Nye opioid tek fleire liv

Illustrasjonsbilde av piller med ulik farge på tablettene.

Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Først publisert: 05.06.2025 Siste faglige endring: 05.06.2025

Noreg er eitt av fleire europeiske land med mange dødsfall knytte til nitazener. Nitazener er ei gruppe potente syntetiske opioid som førekjem i fleire europeiske land – inkludert Noreg, og blir knytt til auka dødelegheit.

Artikkelen er 183 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

I ein ny rapport frÃ¥ European Union Drugs Agency (EUDA) blir nitazener beskriven blant dei mest urovekkjande nye stoffa pÃ¥ den europeiske marknaden. Rapporten er ei omfattande europeisk oversikt pÃ¥ rusmiddelfeltet, som tek for seg trendar over tid, og nye utviklingstrekk pÃ¥ feltet. Det gjeld bÃ¥de utbreiing av bruk av ulike illegale rusmiddel, skadar, behandling, og kriminalitet knytt til bruk og distribusjon. 

Høgpotent og svært dødeleg 

– Flere nitazener er ifølgje rapporten mykje meir potente enn fentanyl, og sjølv smÃ¥ mengder kan føre til akutt pustestans og død. At Noreg ligg høyt pÃ¥ disse statistikkane, er urovekkjande, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet. 

I Noreg er det registrert 37 nitazenrelaterte dødsfall totalt, der 34 av desse skjedde i løpet av vel eit Ã¥r (juni 2023-juli 2024). 

European Drug Report Nitazener er ein type nye syntetiske opioid som er høgpotente, noko som betyr at berre ei lita mengd er nok til Ã¥ produsere mange dosar. Nitazener kan vere dødeleg i smÃ¥ mengder. Nitazener har først dei siste Ã¥ra komme pÃ¥ den europeiske rusmiddelmarknaden, og dei einaste nye opioida som er varsla til Early Warning System (EWS) i 2023, var nitazener.   

Helsestyresmaktene i Noreg oppmodar no til auka bruk av nalokson, ei motgift som kan redde liv ved opioid-overdosar. Ved nitazen-overdoser kan det vere behov for høgare dosar enn ved heroin eller morfin. 

Reduksjon i hepatitt C 

European Drug Report viser at Noreg ligg langt framme pÃ¥ kampen mot hepatitt C blant personar som bruker rusmiddel. Noreg blir nemnt spesifikt i rapporten nÃ¥r det gjeld eliminasjon av hepatitt C-viruset blant personar som injiserer rusmiddel. Dette er ei god nyheit som er verd Ã¥ ta med seg, og Noreg blir nemnt som det einaste landet som har nÃ¥dd WHO sitt mÃ¥l om 80 % reduksjon i smitte av Hepatitt C. 

– I Oslo har vi sett den største reduksjonen i Europa, med ein reduksjon frÃ¥ 46 % i 2015 til 6,7 % i 2023. Andre land som blir nemnt etter Noreg, er Sverige og Spania, pÃ¥peikar Granlund.   
– Nedgangen i førekomst kan i stor grad tilskrivast auka behandling, etter at effektive og skÃ¥nsame legemiddel har vore gratis tilgjengelege for alle med hepatitt C sidan 2018.  

Framleis høg kokainbruk i Noreg 

I Europan Drug Report er Noreg nemnt pÃ¥ grunn av mengda beslaglagt kokain i 2023. Sidan rapporten i hovudsak omhandlar data frÃ¥ 2023 er det dei høge beslaga frÃ¥ 2023 i Noreg som blir nemnt (2,3 tonn), saman med langt høgare beslagstal frÃ¥ land som Nederland, Belgia, Spania, Tyskland, Portugal, Frankrike og Irland.   

 â€“ Noreg er framleis eitt av dei landa Europa der flest unge vaksne og vaksne oppgir bruk av kokain, sjølv om vi ligg lÃ¥gare enn i fjor pÃ¥ den europeiske samanlikninga. For unge vaksne ligg Noreg pÃ¥ ein 6.plass (bak Nederland, Irland, Estland, Frankrike og Danmark), medan vi for vaksne 15-64 Ã¥r ligg pÃ¥ ein 5.plass (bak Nederland, Frankrike, Spania og Irland), seier Linda Granlund. 

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold