin Li/Forlaget Press/NRK
  • Bok: «Fortell meg alt» av Elizabeth Strout
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Samtalen mellom folk er noko av det viktigaste i bøkene til Elizabeth Strout. Gjennom dei kjem vi tett innpå folk av ulikt slag.

Og det er nær sagt utruleg så god kjennskap Elizabeth Strout har til dei menneskelege kjenslene vi alle balar med.

«Fortell meg alt» kan lesast som ein oppskrift på heile forfattarskapen hennar: Det er vakkert, trist, raust og smart.

Inspirerande minnealbum

Bilde av forfatter Annie Ernaux og omslag til boka Den andre datteren
Foto: Andrea Renault/Afp/Gyldendal
  • Bok: «Den andre datteren» av Annie Ernaux
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Den franske nobelprisvinnaren Annie Ernaux skriv stort sett alltid om seg sjølv. Denne gongen skiv ho om ei søster ho aldri møtte, for ho døydde før Annie blei fødd.

Korleis har døden hennar påverka livet til Annie?

Når Annie Ernaux dykkar ned i familiealbumet sitt, gir det lesaren lyst til å hente fram sitt eige.

På tur rundt jorda

Bilde av Samantha Harvey og omslaget til boka Jordbane
Foto: Gursli Berg/Henry Nicholls/Afp
  • Bok: «Jordbane» av Samantha Harvey
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Bookerpris-vinnaren frå i fjor er så aktuell som han kan få blitt. Britiske Samantha Harvey tek oss med inn i den internasjonale romstasjonen, der seks små menneske lever og arbeider saman medan dei suser rundt jordkloten i svimlande fart.

Frå rommet kan dei sjå korleis kor sårbar jorda er. Og kjenne på det sterket bandet til noko som er for verdifullt til å miste.

I motsetnad til romstasjonen er romanen saktegåande, filosofisk, og ikkje minst vakker.

Bittersøt samtidssatire

Bilde av forfatter Erik Eikehaug og omslaget til boka Alle elsker Kari
Foto: Gyldendal
  • Bok: «Alle elsker Kari» av Erik Eikehaug
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Kari hadde ein draum om å bli skodespelar. I staden vart ho sufflør. Ho er lystig og morosam på yta, men kven er ho, eigentleg, under fasaden?

«Alle elsker Kari» gir ein kvikk og gøyal titt inn i norsk kulturliv, der forfattaren leikar seg både med kjende kulturpersonlegdomar og med lesarane sine fordomar.

Dette er også ei sår historie om å sjå og bli sett. Og ei skildring av den evige kampen mellom fridom og ansvar. Kan hende handlar det om å bli vaksen?

Eit stykke noregshistorie

Bilde av forfatter Dag Solstad og omslag av bok
Foto: Vidar Ruud/NTB/Forlaget Oktober
  • Bok: «En sann svir» av Dag Solstad
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Ei bok om hestar som spring rundt og rundt på ein travbane – kan det vere av interesse? Svaret er eit eintydig ja – når forfattaren heiter Dag Solstad.

Den vesle boka er skriven på oppdrag til 150-års jubileet til travselskapet. Men det er også eit stykke noregshistorie.

Om du ikkje sjølv var blant dei som satsa pengar på hestar på Bjerke, Nesttun eller Jarlsberg, så fanst dei der, Atom Vinter, Rex Rodney og Leif Protector. Om ikkje anna som eit irritasjonsmoment før tippekampen.

Innimellom alle hestane, kuskane og sulkyane dukkar det også opp små glimt frå livet til forfattaren sjølv, som går heilt tilbake til at han fekk jobb på Jarlsberg travbane som 12-åring.

Ei kul lita bok, dette her.

Eit friskt karibisk pust

Bilde av forfatter Abraham Enoa og omslag av bok
Foto: Camino/Oslo Freedom Forum
  • Bok: «Å lande i verden»
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Dette seine kapittelet i Cubas moderne historie blir fortald frå synsvinkelen til ein ung mann, som mest av alt drøymer om å bli sports­kommentator, og som betalar ti pesos i timen for å kunne få spele ein time på den einaste PlayStation-spelkonsollen i nabolaget.

