Stønad til behandling hos kiropraktor vil halde fram

Kiropraktor som tek på ryggen til ein pasient

Stønad held fram. Foto: Mostphostos.

Først publisert: 25.06.2025 Siste faglige endring: 25.06.2025

Refusjonsordninga for behandling hos kiropraktor skal likevel ikkje bli avvikla. Det har Stortinget avgjort

Artikkelen er 163 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Regjeringa foreslo i statsbudsjettet for 2025 Ã¥ avvikle finansiering gjennom folketrygda til kiropraktorane for Ã¥ frigjere middel til andre satsingar innan helse. 

DÃ¥ Stortinget behandla regjeringa sitt forslag til lovendring, var det fleirtal mot Ã¥ oppheve refusjonsordninga i folketrygdloven. Stortinget bad regjeringa komme attende med eit forslag om ein minimumstakst som gir grunnlag for Ã¥ sikre datagrunnlaget i kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). 

I det reviderte nasjonalbudsjettet for 2025 foreslo difor regjeringa Ã¥ vidareføre finansieringa gjennom folketrygda for kiropraktorbehandling med eit refusjonsbeløp pÃ¥ 4 kroner per takst. Dette forslaget er no vedteke av Stortinget.  

Helse- og omsorgsdepartementet har fastsett ei endringsforskrift som tek til Ã¥ gjelde 1. juli 2025: forskrift om endring i forskrift om stønad til dekning av utgifter til behandling hos kiropraktor (lovdata.no). Endringane fÃ¥r verknad frÃ¥ og med 1. januar 2025. 

Kiropraktorar finn praktisk informasjon om refusjonskrav på helfo.no.

Pasientreiser

Vidareføring av refusjonsordninga for behandling hos kiropraktor inneber:

  • at kiropraktorar har rett til Ã¥ rekvirere pasientreiser
  • at pasientar framleis har høve til Ã¥ fÃ¥ dekt reiseutgifter til og frÃ¥ behandling hos kiropraktor 

Les meir på pasientreiser.no om reisestøtte til kiropraktorbehandling.

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold