Anmeldelse

Intenst og stille­ståande

Det er rått og upolert når Kjersti Horn lagar video­teater av «Les Misérables». Diverre treffer ho ikkje med verke­midla.

Bildet viser en stor skjerm i en mørk scene, med svake lysstråler synlige. Det er en refleksjon av lys, som gir en dramatisk effekt. Omgivelsene inkluderer det svarte interiøret til en scenebakgrunn. Det ser ut til å være en oppladning til en forestilling eller presentasjon.
Foto: Ole Herman Andersen
Terningkast 3 Teater

«Les Misérables»

Det Norske Teatret

13. november 2025–20. februar 2026

Victor Hugos «De elendige» frå 1862 er ein mur­stein av ein roman. Han skildrar dei utstøytte i samfunnet, og handlinga følger den tidlegare galei­slaven Jean Valjean.

Han er nett sett fri frå 19 år med straff­arbeid etter å ha stole brød til dei svoltne onkel­ungane sine.

Mest kjent er likevel historia i musikal­versjon. I år er det 40 år sidan premieren i London.

Og då Det Norske Teatret sette opp «Les Misérables» i 1988, vart det ein av deira største suksessar: Nær 200 spelte framsyningar, så godt som alle var utselde.

No gjer teater­sjefen ein ny vri på historia, men i kjent stil.

Sjå reportasje frå «Les Miserables»-oppsetjinga i 1988:

nyhetsoppleser i stripete genser

Skjebne­tung elende

Kjersti Horn sin «Les Misérables» er ikkje ein musikal. Det er boka tatt til scenen. Ikkje alle dei tusen sidene, men eit kuratert ut­drag.

Den tidvis polerte musikalen kunne ikkje vore fjernare. Det er bakgrunns­historiene, under­trykkinga og elendet Horn vil ha fram i teater­versjonen.

Gjennom tette portrett vert publikum kjende med kriminal­betjenten Javert, Jean Valjean sjølv, prostituerte Fantine og dottera hennar Cosette.

En kvinne sitter stille i et rom med mørke vegger. Hun har kort, bølget hår og iført en lys bluse. Det er en flaske i nærheten på gulvet. Belysningen er dempet, noe som gir en rolig atmosfære.

STERKE HISTORIER: Sigrid Kandal Husjord spelar rolla som Cosette.

Foto: Ole Herman Andersen

Gjennom roman­karakterane vil ho visa fram korleis utan­for­skap er, og korleis han vert opprett­heldt av strukturane samfunnet sjølv har laga.

Det får ho til. Fram­syninga er mørk, skjebnane tunge, elendet stort. Nei, mykje håp er det ikkje, sjølv om alle strevar etter å gjera det gode.

Statisk og repeterande

Kjersti Horn og sceno­graf Sven Haraldsson har samarbeidd på mange produksjonar tidlegare, og i dei har video som verke­middel vore sentralt.

Suksessar som «Raskolnikov», «Kristin Lavransdotter» og «Einkvan» har vist at video kan vera interessant i teateret.

Felles for desse framsyningane er at Horn og Haraldsson har utforska video­formatet, funne noko nytt kvar gong og overraska publikum med bruken.

«Raskolnikov» på Det Norske Teatret: «Ubehagelig aktuell»

En blanding av film og teater på Det norske teatret i Raskolnikov

Slik er det ikkje no. «Les Misérables» har stagnert i forma si.

I det nesten fire timar lange teater­stykket er det lite endring i sceno­grafien eller i måten video­mediet vert brukt på. Det gjev ei kjensle av noko statisk.

Den fjerde veggen i teateret er dekt av ein tjukk, gjennom­skinleg plast­duk, og framfor den er ein stor skjerm. På scena sit skode­spelarane på plast­stolar.

Kamera­operatør Borgar Skjelstad følger skode­spelaren som er i fokus tett. Effekten av den litt for nære og intime kamera­føringa er skarpt fokus, tydelege val i utsnitta og forstørra andlet på skjermen.

Ulempa er at framsyninga nyttar nett dette grepet så å seia heile tida.

Flere personer står tett sammen i en samtale, med kameraer i forgrunnen. Det er en mørk bakgrunn med lyslinjer over dem. Noen av personene har ulike hårfrisyrer og klær. Stemningen synes å være hektisk eller intens.

KAMERA GÅR: Kameraopptak på scena er eit gjentakande verkemiddel under oppsetjinga, som gjer at publikum òg kan følgja skodespelarane via skjerm.

Foto: Ole Herman Andersen

Sjø­sterk

Det vert intenst. For alle karakterane har tunge skjebnar, alle har ei vond historie, alle skal fortelja det tett inn i kamera og blåsa historia si opp på skjermen.

Som publikummar kjem ein tett på alle desse skjebnane, tett på snørr og tårer, dramatikk og store kjensler, tett på skode­spelar­teknikk og mimikk. Men publikum mistar resten av kroppen, dei ser ikkje resten av uttrykket.

Og då vert det intenst, mykje for­tviling, mange rop frå scenen.

Og stille­ståande.

En gruppe mennesker samles rundt en person som ser ut til å trenge hjelp. To personer holder vedkommende, mens andre står i bakgrunnen. Omgivelsene er svakt opplyst, noe som skaper en intens stemning. Forholdene indikerer en situasjon med høy følelsesmessig belastning.

TUNGE KJENSLER: Ein kjem tett på all elende i «Les Misérables». Her ligg Thénardier (Frank Kjosås) i armane til Jean Valjean (Emil Johnsen).

Foto: Ole Herman Andersen

Det tette utsnittet gjer òg at brå rørsler, det vera seg hjå kamera­operatør eller skode­spelar, gjev store utslag på skjermen.

Det er med andre ord lurt å vera sjø­sterk som publikummar.

I Horn sin versjon av historia om dei elendige, kjem elendet og utan­for­skapen godt fram. Form­messig treffer ho ikkje denne gongen. Fram­syninga krev at publikum har evna til å halda ut.

Og så bør nokre av skode­spelarane gå i seg sjølv. På premieren var det mykje nynorsk­slurv.

Victor Hugo sin roman toler mykje, men slik slurv fortener han ikkje.

Sjå Karen Frøsland Nystøyl snakka om forestillinga i «Nyhetsmorgen»:

Blid dame med rødbrunt hår og briller.

Hei!

Eg melder scenekunst og litteratur for NRK. Les også meldingane mine av «Ikkje ein lyd» ved Det Norske Teatret, «Prima Facie» ved Riksteatret eller «Jævla hetero» av Kim Torrejas.