Journalistutdanning i eit diktatur er akkurat så absurd og kafkaesk som ein kan tenkje seg – ja faktisk verre. Det endar med at Abraham Jiménez Enoa må rømme landet.

Han endar opp i Barcelona der han no lever. «Å lande i verden» er skrive i cronica-tradisjonen, som er ein form for litterær journalistikk som vart skapt i Latin-Amerika.

Boka er eit friskt karibisk pust, og noko heilt annleis enn det meste anna du vil kome borti av litteratur denne våren.

Skriv om på historia

Bilde av Éric Vuillard og omslaget av boka Med æren i behold
Foto: Jean-Luc Bertini/Solum Bokvennen
  • Bok: «Med æren i behold» av Éric Vuillard
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Éric Vuillard avdekkjer Frankrikes pinefulle sorti frå Indokina, eit stor område i Aust-Asia som hadde vore under fransk styre sidan slutten av 1800-talet.

Då Hồ Chí Minh erklærte Vietnam for sjølvstendig rett etter andre verdskrigen, kom det til valdelege trefningar mellom Frankrike og Vietnam. Først i 1954 trakk Frankrike seg ut med halen mellom beina. Då hadde hundretusenvis av menneskeliv gått tapt.

Med krass, men ikkje desto mindre leiken stemme, gir Vuillard sin versjon av historia. Han avslører pengegriske politikarar og investorar som går over lik for å gjere seg rike på dei asiatiske naturressursane.

Boka er kort, men etterverknaden er lang.

Eit liv i løyndom

Montasje av Johan B. Mjønes og Spuria-omslaget
Foto: Agnete Brun/Aschehoug
  • Bok: «Spuria» av Johan B. Mjønes
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Johan B. Mjønes skriv godt om 15 år gamle Kristin som mot si eiga vilje blei tvungen til å adoptere bort sonen sin på 1950-talet.

No er ho i slutten av 80-åra, ho er blitt enkje, og det er på tide å fortelje om løyndomen ho har bore på så lenge. Er det mogeleg å finne guten att?

«Spuria» er ein skakande roman om ein lagnad mange norske kvinner har levd med heilt opp til vår eiga tid. Mjønes lar fortid og notid gli over i kvarandre i minnet til den gamle kvinna. Det er fint gjort.

Suverent om sjukdom

Ingrid Storholmen, omslaget til boka, terningkast seks
Foto: Merete Haseth/Aschehoug
  • Bok: «Bloddråpetall» av Ingrid Storholmen
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Kven skulle tru at det kunne komme levande historier frå sjukdomsstatistikk? Ingrid Storholmen brukar helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) som trampoline til å førestille seg vanlege liv på bygda.

Felles for alle dei over 20 personane som kjem til orde, er at dei har nærkontakt med sjukdom, anten dei blir sjuke sjølv eller er pårørande. I ei salig blanding av fiksjon, fakta og historisk materiale viser Storholmen at alle tel i den store rekneskapen.

«Bloddråpetall» er ein roman som sprenger seg ut av romanformelen. Prosjektet er ambisiøst, resultatet framifrå.

Varmer i høstkulda

Margreth Olin, Song til mor og terningkast fem

RØRANDE OG VAKKERT.

Foto: NRK
  • Bok: «Song til mor» av Margreth Olin
  • Anbefalt av: Ellen Sofie Lauritzen

Margreth Olin er kjend for sine nære og personlege filmar, og i romandebuten «Song til mor» skriv ho eit kjærleiksbrev til foreldra og naturen rundt dei.

Boka følgjer opp dokumentaren «Fedrelandet», der Olin og faren vandra i Oldedalen i Nordfjord.

Gjennom boka utforskar ho frykta for å miste sine næraste og forsøket på å forsone seg med det uunngåelege. Olin minnest mora som ei varm og støttande tilstadeværelse, men også som ei kvinne som har hatt sitt å stri med.

«Song til mor» er ei rørande og vakker skildring av kjærleik, tap og naturens kraft.

Fornyar eldgamle mytar

Omslaget til Kintu av Jennifer Makumbi og terningkast fem

MEKTIG FRÅ UGANDA.

