Tala kjem fram i rapporten âTal om tobakkâ som Helsedirektoratet no har lansert.
â Vi er sjølvsagt bekymra over utviklinga vi no ser. Vi veit at førebygging verkar, men det mÃ¥ heilt klart gjerast ein sterkare innsats pÃ¥ fleire omrÃ¥de for Ã¥ hindre at unge byrjar med tobakks- og nikotinprodukt, seier divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet.
Ta på alvor
I 2024 røykte 17 % av unge mellom 16 og 24 Ã¥r av og til â ein auke frÃ¥ tidlegare Ã¥r. Auken er særleg markant blant unge menn, der heile 24 % oppgjer at dei røyker av og til. Samtidig har bruken av e-sigarettar (vape) auka blant unge jenter. 13 % av jenter i same aldersgruppe brukte vape av og til i 2024, mot 8 % blant gutane.
â Vi mÃ¥ vite meir om kva som ligg bak trendane vi ser for Ã¥ kunne setje inn gode og treffsikre tiltak. At éin av fire unge menn i alderen 16 til 24 Ã¥r seier at dei røyker av og til, er eit signal vi som helsestyresmakt mÃ¥ ta pÃ¥ alvor, seier Linda Granlund.
Snus og dobbeltbruk aukar
Bruken av snus er ogsÃ¥ høg, spesielt blant menn i alderen 25â34 Ã¥r, der over 30 % bruker snus dagleg. Kombinasjonen av snus og røyk â sÃ¥kalla dobbeltbruk â er mest utbreidd blant unge menn.
Helsedirektoratet peikar pÃ¥ at det allereie er sett i verk fleire tiltak, mellom anna nye avgrensingar i tobakksskadelova, og eit kommande forbod mot grensehandel av tobakksvarer og e-sigarettar pÃ¥ nett. I tillegg køyrer vi kampanjane "Generasjon fri" (2024) og den pÃ¥gÃ¥ande "Rein dose fakta" med mÃ¥l om Ã¥ auke kunnskap om helseskadar og avhengnad. I etterkant av âGenerasjon friâ sa fleire unge at dei ser pÃ¥ nikotinavhengigheit som negativt, og mange seier dei er meir motiverte for Ã¥ slutte.
â Det er fleire tiltak i verktøykassa som ikkje er tatt i bruk enno, mellom anna det Ã¥ avgrense tilgjengelegheit av tobakksvarer ytterlegare. Det kan ha effekt pÃ¥ av og til-røykinga, understrekar Granlund.
Digital hjelp og nye strategiar
Appen âSluttaâ er no oppdatert med støtte for vape-brukarar, og Helsedirektoratet tilrÃ¥r eit nasjonalt tilbod for røykeslutt i trÃ¥d med tobakksstrategien til regjeringa og den nye kreftstrategien (2025â2035).
Samanlikna med dei nordiske nabolanda våre har Noreg framleis lågare del daglegrøykarar, men trenden med auka bruk av vape og snus blant unge er felles for heile regionen. Helsedirektoratet følger utviklinga tett og understrekar behovet for nordisk samarbeid om førebygging.