Oppfølgingsteam som arbeidsform har vorte evaluert

Helsepersonell i samtale med pasient

I dag kan det ta flere år før pasienter med komplekse smerter får hjelp ved en smerteklinikk

Først publisert: 27.06.2024 Siste faglige endring: 27.06.2024

Personar med behov for tenester frå fleire ulike aktørar treng at tenestene samarbeider godt. Strukturert tverrfagleg oppfølgingsteam er ei arbeidsform som tek utgangspunkt i behovet til brukaren. Målet er koordinert innsats og betre tenester

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Pilotkommunane

Seks kommunar har delteke i ein pilot: Bø i VesterÃ¥len, Senja Steinkjer, Kinn, Suldal og Asker. 
Piloten har handla om å omsetje innhaldet i den nasjonale rettleiaren «Oppfølging av personar med store og samansette behov» til praksis i kommunane.

 Sintef har pÃ¥ oppdrag frÃ¥ Helsedirektoratet evaluert piloten gjennom fem Ã¥r, og sluttrapporten "Struktur og fleksibilitet i oppfølging og koordinering" er no publisert. Evalueringa har hatt som mÃ¥l Ã¥ vurdere mÃ¥loppnÃ¥inga av tiltaka i piloten og etablere eit erfaringsgrunnlag for andre kommunar, Piloten har gitt verdifulle innsikt i korleis kommunar kan løyse utfordringar med koordinering og samarbeid pÃ¥ tvers gjennom Ã¥ systematisk innarbeide tverrfaglege team som generisk arbeidsform og samtidig sikre etterleving av lovkrav.

Suksessfaktorar

I evalueringsrapporten peikar Sintef på følgjande suksessfaktorar

  • Sterk forankring av utviklingsarbeidet i ein kompetent, tverrfagleg koordinerande eining, som har eit tydeleg mandat
  • Involvering og tiltak frÃ¥ toppleiinga 
  • Involvering av alle relevante tenesteomrÃ¥de (ikkje berre helse) 
  • Leiarnettverk og workshops pÃ¥ tvers av tenesteomrÃ¥de 
  • System for opplæring (leiarar, koordinatorar, andre tilsette) og system for koordinatorstøtte  
  • Strukturert tverrfagleg oppfølgingsteam 
     

Abonner på nytt eller oppdatert innhold