Foto: NRK
  • Bok: «Kintu» av Jennifer Nunsabuga Makumbi
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Mytar, folketru og forbanningar er pirrande ingrediensar i denne mektige forteljinga frå Uganda.

Jennifer Nunsabuga Makumbi skriv seg bort frå koloniherrar og frå Vesten sitt blikk på Afrika, og inn i Uganda sin eigen opphavsmyte.

Der var Kintu den første mannen på jorda. Her er han stamfar for ein klan som etter sigande er råka av ei forbanning.

Men kan dei mange utbrota av psykisk sjukdom, brå død og uhell like gjerne stamme frå surrealistiske slumpetreff?

«Kintu» er ein roman om makt og røter, der vitskap og intuisjon går hand i hand.

En mørk diamant

Bilde av Malin Rønning, omslaget til Det tolvte huset og terningkast fem

STILSIKKERT.

Foto: NRK
  • Bok: «Det tolvte huset» av Malin C. M. Rønning
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Vi skal tilbake til 1990-talet, til menneske som lever heilt nederst på den sosiale rangstigen. Ti år gamle Molli har det heilt greitt, heilt til mora finn seg ny type.

Derifrå og ut handlar det meir om å kome seg heilskinna gjennom livet når ein er overlatt til vaksne utan evne til omsorg. Men dette er eit barn som ikkje vurderer å bli knekt.

Er det plass til fleire bøker om utsette barn som veks opp i ein dysfunksjonell familie? Svaret er ja, så lenge forfattaren er så stilsikker som Malin C. B Rønning er i «Det tolvte huset».

Ikkje heilt A4

Omslaget til boka Technotika og terningkast

SVART HUMOR.

Foto: NRK
  • Bok: «Technotika» av Heidi Furre
  • Anbefalt av: Knut Hoem

«Technotika» utspeler seg i eit Norge i nær framtid.

Vi møter ei ung kvinne som sørgjer over ein bror som døydde alt for tidlig av kreft.

Dette er romanens grunntema, men like viktig og kanskje viktigare er måten Furre skildrar vår samtid på – med store porsjonar svart humor blanda ut med hjartegod kynisme.

Verda har berre nesten gått av hengslane. Det gjeld å sjå det absurde i tilværet. Til det trengs det ein forfattar og ei bok som ikkje er heilt A4. Kort sagt: «Technotika» av Heidi Furre.

Her står lærdommane i kø

Omslaget til King. Et liv med terningkast

LÆRERIKT.

Foto: NRK
  • Bok: «King. Et liv» av Jonathan Eig
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Jonathan Eig tar oss tilbake til «the Deep South», til dei amerikanske sørstatane på 1950-talet. Til eit samfunn gjennomsyra av rasisme.

Martin Luther King var rett mann til rett tid med sitt Gandhi-inspirerte ikkjevaldsprosjekt og retoriske talent.

Han var eit menneske av kjøtt og blod, ikkje ein messias-figur, noko Eig får fram på forbilledleg vis og med hjelp av nye kjelder i sin storarta biografi.

Dyster og morosam

Boka "Margaret, er du i sorg" av Maria Kjos Fonn liggende oppslått på en rustrød sofa. Terning som viser fem øyne.

GALGENHUMOR.

Foto: NRK
  • Bok: «Margaret, er du i sorg» av Maria Kjos Fonn
  • Anbefalt av: Thula Kopreitan

Den unge medisinstudenten Margaret skal til å skjære i ein død kropp når minna frå då ho var seks år treff ho: moras kropp på senga, ansiktet under Rema 1000-posen, dei blå leppene ...

Margaret får flashbacks og tar ikkje tak i det som riv i ho. Ho tar Ritalin, som fungerer som amfetamin i staden, og stig ned i skugganes dal.

Margaret er den typiske motvillige pasienten, og det er frustrerande at ho motsett seg hjelpa ho så openbert treng.

«Margaret, er du i sorg» er ein tankevekkjande forteljing om døden som kviskrar frå skuggane.

Skamgodt om odel

Boka "Odelsskam" av Maria Lavik foran bygdelandskap. Terning som viser fem øyne.

BY- ELLER BYGDELIV?

