Frisklivssentralane aukar livskvaliteten til deltakarane 

Mann gjør armhevinger på gulvet hjemme.

Illustrasjonsfoto (Mostphotos / Oleksandr Latkun)

Først publisert: 24.09.2025 Siste faglige endring: 24.09.2025

Tilboda i frisklivssentralane når dei rette gruppene og gir pasientane betre fysisk og psykisk helse, viser ein ny rapport frå Helsedirektoratet. 

Rapporten Arbeidet i og effekt av tilbodet i kommunale frisklivssentralar, som er laga pÃ¥ oppdrag frÃ¥ Helse- og omsorgsdepartementet, konkluderer med at frisklivssentralane er eit kostnadseffektivt verkemiddel mot ikkje-smittsame sjukdomar. 

Mange nordmenn har kroniske sjukdomar som diabetes, kols, hjarte- og karsjukdomar, muskel- og skjelettplager og psykiske lidingar. I tillegg aukar delen som har overvekt og fedme – faktorar som gir høgare risiko for dÃ¥rleg helse og livskvalitet. 

– Mange av desse helseutfordringane kan førebyggjast og handterast dersom den enkelte fÃ¥r god rettleiing og støtte. Rapporten viser at dei kommunale frisklivssentralane nÃ¥r høgrisikogrupper og personar med samansette helseutfordringar, og er eit effektivt tilbod som vi meiner bør styrkjast, helsedirektør Cathrine M. Lofthus  

God oppfølging og betre kondisjon 

Rapporten er ein del av eit oppdrag om Ã¥ greie ut nye oppfølgingsmodellar for «grøn resept» – altsÃ¥ at fastlegar gir rettleiing om kosthald, fysisk aktivitet og/eller røykeslutt som eit alternativ til eller tillegg til medikamentell behandling for visse pasientgrupper. Fastlegen kan følgje opp pasienten sjølv eller i samarbeid med frisklivssentralen. 

– Rapporten viser at deltakarane i tilboda ved frisklivssentralane oppnÃ¥r gode resultat, seier Lofthus  

– Dei rapporterer om betre livskvalitet og positive endringar i fysisk og psykisk helse etter deltaking, og at dei fÃ¥r god støtte til Ã¥ endre levevanar. Det viser seg i form av betre kondisjon, redusert KMI og midjemÃ¥l – faktorar som til dømes reduserer risikoen for Ã¥ utvikle diabetes, seier Lofthus. 

ForeslÃ¥r Ã¥ styrke frisklivssentralane 

Frisklivssentralane har potensial til Ã¥ styrkje den helsefremjande og førebyggjande innsatsen i kommunehelsetenesta. Helsedirektoratet foreslÃ¥r mellom anna følgjande tiltak som bør vurderast: 

  • Styrke helsetenester som gir støtte til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar for vaksne og eldre.
  • Styrke samarbeid mellom frisklivssentralar, fastlegar, NAV, spesialisthelsetenesta og andre aktørar.
  • Utvikle modellar for interkommunalt samarbeid og digitale behandlingstilbod. 
  • Informere betre om tenesta.

– Det er avgjerande at helse- og omsorgstenesta vert dreidd mot meir førebygging. Gjennom frisklivssentralane kan vi hjelpe deltakarane til Ã¥ gjere endringar i levevanar som gir betre helse for den enkelte. PÃ¥ samfunnsnivÃ¥ vil ei friskare befolkning gi store innsparingar i helsebudsjetta, seier Lofthus. 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold