Det viser tal frå Helsedirektoratet: Konsultasjoner hos egen fastlege - Helsedirektoratet
Fast allmennlege er viktig for innbyggjarane
Eitt av hovudelementa i fastlegeordninga er at innbyggjarane skal ha ein fast lege å gå til.
â Kontinuitet i pasient-lege-forholdet gir betre samarbeid, førebygging, oppfølging og behandling. Det kan ogsÃ¥ føre til færre legevaktbesøk og sjukehusinnleggingar, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet.
For å kunne følge betre med på kontinuiteten i pasient-lege-forholdet, lanserer Helsedirektoratet ein ny, nasjonal kvalitetsindikator.
Indikatoren viser kor stor del av alle fastlegekonsultasjonar som var hos pasienten sin eigen fastlege. Tala viser at andelen har auka frå 72 prosent i 2017 til 73 prosent i 2023.
Indikatoren måler berre den offentlege fastlegeordninga. Konsultasjonar hos legevakt, sjukeheim, helsestasjon og heilprivate allmennlegar er ikkje med.
Geografiske forskjellar i tilgang på eigen fastlege
Sjølv om tala er stabile over tid på nasjonalt nivå, er det store geografiske variasjonar.
Innbyggjarane i dei nordlegaste fylka møter sjeldnare eigen fastlege. I Finnmark vart berre 44 prosent av konsultasjonane gjennomførte hos eigen fastlege i 2023, og andelen har vore låg i heile måleperioden.
Ãstfold har høgast del med 80 prosent.
Desse forskjellane har vore vedvarande gjennom heile måleperioden.
â Det har vel alltid vore meir utfordrande Ã¥ rekruttere og behalde allmennlegar i nordlege delar av landet, og bruken av vikarar har difor vore høgare der. Likevel ser vi at tiltaka i Handlingsplanen for allmennlegetjenesten 2020-2024 (regjeringen.no) er i ferd med Ã¥ hauste resultat, særleg med tanke pÃ¥ rekruttering, seier ho.
â No hÃ¥par vi pÃ¥ erfaringsdeling mellom kommunane pÃ¥ tvers av landet som kan gÃ¥ begge vegar, for dei i nord er til dømes sterke pÃ¥ akuttmedisinsk samhandling, sier Brandstorp, som sjølv drog frÃ¥ Ãstfold til Finnmark for Ã¥ jobbe som fastlege for mange Ã¥r sidan.
SmÃ¥ kommunar â meir variasjon
I perifere distriktskommunar kan variasjonen vere stor. I kommunar med få fastlegelister, vil til dømes ei ledig stilling ha relativ stor innverknad på statistikken over kor stor del av konsultasjonar som er med eigen fastlege.
Eksempelvis vil det at ein lege er i svangerskapspermisjon, kunne gi store utslag i tala for små kommunar.
Fastlegar i mindre kommunar har også oftare andre kommunale oppgåver på sjukeheim og helsestasjon, og har sjeldnare fritak frå legevakt enn det legar i større kommunar har.
Kollegial fråværsdekning og felleslister er ordningar som sikrar at pasientane har tilgang til fastlegetenester,også dei dagane eigen fastlege ikkje er på kontoret.
Desse ordningane og rotasjonsturnus (også kalla Nordsjøturnus), vil bidra til å trekke ned andelen konsultasjonar med eigen lege, sjølv om ordningane er gode i seg sjølve.
â Resultata i denne statistikken seier ikkje noko om kvaliteten pÃ¥ arbeidet til fastlegane i dei enkelte kommunane, men kan seie noko om kontinuitet og tilgjengelegheit i fastlegetenesta, understrekar Brandstorp.
Langvarige vikariat
Sidan kontinuitet i pasient-lege-forholdet også kan bli ivareteke gjennom til dømes langvarige vikariat, har indikatoren to tilleggsmål.
Dei viser andel konsultasjonar siste Ã¥r og siste to Ã¥r hos det som er kalla âmest brukte legeâ. Mest brukte lege er den legen i fastlegeordninga som pasienten har møtt flest gonger i løpet av mÃ¥leperioden.