Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.
â Norsk fødselsomsorg er allereie i verdstoppen. Likevel justerer vi no nokre anbefalingar for Ã¥ bidra til at vi held fram med Ã¥ ha god kvalitet pÃ¥ det vi gjer og bidra til gode fødselsopplevingar for bÃ¥de dei gravide, familien og helsepersonellet som følgjer dei opp, seier Torunn Janbu.
Dei nye nasjonale faglege retningslinjene for fødselsomsorga er ein revisjon av dei tre normerande produkta:
- Rettleiaren âEit trygt fødetilbodâ
- Retningslinje for heimefødsel
- Nasjonal fagleg anbefaling om svangerskap passert termin
Nytt i retningslinja
Mykje av innhaldet er vidareført frå dei tidlegare normerande produkta. Men blant det som no er anbefalt i retningslinja, er at offentlege sjukehus kan tilby heimefødsel til fødande.
â Det er opp til det enkelte helseføretaket Ã¥ vurdere om forholda ligg til rette og om dei har kapasitet til Ã¥ tilby jordmorhjelp ved heimefødslar. Det er ingen rett for kvinna, seier Janbu.
For gravide som passerer termin, tilrÃ¥r dei nye retningslinjene at tidspunktet for første kontroll blir framskunda noko i forhold til tidlegare anbefaling, som var 7â10 dagar etter termin.
â Anbefalinga baserer seg pÃ¥ den nyaste kunnskapen, som gÃ¥r i retning av at det er rett Ã¥ flytte første kontroll etter termin fram nokre dagar. Den nye anbefalinga er derfor at den blir teke i tidsrommet 4-7 dagar etter termin. Fleire helseføretak har allereie denne praksisen i dag, forklarer Janbu.
I tillegg kjem det nye anbefalingar om pasientinformasjon og pasientmedverknad når fødselshjelpa hastar.
Fører vidare anbefaling for følgjeteneste
Seleksjonskriterium, overflyttingskriterium og kvalitetskrav til bemanning og kompetanse for fødeinstitusjonsnivåa er i hovudsak ført vidare frå tidlegare rettleiar og retningslinje, og oppdatert med ny kunnskap.
I prosessen har det vore utarbeidd ein rapport om konsekvensar ved eventuell endring av følgjetenesta frå 90 til 60 min frå heimen til fødeinstitusjonen. Helsedirektoratets anbefaling er å føre vidare ei grense på 90 min inntil det er utført ei evaluering av dagens ordning.
â Før det eventuelt blir endringar innførte i anbefalt reisetid for følgjeteneste, har Helsedirektoratet anbefalt at det blir gjennomført ei evaluering av dagens følgjeteneste. Det har helseregionane fÃ¥tt i oppdrag i Ã¥r, og det blir spennande Ã¥ sjÃ¥ resultatet, seier Janbu.
Bemanningsnorma vart trekt
Helsedirektoratet fekk opphavleg i oppdrag å utarbeide normtal for bemanning i fødeinstitusjonar. Dette oppdraget vart seinare trekt av Helse- og omsorgsdepartementet. Den nye retningslinja inneheld i staden for ei anbefaling om rutinar for bemanning for jordmødrer i fødeinstitusjonar.
Revideringa av retningslinjene vart bestilt av Helse- og omsorgsdepartementet hausten 2020, men arbeidet vart forseinka på grunn av korona-pandemien.
â Det har vore ein grundig prosess med bidrag frÃ¥ helseregionane, fagmiljø, fagorganisasjonar, brukar- og interesseorganisasjonar, Helsetilsynet og FHI. Utkast til retningslinje har vore pÃ¥ intern og ekstern høyring og innspel er vurdert og innarbeidd. Vi meiner han vil bidra til god kvalitet i fødselsomsorga i Ã¥ra framover, seier Janbu.