Foto: NRK
  • Bok: «Odelsskam» av Maria Lavik
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Forfattar og journalist Maria Lavik er etablert i Oslo, med jobb i mediebransjen. Men ho har òg odelsrett til ein gard i Eksingedalen i Vestland fylke. Skal ho som første kvinne i arverekka, gje slepp på ein gard som femten generasjonar har drive før henne?

Lavik fortel historia til plassen ho vaks opp på. Det er eit liv, der arbeidet på garden, og årstidene styrar det sosiale samveret.

Under ligg større spørsmål. Kva skal til for at vi får til berekraftig gardsdrift i dette landet? For kva blir konsekvensen om gardsbruk etter gardsbruk blir lagt ned?

Med desse store spørsmåla inviterer denne vesle boka til ein meiningsfull, litterært oppegåande samtale.

Mørkt og intenst

Bokomslag av "Arendal" og bilde av Karl-Ove Knausgård i som står sidevendt mot kamera. Terning som viser fem øyne.

AVHENGIGHETSSKAPANDE.

Foto: Berit Roald / Oktober/NTB
  • Bok: «Arendal» av Karl-Ove Knausgård
  • Anbefalt av: Ellen Sofie Lauritzen

Bilen til den gifte småbarns­faren Syvert Løyning havarerer, og han blir nøydd til å vere i Arendal gjennom natta. Det er midtvinters og beinkaldt. Gatene er folketomme.

Og Syvert, han driv gatelangs, og finn ikkje ro.

Gjennom Syvert boltrar Knausgård seg i betraktningar om døden, minner, tid, til og med meininga med livet, i engasjerande, svimlande vendingar.

«Arendal» tek for seg livets kostnader, eller kva for eit liv ein skal velje, om ein kan velje. Dette er romanstoff som får lesaren til å grunne over eige liv.

Kjenner ingen grenser

Boka "Her kjem sola" av Gunnhild Øyehaug stikker ut blant andre bøker i en bokhylle. Terning som viser fem øyne.

UTFORDRANDE LEIK.

Foto: NRK
  • Bok: Her kjem sola av Gunnhild Øyehaug (roman)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Makan til kjærleiksroman har du aldri lese. For Gunnhild Øyehaug held seg ikkje til den røynda vi alle kan sjå. Ho kastar seg ut i parallelle univers. Men kva er eigentleg verkeleg?

Helga Mork (49) er forfattar. Ein dag ho står på kjøkkenet sitt, kjenner ho ei uro over noko som skal skje. Er ho uroleg av di ho er ein eg-forteljar i ein roman, altså ein oppdikta figur, eller er det kan hende den vakre mannen som nett flytta inn i nabohuset saman med kona si som får hjartet til å banke raskare?

Med humoristiske, essayistiske byks er teksten innom språkfilosofien til Wittgenstein, moldvarpar hjå Shakespeare, draumetyding frå antikken og telefonsamtaler som held verda saman.

Det er berre å henge på!

Ei skakande bok

Bokomslag av "Patriot" av Aleksej Navalnyj, og terning som viser seks øyne

RØYSTA FRÅ GRAVA.

Foto: Gyldendal
  • Bok: «Patriot» av Aleksej Navalnyj, omsett av Gunnar Nyquist (sakprosa)
  • Anbefalt av: Ola Hegdal

«Patriot» av Aleksej Navalnyj er ei bok heilt utenom det vanlege.

Først møter vi politikaren som skriv om seg sjølv, som ein del av prosjektet med å kjempe mot den utbreidde nepotismen i Russland. Den siste halvparten av boka blir skriven i fangenskap, det er dagbok­notat som har vorte smugla ut av fengselet.

Vi, lesarane, veit naturlegvis korleis dette endar. Den 16. februar 2024 vart Navalnyj meldt død frå ein straffekoloni i Sibir. Dette gir denne boka ei tyngde og ein intensitet som til tider ikkje er til å halde ut.

«Patriot» er ei ujamn og strålande bok, ei bok det er fysisk og mentalt utmattande å lese, og umogleg å gløyme.

Rørande om ein rastlaus sjel

Boka "For en mann" av Ole Paus liggende oppslått. Terning som viser fem øyne.

