Retningslinja Antibiotika i primærhelsetjenesten, som er ein av Helsedirektoratets mest brukte, gir tilrådingar om kva infeksjonar som bør behandlast med antibiotika, og kva type antibiotikakur ein i så fall bør velje.
â Ny kunnskap viser at vi i fleire tilfelle kan redusere lengda pÃ¥ behandlingstida, samtidig som vi held oppe effekten i kampen mot infeksjonar. Det gjer ogsÃ¥ at risikoen for utvikling av antibiotikaresistens blir redusert, seier avdelingsdirektør for samfunnshelse i Helsedirektoratet, Knut Berglund.
Dei viktigaste endringane i retningslinja er:
- Ved pneumoni, KOLS-forverring og cystitt hos gravide er standard behandlingslengd redusert frå sju til fem døgn.
- Tilrådinga om akutt mellomørebetennelse er supplert med eit avsnitt om infeksjon i øyre med ventilasjonsrøyr.
- Ved oppstart av sepsisbehandling utanfor sjukehus er førsteval endra til benzylpenicillin og gentamicin. Gentamicin har no vorte einklare å administrere utanfor sjukehus ettersom ferdigfylte infusjonsposar med gentamicin har vorte tilgjengeleg. For barn er standardbehandling framleis cefotaksim.
Også fleire andre tilrådingar er endra eller supplert for å ta høgd for dagens resistensbilete. I tillegg er det gjort mindre justeringar og presiseringar i ei rekkje tilrådingar.
â Alle kapitla i retningslinja blir gjennomgÃ¥tte fagleg kvart Ã¥r, sjølv om ikkje alle blir justerte Ã¥rleg. Endringane er baserte pÃ¥ nye studiar, kunnskapsoppsummeringar og resistensforhold, seier Berglund.
Retningslinja blir laga i nært samarbeid med Antibiotikasenteret for primærmedisin og eit tilknytta nettverk av klinikarar.
Verdshelseorganisasjonen har erklært antibiotikaresistens som ei av dei største helseutfordringane vi står over for. Sjølv om vi i Noreg har eit relativt lågt forbruk av antibiotika samanlikna med mange andre land, har vi som mål å redusere bruken innanfor fleire område.
â Generelt ønskjer vi at færre bruker antibiotikakurar til Ã¥ behandle infeksjonar som kan gÃ¥ over av seg sjølv, seier Berglund.