Bekymra for elva: – Eg vaknar om natta og tenker på det

Grunneigarane ved Lierelva vurderer å gå rettens veg for å redde fisken frå rotenon.

en person med hatt og briller ved en elv

Knut Birkeland fortel at dei ikkje kjem til å gi seg utan kamp.

Foto: Anders Haualand / NRK

Veterinærinstituttet kallar den 40 år lange kampen mot lakseparasitten ei suksesshistorie.

Det blei påvist smitte i 54 norske vassdrag. Nå står det att behandling i berre 6, men det skjer ikkje utan motstand.

– Eg vaknar om natta og tenker på det, så ille er det, seier Knut Birkeland.

Les også – Ein av Noregs største miljøsuksessar

En gruppe mennesker i en flåte på en elv

– Blir trist

Han bur langs Lierelva, eit av dei siste vassdraga i Noreg med lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

For å få fjerna den uønskte parasitten skal elva etter planen behandlast med rotenon, noko som vil drepe all fisken i elva.

– Du blir trist av at ein skal øydelegge livet i elva på den måten, seier Birkeland.

Rotenon tar livet av fisken ved å hindre han i å ta til seg oksygen frå vatnet, og når fisken døyr, klarer heller ikkje gyroparasitten å overleve.

– Kjensla er at det vi sit igjen med, er ein ørken under det vatnet som glir forbi her, og nokre enkelte beverar.

Parasitter på fisk

Gyrodactylus salaris er fienden. Bildet er tatt med elektronmikroskop, forstørra 700 gonger og fargelagde.

Foto: Jannicke Wiik-Nielsen / Veterinærinstituttet

Er for skitten

Giftstoffet har blitt brukt for å fjerne gyrosmitte i fleire norske elvar.

– Eg kan ikkje for mitt berre liv skjønne at det skal vere mogleg i 2025 å ta livet av alt i ei elv, når det finst alternativ, seier Birkeland.

For å skåne fisken kan ein heller bruke klor som verkemiddel, for klor drep parasitten utan å ta livet av fisken.

Drammenselva skal etter planen behandlast med klor, men Karsten Butenschøn, seksjonssjef hos Statsforvaltaren, seier klor ikkje eignar seg i Lierelva.

– Klor passar ikkje i område som er stilleflytande, og stader der det er mykje organisk stoff i vatnet. Og i delar av Lierelva er det nok såpass skittent at kloret ikkje ville reagert med parasitten, men heller reagere med skitten.

en elv med en bro over

Statsforvaltaren meiner det ikkje vil fungere med klor i Lierelva.

Foto: Anders Haualand / NRK

Vil ta det på dugnad

Lierelva har også fleire sideelvar som må behandlast samtidig. Men klor ville det betydd over 100 personar på skift, døgnet rundt i fleire dagar.

– Det ville blitt ei heilt uhandterleg oppgåve, så det er ikkje gjennomførbart.

Lierelva blei i fjor kåra til den mest forsøpla elva i Noreg, men i år blei fem tonn plast rydda av fleire hundre frivillige.

Les også Fann restar av eit samlivsbrot i elva

To personer løfter en gammel båt de har funnet i elva. Foran dem ligger en haug av søppel de har ryddet.

Birkeland seier han og resten av Lierelva grunneigarlag er villige til å stille opp på dugnad for å gjere det som må til for å sleppe rotenonbehandling.

– Vi er så mange som er interesserte i å stille opp på dugnad for å klore, at vi skal klare det for kvar meter.

– Kor langt er de villige til å gå i denne saka?

– Vi er førebudde på å gå så langt vi må, og det får vere rettsapparatet om det ikkje lèt seg stoppe på nokon annan måte.

Utsikt over Vossadalen i Kvam Herad, Hordaland. Her renner deler av Øystesevassdraget gjennom.

Raudlista er oppdatert: – Frå vondt til verre