LEV MELLOM PERMANE.

Foto: NRK
  • Bok: «For en mann» av Ole Paus og Asbjørn Bakke (sakprosa)
  • Anbefalt av: Ellen Sofie Lauritzen

Ole Paus hadde skrive om livet sitt av og på i fleire år da han blei ramma av hjerneslag i fjor haust, og døydde rett før jul, 76 år gammal. Teksten er gitt ut slik Paus forlét han.

Visesongaren skriv som han snakka: slentrande, med digresjonar og glimt av poesi.

Etterordet i boka, som er like langt som sjølvbiografien, er skriven av musikkjournalist og forfattar Asbjørn Bakke. Bakke nyanserer biletet Paus teiknar av seg sjølv, korrigerer den litt vel slentrande trekke på skuldra-stilen. Han syner oss eit samansett og tidvis vrient menneske.

«For en mann» kjem til å bli sluka av foreldregenerasjonen på jakt etter ein nostalgitripp, men kan like gjerne bli lest av generasjon Z, som vil ha ei wow-oppleving: Var det mogleg å leve sånn, liksom?

Bør bli allemannseige

Boka "Sameproblemet" av Kathrine Nedrejord stikker ut blant andre bøker i en bokhylle. Terning som viser seks øyne.

KNALLSTERKT.

Foto: NRK
  • Bok: «Sameproblemet» av Kathrine Nedrejord (roman)
  • Anbefalt av: Ellen Sofie Lauritzen

Hovudpersonen i «Sameproblemet» lev i eit sjølvvalt eksil i Frankrike, så slepp ho å forhalde seg til at ho er same. Men da áhkku – mormor – døyr, reiser ho nordover for å ta del i gravferda.

I møte med den nord­norske naturen og slekta kjem minna – dei gode og de vonde. Ho innser korleis under­trykking har forma fleire generasjonar.

Erfaringane og episodane er mange og vonde. Det er djupt sjokkerande å lese om uretten frå den norske stat mot det samiske folk.

Nedrejord lar oss ikkje gløyme. Romanen er både eit kampskrift og ei verdifull opplysnings­bok som alle bør lese.

Om makt og lausriving

Boka "Annie John" av Jamaica Kincaid stikker ut blanta ndre bøker en bokhylle. Terning som viser fem øyne.

BRUTALT.

Foto: NRK
  • Bok: «Annie John» av Jamaica Kincaid, omsett av Sissel Lie (roman)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Karibiske Jamaica Kincaid har fått ein renessanse dei siste åra. Det kan henge saman med at tematikkane hennar, som ofte spinn kring rasisme og nykolonialisme, finn betre grobotn no enn då romanane kom på 1980- og 90-talet.

I denne boka ligg kolonitida under britane som eit bakteppe for ein annan asymmetrisk makt-konstellasjon; den mellom mor og dotter.

«Annie John» er ei beisk forteljing om å gjere seg fri, og å finne framtida si på eiga hand.

Fred, sex og forræderi

Boka "Forræderen" av Torkil Damhaug på en stabel av andre bøker mor oransje bakgrunn. Terning som viser fem øyne.

INTENST.

Foto: NRK
  • Bok: «Forræderen» av Torkil Damhaug (roman)
  • Anbefalt av: Ola Hegdal

Ved første augnekast er «Forræderen» forteljinga om eit anarkist-kollektiv i Bergen på slutten av 70-talet. Hovudpersonen har blitt pasifist og anarkist, noko den yrkesmilitære far hans ser på som eit svik.

Livet i anarkist­kollektivet står fram som motpolen til dei rigide foreldra. Likevel snik det seg inn ei mistanke om at dette kanskje ikkje er ein livs­stil det er mogleg å halde fram med – at den totale fridomen kanskje ikkje kjem heilt utan kostnadar.

Den handlar om ideal som brest, og mellom­menneskelege forhold som veks fram – og som ryk, og innimellom blir lappa saman igjen. Og det handlar om forsoning og det å bli vaksen.

Treff dei ømme punkta

Boka "Intermezzo" av Sally Rooney stikker ut blant andre bøker i en bokhylle. Terning som viser fem øyne

RELASJONAR.

