Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.
Sidan august 2022 har Noreg tilbydd faste, vekevise flygingar til europeiske land for Ã¥ evakuere ukrainske pasientar. Tysdag blei Noreg og Tyskland tildelt ei æresutmerking under Ã¥rets âCivil Protection Forumâ. Dette er ein møteplass for spørsmÃ¥l om beredskap for sivile offentlege og private aktørar. DSB fÃ¥r prisen saman med Forsvarets sanitet og Helsedirektoratet.
Stolte
â PÃ¥ vegner av Noreg og dei som jobbar med Medevac er vi veldig glade og stolte over Ã¥ fÃ¥ denne prisen frÃ¥ EU-kommisjonen. Gjennom eit oppdrag frÃ¥ EU, har det norske Medevac-teamet, som bestÃ¥r av personell frÃ¥ SAS, medisinsk personell frÃ¥ det norske forsvaret og norske styresmakter, bidratt til Ã¥ evakuere meir enn 1750 personar frÃ¥ Ukraina. Det er vi veldig stolte av, seier fungerande beredskapsdirektør Per Magne Tveitane i Helsedirektoratet.

Berebjelke
Medisinsk evakuering av pasientar avlastar helsetenesta i Ukraina og bidrar til at ledig kapasitet på sjukehus i Europa blir nytta. Det har blitt skildra av EU-kommisjonen som ein berebjelke i den sivile støtta frå Europa til Ukraina. Noreg har til no gjort 115 flygingar, og transportert nærare 2 500 pasientar og pårørande frå Ukraina til europeiske land. Noreg har så langt tatt imot 393 pasientar og 234 pårørande.