Dette kjem fram i årsrapporten for allmennlegetenesta for 2024 som er publisert her.
â Dette er særs gode nyhende for bÃ¥de innbyggjarane og helsetenesta. Med éin fastlege per 1000 innbyggjarar er det no lettare Ã¥ fÃ¥ eigen fastlege og Ã¥ byte nÃ¥r ein treng det, sjølv om det framleis er geografiske skilnader, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet.
Fleire spesialistar og auka rekruttering
Talet på legar i spesialisering i allmennmedisin har auka kraftig. I 2024 blei det godkjent 527 nye spesialistar, og LIS1-stillingane har auka med over 25 prosent sidan 2019. Dette gir eit solid rekrutteringsgrunnlag for framtida.
I Ã¥rsrapporten kjem det ogsÃ¥ fram at fastlegane rapporterer om lÃ¥gare belasting i arbeidet og kortare arbeidstid enn før. Gjennomsnittleg listelengd sokk til 978 innbyggjarar per lege i 2024 â ein reduksjon pÃ¥ 27 personar pÃ¥ kvar liste. Samstundes er det viktig Ã¥ finne andre mÃ¥tar Ã¥ redusere belastninga pÃ¥ enn Ã¥ korte ned listene.
Yngre legar og kvinner vel fastlegeyrket
Fastlegeyrket har blitt meir attraktivt for yngre legar dei siste åra. Delen av legar som ønsker å bli fastlege i første del av karrieren (LIS1) og som studentar, har auka frå 29 prosent i 2022 til 43 prosent i 2025. Ved årsskiftet frå 2023 til 2024 var halvdelen av alle fastlegar kvinner.
â Det er viktig at organiseringa, digitalisering og ordningane for finansiering medverker til ei fastlegeordning som høver for dei behova vi har i dag. Det bør vere god arbeidsdeling, sterke fagmiljø og tenester som er til beste for dei ulike pasientane. Fastlegekontora har ei unik rolle ved Ã¥ følgje pasientane gjennom heile livsløpet, seier Helen Brandstorp.
Digitale løysingar er i aukande grad ein integrert del av fastlegeordninga. Betre digital samhandling mellom pasient og lege, og mellom ulike delar av helse- og omsorgstenestene skal bidra til høgare kvalitet, betre tilgjengelegheit og meir effektiv ressursbruk.
Ãkonomisk løft og berekraft
Utgiftene til fastlegeordninga auka med 8,1 prosent i 2024, og basisfinansieringa åleine auka med 12,5 prosent. Samstundes peikar Helsedirektoratet på at vi må vurdere vidare utvikling i lys av behovet for ei berekraftig helseteneste. Kostnadene aukar, og det er viktig å syte for at ressursane blir nytta der behovet er størst.
Ekstern evaluering av arbeidet med allmennlegetjenesten
Samtidig med Helsedirektoratets årsrapport ble evalueringsrapport nr. 4 knyttet til Handlingsplan for allmennlegetjenester 2020-2024 publisert. Dette arbeidet er gjennomført av Oslo Economics og Universitetet i Oslo.
- Evaluering av tiltak i allmennlegetjenesten - sluttrapport (osloeconomics.no)
- Vedlegg til sluttrapport (osloeconomics.no)
Regjeringa med nye grep
I stortingsmelding 23 (2024â2025) lanserer regjeringa 13 hovudgrep for Ã¥ styrke allmennlegetenesta. Blant tiltaka er ny finansieringsmodell, tverrfaglege legekontor og auka bruk av digitale løysingar. MÃ¥let er ei fornya, forsterka og forbetra allmennlegeteneste som er tilpassa ei aldrande og meir mangfaldig befolkning.