Foto: NRK
  • Bok: «Intermezzo» av Sally Rooney, omsett av Hilde Rød-Larsen (roman)
  • Anbefalt av: Knut Hoem

To brør har slutta å snakke saman i eit haustgult Dublin etter at faren døydde. Der har du i kort fortald plottet i Sally Rooneys nye roman.

Kva er det som skal til for at samtalen kjem i gang att? Er det viktig at dei snakkar saman? Kan vi ikkje klare oss utan den næraste familien? Ytre krefter i form av kvinner som anten er for gamle eller for unge kjem inn i biletet, og dermed er alt plutseleg sett i rørsle igjen.

Her er det berre å henge på og glede seg over at Rooney er så god til å støype klassiske kjærleiksforviklingar, som tar samtida på kornet med menneske fulle av liv.

Ein snev av skrekk

Portrett av Karin Fossum og bokomslag av "I begynnelsen var mørket". Terning som viser fem øyne

SKRUDDE SINN.

Foto: Pia Sønstrød / Cappene Damm
  • Bok: «I begynnelsen var mørket» av Karin Fossum (krim)
  • Anbefalt av: Ola Hegdal

17-åringen Ruben Kornell dukkar opp hos Eddie Feber på politi­kammeret for å melde om ei kriminell handling som enno ikkje har skjedd. Han har nemleg overhøyrt to menn som kanskje planlegg noko.

Eddie er lydhøyr og tvilande. Dette er litt tynt grunnlag for full utrykking.

Når det første drapet inntreff, må Feber tenkje. Er historia om dei to mystiske mennene ei avleiings­manøver? For det blir tydeleg at ein av dei fremste mistenkte i denne saka må vere Ruben.

Karin Fossum er vår suverene krim­dronning, og ho syner ingen teikn til å skulle abdisere.

Tek tida på kornet

Boka "Kometjenta" av Victoria Durnak stående oppå andre bøker. Terning som viser fem øyne

KOMPROMISSLAUS TENÅRING.

Foto: NRK
  • Bok: «Kometjenta» av Victoria Durnak (roman)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

35 år gamle Victoria Durnak har gjennom fleire romanar skrive om folk i utkantane av dei sosiale nettverka. Denne gonga let ho 13 år gamle Sol slutte å snakke, som ein protest mot at foreldra har delt heile livet hennar gjennom bilete og video på sosiale medium.

Men får ho meir kontroll av å vere taus?

«Kometjenta» er ei tett, lita bok som seier mykje sant om å vere ung og søkjande.

Tiller i toppform

Bokomslag av "Arbeidarhjerte" og portrett av Carl Frode Tiller. terning som viser fem øyne

KJØKKENBORDREALISME.

Foto: Trine Melhuus / Aschehoug
  • Bok: «Arbeidarhjerte» ac Carl Frode Tiller (roman)
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Med jamne mellomrom kjem det romanar som set seg føre å skildre landet vi bur i, korleis vi har endra oss, men kanskje også at mykje ikkje har endra seg.

Carl Frode Tiller hamrar, snikrar og finpussar interiør, talemåtar, veremåtar og hårfrisyrar (!) med utgangspunkt i ei heilt vanleg familie i Namsos. Kven er eigentleg nordmannen blitt, der ho sit og skrollar på kaffebaren?

Temaet er på ingen måte utdebatert. Arbeidarhjerte er første bok ei ein planlagt trilogi, og godt er det.

Nokon må ta på seg jobben å skildre kven vi er, og nett no er ingen meir eigna til den oppgåva enn Carl Frode Tiller.

Viktig og vond

Boken "Trist tiger" av Niege Sinno i en bokhylle. Terning som viser seks øyne

LYNSKARPT OM OVERGREP.

Foto: NRK
  • Bok: «Trist tiger» av Neige Sinno, omsett av Egil Halmøy (sakprosa)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Korleis kan eit offer for seksuelle overgrep skrive historia si så ho får allmenn interesse? Den franske forfattaren Neige Sinno vegra seg for å skrive om erfaringane sine.

Men ho gjer det, for å støtte andre overgrepsoffer, i eit langt essay som på same tid er personleg og analyserande.

«Trist tiger» er ei klok og intellektuell tilnærming til noko av det vanskelegaste i verda: Korleis kan ein vaksen med vitande og vilje øydelegge framtida til eit barn?

Boka er nøkternt og godt omsett av Egil Halmøy.

Ikkje for dei skuggeredde

Boka "Du kan kalle meg Jan" av Anne Elvedal stikker ut i en bokhylle. Terning som viser fem øyne

ISKALDE GRØSS.

Foto: NRK
  • Bok: «Du kan kalle meg Jan» av Anne Elvedal (krim/thriller)
  • Anbefalt av: Ola Hegdal

«Du kan kalle meg Jan» av Anne Elvedal er ein urovekkande psykologisk thriller sette i Trondheim.

Boka følgjer Ida Hansen, ein pleier på eit psykiatrisk sjukehus, som etterforskar forsvinninga av Fanny, ein ung pasient med forfølgingsvanvit. Dette leier ho ut på ei gradvis avdekking av fortida full av blindspor, løgnar og misforståingar.

Anne Elvedal, som har erfaring som manusforfattar for film og TV, viser ei imponerande evne til å dykke djupt inn i karakteranes indre liv. Sjølv om dette er forfattarens første bok for vaksne, oser den autoritet frå første side.

Elvedal meistrar det komplekse plottet glimrande. Det er mørkt, det er depravert, det er spennande og sjokkerande. Det er «Du kan kalle meg Jan».

Les på eiga ansvar.

Les også Kritikarane sine favoritt­bøker frå 2023

Montasje av kritikarane sine favorittbøker 2023

Artikkelen blir fortløpande oppdatert med nye anbefalingar.

Fleire anbefalingar:

Fleire lesetips 2024

Lesetips 2023

Lesetips 2022

Lesetips 2021

Les også Boktips for barn

Liten jente og liten gutt sitter i blå sofa, hun ser i boken "De står i kø", han ser i boken "Livet er livsfarlig"

Les også Ferske lesetips for ungdom

To tenåringsjenter sitter med bøker i hendene blant bokhyller i en bibliotek

Kulturstrøm

  • Det hvite hus sletter video etter kritikk fra Sabrina Carpenter

    Trump-administrasjonen i USA har fjernet en video som viste immigrasjonsmyndigheter (ICE) som jaget og arresterte folk i gatene.

    ICE-promoen brukte Sabrina Carpenters populære låt «Juno».

    Videoen ble publisert mandag, og innen onsdag var den sett over én million ganger. Da ble det imidlertid tydelig at Carpenter ikke støttet bruken av låten hennes.

    – Denne videoen er ond og motbydelig. Aldri bruk meg eller musikken min til å fremme deres inhumane agenda, skrev hun på X.

    Innlegget hennes har fått 1.7 millioner likerklikk. Det hvite hus fjernet videoen fredag uten en begrunnelse.

    En person med lyst, bølget hår står foran en mørk bakgrunn med teksten "MusiCares Relief". Personen bærer en blå kjole med en dyp utringning og en perlekjede. Omgivelsene gir en formell atmosfære, typisk for en røde løper-arrangement. Bildet fokuserer på personens klær og stil. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
    Foto: Jordan Strauss / AP / NTB
  • Netflix kjøper Warner Bros

    Netflix kjøper Warner Bros Discovery for 82,7 milliardar dollar, melder AFP og Reuters. Det tilsvarar om lag 830 milliardar norske kroner.

    Kjøpet inkluderer også film- og TV-studioa HBO og HBO Max.

    Oppkjøpet vil bli fullført etter at Warner Bros skil ut Discovery Global i eit eige børsnotert selskap, melder Dagens Næringsliv.

    Det blei kjent fredagsmorgon at det gjekk føre seg «eksklusive forhandlingar» mellom selskapa. Også Paramount Skydance og Comcast var interessert i å kjøpe opp Warner Bros.

    Bildet viser Netflix-logoen i 3D-format med tydelig skyggeeffekt. Bakgrunnen er en enkel grå overflate. Logoen er tykk og har en rødlig farge. Ingen personer eller ekstra elementer er til stede. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
    Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB